100 års feiringa
                                  15. JANUAR 1998
Av Svein Grødeland

Ei markering til ettertanke

Bondevennen runda hundre år 15. januar og markerte dagen med eit breidt anlagt seminar om informasjon i landbruket. Det var lagt opp til ein gjennomgang av informasjon både internt til næringa, og utad til storsamfunnet.

Seminaret, som gikk over to dagar, var ikkje rett tid og stad for den som venta klare og eintydige konklusjonar. Til det sprikte innlegga alt for mykje. Frå ein spenstig redaktør Thor Bjarne Bore i Stavanger Aftenblad, som med breid pensel skisserte dei mulighetene og utfordringane som ligg i den nye informasjonsteknologien, til ein småfrustrert Hadle Nevøy, representant for ein bondestand som nok har sans for informasjon, men som ikkje heilt ser seg istand til å gjera seg nytte av alt det nye.
Eit gløtt over til Sverige ga inntrykk av eit broderfolk som har satsa meir systematisk på internett for å formidla kontakt innan landbruket, og som berre på eit par år har nådd utruleg langt. Redaktør Bendik Bendiksen i Bondebladet heldt seg meir til det velkjende, han var ikkje i tvil om at landbrukstidsskrifta har ei framtid dersom næringa er villig til å betala for informasjon på eit høgt fagleg nivå.
Det vart eit stykke mellom dei verkeleg visjonære synspunkta. Den mest prinsipielle i så måte var nok den same Hadle Nevøy som i sterke ordelag tala varmt for ei kritisk og uavhengig landbrukspresse, ei presse som kan opptre på vegne av sine lesarar og formidla det som skjer internt i organisasjonane på ein oppegåande måte. Det skal heller ikkje stikkast under stolen at me registrerte ein viss skepsis frå sentrale tillitsvalde akkurat på dette punktet.

Er landbruket tent med å ha ein serie menighetsblad som sjølv Den norske kyrkja kunne misunna oss? Er det rett bruk av ressursar å bruka så mykje tid og krefter på oss sjølv? Mitt personlege svar er enkelt, og, vonar eg, kontroversielt nok til å heva temperaturen på debatten med eit par grader. Internt har vi litt for mange små spesialblad for dei smale sektorane. Den journalistiske kvaliteten på blada varierer. Organisasjonspressa sitt største problem er at dei er talerøyr for organisasjonane. Dermed vert alt som står der lett oppfatta som autoriserte partsinnlegg i den aktuelle debatten. Landbruket treng eit organ som er uavhengig av alle grupperingane i landbruket, eit organ som kan kikka både departement, bondelag, samvirke og private aktørar i korta på kritisk vis, og rapportera attende til lesarane. Eit slikt organ vil lettare verta oppfatta som truverdig på tvers av landbrukspolitisk innstilling.

Det var få om i det heile nokon på seminaret som tenkte offensivt på informasjon om landbruk til resten av samfunnet. Det er eit faktum at ein stadig mindre del av folket er bønder eller har direkte kontakt med landbruket. Det er også eit faktum at folk flest forstår mindre og mindre av landbruket sitt særpreg og kultur. Er dette eit problem for landbruket, eller er det heilt i orden at det er slik?
Mykje av informasjonen til omverda held ikkje mål. Eit døme på det er ein meieridirektør som snakka til ein del skuleborn for nokre år sidan, om spisefeitt. Han meinte sjølvsagt fløyte, smør og ost.
Det er eit langt større problem at landbruket ikkje har eit organ for folk flest med stoff som gjer at folk kan identifisera seg med landbruket, på same måten som med filmstjerner og idrettsfolk. Landbruk er ikkje berre agronomi og målbare verdiar. Det er ei livsform, ein kultur, ein måte å leva på som skaper interessante menneske, menneske som har noko å fara med. Det springande punktet er å la folk møta levande, varme og reflekterte menneske, som også er bønder.



Informasjon i landbruket

Eg føler meg forvirra, usikker, utrygg, oppgitt, mistenksam, lurt, sint, frustrert og hjelpetrengjande.
Hjertesukket kom frå gardbrukar Hadle Nevøy. Under Bondevennen sitt seminar om informasjon i landbruket fortalde han korleis han som bonde opplever sin informasjonskvardag.

- Mitt mål som bonde er å utnytta garden sine resurser til å skapa ein varig og trygg arbeidsplass.
Forutsetninga for å ha nytte av informasjonen er at eg er i stand til å oppfatta budskapet, kan sortera og tolka store mengder informasjon. Eg fester meg med ting eg er oppteken av akkurat nå, og er ikkje så sikker på om eg får med meg den informasjonen som ikkje er relevant før i morgon. Nevøy følte at han drukna i informasjon, ein informasjon han slett ikkje følte seg trygg på at han var i stand til å ha oversikten over. Utviklinga med internett og on-line tenester følte Nevøy seg slett ikkje fortruleg med. Tvert imot - legg meir arbeid i å gjera informasjonen slik at eg forstår kva det handlar om, framfor å få han fram så fort som råd. Eg er berre snautt femti, men eg treng den personlege kontakten med mine konsulentar. Det er viktigare enn kor eg kan finna informasjon på internett, sa Nevøy og la til:
- Vi treng redaksjonelt frittståande organ med evne til kritisk analyse av markedsmessige og politiske utfordringar og av korleis vi i næringa tilpassar oss for å møta desse utfordringane.
Nokre seier: Vi har gode kanalar gjennom organisasjonane. Eg meiner at vi aldri kan erstatta dei kritiske organ med eigne organ.

Kontrasten mellom Nevøy og neste innleiar, svenske Åsa Wikman Elliot, var slåande. Ho er informasjonssjef i Lantbrukarnas Riksförbund og kunne leggja fram eit imponerande opplegg for bruk av internett i landbruket. I Sverige har ein satsa stort på å knyta saman alle tillitsvalde og alle lokallag med elektronisk post. I tillegg er det 15000 bønder som brukar internett regelmessig i sitt yrke og i kontakt med organisasjonen. Dette skaper ein flatare organisasjonsstruktur med kortare veg til leiinga, sa Wikman Elliot.

Kva skjer hjå oss?

Informasjonssjef Ole G. Herzenberg ved Landbrukssamvirkets Felleskontor la vekt på at bøndene treng internett for å få lettare og tettare kontakt med både konsulentar og bedriftene. I tillegg kjem fagleg informasjon, opplæring, medlemsinformasjon, kjøp og salg, kvalitetstyring og dokumentasjon, samfunnskontakt og integrerte EDB system som in-gris og kukontrollen. Internett er som skapt for bonden, sa Herzenberg.

- Det vil hjelpa bonden til å spara både tid og kostnadar. Bonden har neppe råd til å betala for dyre konsulentar som berre sit og sit medan dei drikk kaffi. Sosiale behov må dekkjast gjennom andre kanalar.

Redaktør Bendik Bendiksen i Bondebladet opna med å visa til at dei ti boda inneheld 297 ord og den amerikanske uavhengighetserklæringa 300 ord, medan EU sitt direktiv for eksport av ande-egg er på 26.911 ord.

- Her trengs journalistar til å sortera og halda styr på informasjonen, sa Bendiksen. Direktørar er ikkje billigare enn redaktørar. Det er ingen grunn til at dei skal laga informasjon, dersom dei har anna å gjera. Deira tid kostar like mykje som mi tid.
Bendiksen trur at tidskrifta framleis vil ha ein sentral plass i landbruket. Men han var mindre glad for at det også vil vera blad som utgjevaren vil ha ut av prestisjemessige grunner, ikkje fordi bonden vil ha dei. Dette har betydning i annonsemarknaden. Landbruket må bli flinkare til å la ting og tiltak døy.
I framtida må vi rekna med at bonden og organisasjonane må betale for det blada er verd. Det må bli slutt på støtteannonsar, bonden må betale den reelle prisen.
- Framtida er avhengig av at bonden vil betala prisen for dyktige folk som vil vera i stand til å formidle stoff på en kostnadseffektiv måte, sa Bendiksen.

Også generalsekretær Harald Milli i Bondelaget var på banen med tankar omkring strategien for informasjon om landbruket.

- Landbruket er ei næring som er avhengig av å lukkast både i oponionen og i politikken. Til det har vi 65 tusen informasjonsarbeidarar; alle medlemmene våre. Organisasjonsapparatet vårt er ein ressurs som ingen andre næringer har. Bondelaget har veldig klare mål for arbeidet, vi skal være synlige i samfunnsdebatten og skapa truverdighet gjennom åpenhet, visa kva fordeler samfunnet har i form av eit sterkt landbruk, og vise bonden sin rolle som verdiskapar i bygdene som produsent av mat.
Bondelaget vil flytta vekk kjøret mot bonden som kostnadsfaktor ved å setja i verk prisundersøkingar. Vi vil setja i verk seminarer om matvarekvalitet, og anna for å visa at mat handlar om langt meir enn pris. Det faktum at forbrukeren ikkje har fått fordeler av lågare pris til bonden er interessant for folk. Og ved å bruka organisasjonsapparatet får vi større slagkraft enn andre i debatten.

Ikkje godt nok

- Sjølv om landbruket har den beste interne informasjonen i landet, hjelper det ingenting når informasjonen utad er så dårlig, hevda Kari Bay Haugen, programsekretær i NRK.

- Her er folk i hopetall som informerer. Likevel er det vanskeleg for meg som journalist å få tak i informasjon om primærnæringane. Landbruket manglar folk som gir næringa eit ansikt utad. Det er berre intern organisasjonskrangel, kvotekrangel, eigedomskrangel; alt saman negativ informasjon som berre skaper større avstand til samfunnet. Seier programsekretæren som sjølv er gift med ein bonde og bruker mykje av si arbeidstid på stoff om natur og landbruk.
- I dag er det tre-fire generasjonar sidan det budde landsfolk i byen. Når vi går ut, vil vi sjå kulturlandskap, vi ynskjer å sjå draumen vår. Når eg med min bakgrunn reagerer negativt på å sjå ein diger gjødselkum ute på Jæren, plassert godt synleg ut mot vernesona ved stranda, korleis reagerer ikkje då andre? spør Bay Haugen.

- Trua på informasjon er kraftig overdriven. Mi erfaring er at dersom du har noko å seia, får du sagt det. Er det viktig for deg, får du sagt noko om det, sa forlagssjef Andreas Skartveit

- Barnebarnet mitt på fire måneder har ikkje noko tidsskrift. Likevel får ho sagt det ho vil, på sin måte. Ho har få kommunikasjonsmidler, men det fungerer veldig godt, på enkle premisser.
Eg vil vri på temaet, og snakka om landbruksinfo på bordet; frokost, middag, kveldsmat. Bonden kommuniserer med folk gjennom varane han tilbyr, og som folk kjøper og set på bordet.
Eg har vakse opp på gard, vore student, vore familiefar og er nå over 60. Eg har brukbar økonomi og passar vekta. Prisen på maten er ikkje lenger viktig, eg legg meir vekt på kvalitet, og eg kjøper økologisk.

Informasjonssjef Bård Bjerkaker ved Landbrukssamvirkets informasjonsskontor i Midt Norge presiserte at media ikkje ønsker å snakka med ein informasjonssjef, det vert gjerne oppfatta som eit filter.
Mediesamfunnet veit for lite om oss. Det er eit sug etter kunnskap om oss, vi er ei næring i omstilling. Pressa etterlyser direktørar og styreleiarar som vågar å stå for noko. Journalistane kjem ikkje springane akkurat når vi vil ha dei her. Vi må nytta dei når dei er her, og skal vi få omtale, må vi våga å stå for noko.

- Eg driv informasjon for å påverka situasjonen for oss, sa informasjonsdirektør Audun Tjomsland i Braathens SAFE. Vi informatørar er ikkje journalistar. Men det er ein fordel at vi veit korleis dei arbeider. Det er nødvendig at eg er på høyde med det som skjer. Til landbruket vil eg seia: Sørg for å gje informasjonssjefen ein tittel og ein plass i organisasjonen der han heile tida er oppdatert med det som skjer, og har dei nødvendige fullmakter til å uttala seg. Media ventar ikkje til vi er klar til å svara.