![]() |
Bv nr 1 – 8. januar
Velkommen til eit nytt år med veteranen Bondevennen. I det første nummeret av årgang 113 kan du lese om Jan Inge Ueland. Han har skifta produksjon frå mjølk til kjøt. Få med deg hans erfaringer frå første heile driftsåret. Høy til hest – kva er best? - les fagartikkelen. Gode avløysarar veks ikkje på tre. Timebonden Tor Bjarte Grødem har hatt same avløysaren i ti år! Ein annan bonde har levert gardsmat i ti år – og årsomsetning har bikka millionen. Les reportasjen i Bv. Elles i nr. 1: Mykje lesestoff. Både fagleg og aktuelt. Godt nyttår med Bondevennen!
|
![]() |
Bv nr 2 – 15. januar
Nytt Bondevennen er i ei postkasse nær deg med det aller første. I nr.2 kan du lese om korleis eit hønehus kan byggjast om til eit ope og rimeleg lausdriftsfjøs. Robot eller mjølkestall. Eit vanskeleg eller opplagt val? Bv gir kanskje nokre avklaringer. Fagartikkelen oppdaterer deg på godt kalvestell. Vidare kan du lese om Jæren Produktutvikling i Kroatia og om Dansk-norsk u-hjelp anno 1789. I to ombygde brakker på Kattaland i Klepp finn du ein butikk med eit uvanleg vareutval, og vil du vite kva ein besetud er, må du lese Bondevennen! |
![]() |
Bv nr 3 – 22. januarFrost og snø er ikkje til hinder for at du skal få eit rykande ferskt Bondevennen til helga. I nr. 3 kan du lese om korleis Kristian Vinningland fekk realisert sitt nyfjøs – eit såkalla Folkefjøs - til 50 000 per båsplass. Les gjerne vidare om kva pensjonsreforma betyr for landbruket. På ein potetmjølfabrikk på Klepp har deisatsa på fedigskrella poteter. Korleis steller du traktoren din i minus 20 grader? Få svar i Bv. Livar Nedrebø erstatta mjølkestallen med robot. I bonus fekk han frigjort plass til 14 kyr.
Dette, og sjølvsagt mykje meir: I Bondevennen så klart! |
![]() |
Bv nr 4 – 29. januar
Med eller utan mjølkerobot.? Det er spørsmålet Bondevennen stiller både på leiarplass og inni bladet. Men vi byr sjølvsagt på meir i nr.4. Nortura har sitt å stri med – men møter det nye året offensivt. Bli med til Terje Pundsnes i Hjelmeland. Han driv med fruktdyrking på fritida. Fagartikkelen handler om Tine sitt tilbod gjeldande funksjonstesting av mjølkeanlegg. Kva er Vassdirektivet? Bv gir deg svaret. Vi er også innom ein suksessrik gjenbruksbutikk - midt på Jæren. I tillegg er det sett av spalteplass til Skartveit, Lillemor og Røyne.
Lesestoff i bøtter og spann?
Bondevennen så klart! |
![]() |
Bv nr 5 – 5. februar
Almanakken syner februar. Sjølv om første iskalde vårdagen er passert, høver det framleis å sitje oppvarma innomhus med Bondevennen nr. 5 som selskap. Her får du fleire møtereferat og innsyn i samvirkeorganisasjonane sine framtidsvyer. Gardsreportasjen er frå Tysvær. Anna Henriette og Sigbjørn Eikje satsar friskt og allsidig. Bli med på gardsbesøk til Skåne. Bonden har gard på 1 800 dekar, 150 kyr og omsetnad på 4,8 mill. Radiobjølla har framtida for seg, men prisen må ned. Bondevennen gir deg oppdatert status. Elles: Utlandets landbruk og mykje anna småsnop.
Helg? Ikkje utan Bondevennen! |
![]() |
Bv nr 6 – 12. februar
Tosifra milliongjeld er slett ikkje uvanleg på større enkeltbruk og samdrifter. Bondevennen har i nr. 6 besøkt eit av desse bruka. God økonomistyring er avgjerande for å få rekneskapen til å gå i pluss. Fagartikkelen handlar om rett kraftfôrval i høve til grovfôrkvaliteten. Laurits Stokkeland dyrkar økologiske poteter. Les om hans røynsler. Mjølkestall eller robot? Bondevennen har snakka med bønder som har valt ulikt. Andre stikkord frå nr. 6: Vedlikehald av kraftoverføringsakslingen, russisk utedass, 2200 år gamal skurtresker – og anna nytt!
Godt selskap? Les Bondevennen! |
![]() |
Bv nr 7 – 19. februarDet er gode grunnar for alle Bondevennen sine abonnentar til å gle seg til nr. 7. Med andre ord, 40 grunnar – eller sider – som er spekka med godt lesestoff. Norsk landbruksrådgiving Agder og Rogaland er tungt inne med aktuelt fagstoff før våren. Gjødsling, kalking, erterdyrking og muggsopp er nokre stikkord.
Saueinteresserte får sin solide dose. Både gjennom gardsreportasjen – og gjennom fagartikkel om kraftfôr til sauen. Tre årsverk på 67 dekar jord? Ja, det går an. For eksempel via 22 islandshestar, Grøn Omsorg og 140 000 kylling. Les reportasjen i Bv.! I tillegg til alt dette kan du bli med på besøk hjå Nortura Egersund og Reime Agri.
Oppdatert? Les Bondevennen! |
![]() |
Bv nr 8 – 26. februarLei av OL? Les Bondevennen!
Bondevennen nr. 8 ligg og ventar i ein postkasse nær deg. Er du abonnent, kan du lese om familien Kringlebotten frå Etne. Dei har investert nøkternt og har god kontroll på økonomien. Brannsikring og forebygging - Mattilsynet krev skjerping. Kva meiner unge bønder om samvirket. Bondevennen har samla fem bønder til diskusjon. Februar er møtetid for bøndene. Bondevennen har vore til stades og refererer frå fleire fagmøte med spanande tema. Tobias mimrar frå barndomens frittgåande høner, medan Lillemor let seg imponere over mannen som utnytter ledig ventetid maksimalt. Meir? Ja visst! Les og lær om Norsk Hundefôr, - og om dei som trivest aller best når dei har besøk av psykisk utviklingshemma på garden. |
![]() |
Bv nr 9 – 5. mars
|
![]() |
Bv nr 10 – 12. mars
Lengter du til våren? Med Bondevennen blir det kvalitet over ventetida! |
![]() |
Bv nr 11 – 19. mars
|
![]() |
Bv nr 12/13 – 31. mars
|
![]() |
Bv nr 14/15 – 16. aprilDet er tid for ein liten pause med Bondevennen i våronna. Nortura sin prispolitikk er ei brennbar sak. I Bondevennen nr. 14/15 får du synspunkt på leiarplass, og gjennom ytring. Årsmøte i FKRA og regionmøte i TMS. Du får oppsummeringane i Bondevennen. FKRA har fått ny styreleiar. Vi har intervjua både Bilstad og Joa. Kåre Søyland har investert og dermed rusta garden for framtida. Meir i gardsreportasjen. Vidare får du aktuelt fagstoff frå Norsk Landbruksrådgiving i Agder og Rogaland. Vipa er sårbar her i sørvest. Det same gjeld spedkalvane i dei nye storfjøsa. Les artiklane i Bondevennen. Så kan du mellom mykje anna, stort og smått, gle deg over Andreas Skartveit som spør om der er noko å gle seg over. Helg? Ikkje utan Bondevennen! |
![]() |
Bv nr 16 – 23. aprilKan to brør drive gard saman utan å barke saman? Javisst! Les gardsreportasjen i Bondevennen sitt nr. 16. I denne utgåva får du også ein uvanleg skarp leiar gjeldande kornstriden mellom FKA og FKRA. |
![]() |
Bv nr 17 – 30. aprilKva skjer når naboens nye jordvoll hindrar overflatevatnet på din eigedom? Bondevennen sin advokat gir deg svaret i nr. 17. I dette nummeret kan du også bli kjent med to nye rektorar med kontorplass på Særheim. Gardsreportasjen handlar mest om blomster, men Jostein Gard frå Talgje har også ein del andre ballar i lufta. Andre stikkord frå Bv. Nr. 17: Ammeku på beite, biogass på svensk, gris og ku på Varhaug og hund og katt i Damenes hjørne.
God helg? Nei, den snutten manglar i nr. 17! |
![]() |
Bv nr 18 – 7. maiDei to første vekene i mai blir spennande, slår redaktøren fast på leiarplass i nr. 18. Det handlar sjølvsagt om jordbruksoppgjeret. I gardsreportasjen kan du lese om Leif Harbo frå Klepp. Den unge og nevenyttige bonden fekk realisert guttedraumen om eigen gard i 2007. Fagartikkelen handlar om mjølk og frie fettsyrer. Vidare kan du bli med til Tine sitt anlegg i Kristiansand, og til ein tømrar frå Jæren som gir gode råd om vedlikehald av tak. Blar du vidare går turen til Ryfylke og Trond Skarpsno som driv behandlingssenteret Fjordhagen. Er du interessert i grindbygg – eller er du oppteken av at tilsyna på garden bør samordnast? Les Bondevennen!
God helg? På side 26 i nr. 18! |
![]() |
Bv nr 19/20 – 21. maiFire tilsyn på garden – på ein gong! Vart du skræmt no? Les meir om saka i leiar og aktuelt. Stoffet frå forsøksringen i Bondevennen sitt nummer 19/20 er prega av at siloslåtten snart står for tur. Blant tema er økonomisk mekanisering, ensileringsmiddel m.m. Etter slåtten skal det gjødslast. Og, det er kanskje på tide med vedlikehaldsgrøfting?
Tønnes Solland er ryfylke sitt svar på Reodor Felgen. Les gardsreportasjen og bli imponert. I tillegg til mjølkeproduksjon, har Oddvar Oppstvedt frå Ølensvåg minst fem andre føter å stå på. Vi har besøkt FKRA sitt nyaste maskinsenter i Kristiansand, og vi har nyttig stoff om åkerriksa og om bruk av myse i ei tid der kraftfôrprisane er i høgaste laget. Elles: Ytring og kommentar, Damenes hjørne og meir til.
Lysare kveldar og varmare netter?
Alltid godt selskap med Bondevennen!
|
|
![]() |
Bv nr 21/22 – 4. juniJordbruksavtalen er i boks. Ettersmaken er vond, og Bondevennen sin redaktør er svært kritisk til årets avtale. Smaken av Geir Joa sine jordbær er derimot ikkje vond. Dei raude og søte bæra blir dyrka i tunnel. Meir søtt: Moreller på Jæren! Ann Elise og Jakob Mæle frå Sola ser ut til å lukkast med satsinga. Les gardsreportasjane i Bv. nr 21/22!
Andre stikkord for Bondevennen sitt første juninummer spenner frå kumjølkskvalitet, flått, smågrisfôr og samvirke, til hest, hobby og vridde kuklauver. Tobias står i full blomst på denne tida av året, medan advokaten er meir oppteken av strie elver, sameige og fleirtalsvedtak i høve til kraftverketablering.
Nyttig lesestoff under parasollen på terrassen?
Bondevennen så klart! |
![]() |
Bv nr 23/24 – 18. juniSnart jonsok og nytt Bondevennen før sola snur. Solveig Bakka frå Kvildal er ein ung bonde som gjerne vil halde fram med yrket sitt. Men kan ho det? Og kan styresmaktene snart kome med eit truverdig ja eller nei når det gjeld distriktsbøndene. Les leiaren og gardsreportasjen i Bondevennen nr. 23/24. Norsk landbruksrådgiving serverer årstidsnyttig lesestoff. Damenes hjørne og Skartveit er på plass. Det same gjeld vår årvisse analyse over konsekvenser etter den nye jordbruksavtalen. Kan det vere aktuelt med bringebær i veksthusa i ledige periodar? Fôringsplass eller eit fjøs? Bondevennen belyser sakene. Og som alltid i tillegg: Myje lesestoff og garantert litt for alle.
Eldre eller ung. Bonde eller ikkje. Regn eller sol? Rett sommarlektyre heiter Bondevennen! |
![]() |
Bv nr 25/26 – 2. juliBondevennen tar ikkje sommarferie. Første nummeret i juli er snart i ein postkasse nær deg. Her er meiningar og ytringar over ein låg sommarsko. Bli med på besøk hjå blide bønder i Haugesund. Vi har vidare besøkt kyllingslakteriet i Hå. Vi har vore på ungdomssamråd med Lars Peder Brekk, og vi har vore hjå ein bonde på Heskestad som tilbyr overnatting til dei vegfarande. Så kan du bli med til Undheim på ei nostalgisk slåttonn og til Magma Geopark i Dalane-Lister. Kva skjular seg bak overskrifta Bestialsk Landbruk? Les Bondevennen 25/26! |
![]() |
Bv nr 27/28 – 16. juliGardsreportasjen er frå Hetland, Bjoa i Vindafjord. Familien Hetland er inne i ein spennande planleggingsfase. Vil det vera forsvaleg å byggja ny driftsbygning for mjølkeproduksjon? Dei får ei avklaring i løpet av hausten. Vi har vore hjå Torvald Hadland i Time og sett på hans satsing på Grøn omsorg. I bladet finn du fagstoff om magesår hjå gris, behovet for kobolt hjå lam og om tørråtesprøyting i potet. Den relativt nye landbruksdirektøren i Rogaland, Hadle Nevøy er intervjua. Han har klare meiningar om jordvvern, om krav til kompetanse i landbruket, om rekruttering, om bruksutbygging og finansiering, om miljø- og ureiningsspørsmål og om mykje meir. Vår velkjende skribent, tidlegare professor i arealplanlegging, Røyne Kyllingstad, tek i den første av fire artiklar om jordvern føre seg emnet på ein grundig måte. Andreas Skartveit gir eit svært interessant oversyn over kua si rolle i historia – sett med positive augo. Ikkje alle kan skifta skaft på ein spade, i Bondevennen får du grundig instruksjon. Og det er ein heil del anna stoff som fortener å bli lest. |
![]() |
Bv nr 29/30 – 30. juliSiste julinummeret av Bondevennen er på veg til din postkasse. Sjur Aakra dyrker poteter og satsar på gardssal og sal til torghandlarar og institusjonar. I tillegg driv han med gris. Nederlandsk landbruk har eit dårleg miljørykte. Nedfelling er dyrt, og no testar dei ut metodar for miljøvenlege alternativ med overflatespreiing av husdyrgjødsla. Vidare kan du lese om golv i lausdriftsfjøs, om vegmuseet i Dirdal og om jordvern. Vidare har vi besøkt ein maskinstasjon på Varhaug, og vi har sett på eit beiteprosjekt i Sirdal. Gøy og Veslemøy har sine tankar om det som rører seg innan landbruket.
Nyt sommaren mellom dei travle slaga. Med jordbær, fløyte, iskald ripssaft og Bondevennen!
|
|
![]() |
Bv nr 31/32 - 13. augustSnart midt i august, men framleis sommar og lange, gode arbeidsdagar for svært mange bønder. Med Bondevennen 31/32 i hende, kan du unne deg og dine ein pause i strevet.
Les om Reidun Oline Skadsem frå Sola. Bonden har bygd nytt fjøs to gonger i karriera. No syter mjølkeroboten for auka trivsel. Overgang til miljøbur eller frittgåande system til høns fører med seg endra dyreadferd og nye krav til innhaldet i kraftfôret. Les fagartikkelen i Bv. Mange har eit stort unytta potensiale i kulturbeita på garden. Bondevennen har beita på Rennesøy saman med Einar K. Time. Vidare kan du lese om jordvern, om staudedyrking i Ulvik og vassboren bondevarme i Småland.
Sov ikkje burt sumarnatta – les heller Bondevennen!
|
![]() |
Bv nr 33/34 - 27. augustSommaren er på hell. Eit av prova er at Bondevennen 33/34 er det siste dobbeltnummeret denne sesongen. Frå og med 3. september får du Bv. i postkassen kvar helg.
|
![]() |
Bv nr 35 - 3. septemberAttraktive distriktskommunar var aktuelt tema under landbrukshelga Naturligvis på Evje i sommar. I Bondevennen sitt første nummer i september får du eit tankjevekkjande referat. Leiaren i Aust Agder Bondelag Erik Fløystad driv gard på Austre Moland. Han er engasjert i sørlendingane sin ulemper med mange og spreidde småteigar – blant mykje anna. Les gardsreportasjen. Fagartikkelen tek for seg klima og ventilasjon i storfefjøset. Det bør vere aktuelt no, nokre veker før årets beitesesong er over.
Andre stikkord for nok eit innhaldsrikt nummer av Bv: Vedlikehald av garsbilen, besøk hjå Nortura Sandeid, Kulturlandskap i særklasse + stoff frå advokaten, ytringar og mykje anna.
Abonnerer du på Bondevennen? Nyt helga, gjerne under eit plommetre med Bv. nr. 35. |
![]() |
Bv nr 36 - 10. septemberEr det mogleg å produsere meir norsk mat basert på gras- og beiteressursane våre? Ja visst, men det vil koste flesk, og det vil kunna gå ut over fleskeprodusentane. Les leiaren i Bv. 36. I dette nummeret får du 30 sider med variert lesestoff. Gardsreportasje og campingliv høyrer ikkje saman. Unnataket er i dette nummeret. Vi har besøkt Even Ellingsen frå Sandnes. Les vidare kva Mattilsynet meiner om dyr som går ute heile året. Bli med til eit gardsmuseum i Sandeid, til eit gardsbruk med boergeiter og til eit visuelt inntrykk av beitelandskap i endring – blant ein god del anna kjekt og nyttig.
Abonnent? Ikkje? – Vi føyer deg gjerne på vår adresseliste! |
|
![]() |
Bv nr 37 - 17. septemberHelge Pettersen driv seks grøntutsal med heimebase på garden Tofteland Gård i Søgne. I tillegg vert det produsert ved og juletre på garden. Les gardsreportasjen i Bondevennen 37. I dette nummeret får du også nytt og nyttig frå Norsk Landbruksrådgiving i Agder og Rogaland. Stikkord er eteliggebås, grovfôrkvalitet og ringbarking/stubb-behandling. Edvard Kolnes frå Randaberg er lidenskapeleg oppteken av begoniaknoller. Gjesdalbonden Magnus Søyland er like lidenskapeleg i høve til å opparbeide gode kulturbeite på garden. Kan småbønder vere den globale løysinga som sikrar nok mat for alle i åra som kjem? Les denne vekas leiar. Som vanleg får du også med ein dose aktuelt stoff saman med ytringar og litt anna snadder. |
|
![]() |
Bv nr 38 - 24. septemberKvinne eller mann. Bonde eller ikkje. Pensjonist eller aktiv. Abonnerer du på Bondevennen, får du i nr. 38, som elles, lesestoff til glede, nytte og gavn. Jordbrukskrig er eit omgrep som høver både lokalt og globalt. I følgje leiaren, kan me venta oss mange og tøffe slag i tida som kjem. |
![]() |
Bv nr 39 - 1. oktoberOktober og definitivt haust. I Bv. 39 diskuterer leiaren ein del av spørsmåla kring husdyrgjødsel, biogass og spreieareal. Det er interessa og ønskjet om å vere sjølvstendige, ikkje timeløn og ferie, som er avgjerande for at familien Espedal Holte satsar på ei framtid som bønder. Les gardsreportasjen frå Forsand. Korleis er haldet på kvigene dine når dei kjem inn att frå beitet? Og kva kan du gjere for å hente inn tapt tilvekst? Les fagartikkelen. Les om nok lys i mørketida og om skjøtsel av lyngheier. Andreas Skartveit har mobiltelefon, med det finnest ikkje dekning i Hoddevik! Sjur har begynt med makeup og Asbjørg Ekli Dyvik har tapt den evige krigen mot høymola.
Skjemt og alvor. Ytringar og kommentarar. Fag og kultur. Med andre ord: Bondevennen |
![]() |
Bv nr 40 - 8. oktoberTrass periodar med nedbør i bøtter og spann, føregår det framleis innhausting. Jane og Kjetil Orre driv blant mykje anna med gulrot. Epledyrkarane må førehalda seg til forbrukarane sine krav. Du finn meir om emnet i fagartikkelen. Bondevennen har vidare fått med seg framtidsvyene til dei som er opptekne av landbruket på Haugalandet. Salmonella i storfebesetninga førte til omlegging til korn og oljevekstar. Les gardsreportasjen frå Sverige. Andre overskrifter: Bønder og ansvarsrett, mjølkekvalitet og tørka fjørfegjødsel, Tobias og Ung i bygda.
Alt dette og mykje anna får du i Bondevennen 40 2010!
|
![]() |
Bv nr 41 - 15. oktoberDette er siste bladet med stoff frå landbruksrådgjevinga i år. Der kan du lesa om økonomien i jordbærdyrkinga, om økonomiske utslag av ulike driftsmodellar i grasproduksjonen, om grønfôrert som dekkvekst i grasattlegg, om tomatsesongen som snart er over, om biogass, jordprøvar, industripurre, vidareforedling av frukt og bær og om landbruksrådgivinga i Sauda og Suldal. |
![]() |
Bv nr 42 - 22. oktoberDei første snøfillene har alt minna oss om årstida vi er på veg inn i. For landbruket betyr hausten og vinteren viktig arbeid i organisasjonane. I Bondevennen 42, kan du oppdatere deg om utfordringane i tida som kjem. Både i leiaren og i intervjuet med Per Olav Lundteigen får du klare meiningar om norsk landbruk og norsk landbruspolitikk. Auka sal av tilleggsjord er blant styresmaktene sin strategi for å rasjonalisere landbruket. Olav Magne Tonstad greier ut om saka i Bondevennen.
Det går an å vere ung og framtidsretta mjølkeprodusent utan å montere mjølkerobot i nyfjøset. Les gardsreportasjen frå Brådli i Bjerkreim. Fagartikkelen handlar denne veka om rev og mink. Vi har vidare besøkt Norsk Protein på Grødaland og ein flisprodusent som leverer energi frå skogen til Sola flyplass. Dette og mykje anna i Bondevennen 42.
Velbekomne og god helg med Bondevennen! |
![]() |
Bv nr 43 - 29. oktoberNær halvparten av jordbruksjorda i Norge blir drive som leigejord. Gardar blir slakta og jorda seld som tilleggsjord. Er det som skjer i bygdene ønskjeleg? Dersom utviklinga skal snuast, har det bråhast. Les leiaren i Bondevennens nr. 43. Torunn Handeland frå Sirdal var ikkje budd, men tok likevel over garden då faren døydde brått. No er ho i ein stabil driftsfase. Les meir om hennar erfaringar i gardsreportasjen. Tidlegare NILF-forskar Svenn Arne Lie har sterke meiningar om Norsk landbruk. Rogaland bondelag har hatt leiarmøte og freistar å skjerpe innsatsen fram mot nye forhandlingar med Staten til våren. Bondevennen har vore på gamle tufter. Det er historisk sus over eit snart gjenngrodd og nedlagt skiferbrudd i Vindafjord. Ein familie i Kvinnherad lever på 3 kyr og 20 høner! Les om desse – og om mykje anna i nr. 43! Overraska, enig eller uenig? Bli engasjert og inspirert. Les Bondevennen!
|
![]() |
Bv nr 44 - 5. novemberDet er på tide å konsolidere dyretalet på Jæren og i andre husdyrtette område. Bakgrunnen for Bondevennen si meining finn du i leiaren i nr. 44. Bondevennen har vore til stades på Norsvin sin regionskonferanse, og på Agro Hordaland på Flesland. Ferda går vidare nordover til vi endar på Hyllestad i Sogn. Her driv familien Sognnes med mjølkeproduksjon på to bruk som ligg ei mil frå kvarandre.
Grovfôrprøven er eit godt hjelpemiddel når du skal optimalisere innefôringa. Jørn Eriksen frå Tine gir deg detaljane. Vi har også fyldige referat frå Agrovisjon. Stikkord er volumproduksjon, dyr mat, fråfall av mjølkekvotane og kvinneliv på bygda.
Produksjon av eplesaft, hest som hobby, kornmaling på vindmølle og ørkenen Sur i Brooklyn. Du finn alt dette og meir til i siste nummer av Bondevennen.
|
![]() |
Bv nr 45 - 12. novemberBondevennen er i rute. Er du abonnent ligg nr 45 snart i ein postkasse nær deg. Vi har vore på Rovde i Vanylven kommune på Sunnmøre. Bøndene der på garden (gardane) har styr på logistikken. Det må dei ha med dyr på tre stader og heile 40 skifte. Mattilsynet informerer om smittebeskyttelse i fagartikkelen. Vidare får du referat frå mange møte. Stikorda spenner vidt frå jordbær og sau og til kompetansebehov.. Bondevennen har intervjua Nils T. Bjørke. Han er oppteken av den komande landbruksmeldinga. Ola Sylte Heggset er oppteken av mediekjøret mot pelsdyrnæringa - og om omgrepa etikk og moral. Denne saka har også redaktøren klare meiningar om i leiaren.
Åse Bente Sinnes produserer is på garden. Det, saman med 50 vinterfôra sauer, gir eit brukbart levebrød. Har du kjennskap til omgrepet minglefobi? Du får ein slags definisjon i Bv. 45.
God helg med Bondevennen!
|
![]() |
Bv nr 46 - 19. novemberAktuelle Bondevennen: Landbruket på Agder er inne i ei negativ utvikling. Bondelaga i dei to fylka har diskutert moglege tiltak for å snu trenden. Les meir om saka i Bondevennen nr. 46. Du kan også lese om barnefamilien frå Varhaug som nytter seg av tilgjengeleg kompetanse for å sikre garden best mogleg mot brann og ulukker. Korleis er det med krovfôrkvaliteten i år? Bondevennen gir deg eit generelt innblikk, men det er like viktig som før å få analysert eige fôr. Stikkord over andre saker: Svebestad om Nortura sitt innspel i høve den komande stortingsmeldinga. Inntektsutvikling på Haugalandet, Karbonlagring, jaktutleige, fuglar, gjetarhund, ytringar og kronikkar. Lesestoff? Abonner på Bondevennen!
|
![]() |
Bv nr 47 - 26. novemberMykje å lese – kvar helg! Feil berekningsgrunnlag gir misvisande tal når bøndene si statistiske inntekt skal fastsetjast. Leiaren har meir om saka i Bondevennen 46. Mjølk sau og slaktekylling skal ha dagleg stell og sikre økonomien til Gunnulf Åreskjold frå Sandnes. Dei juletrea som ikkje blir hogde i år, må ha stell og pleie framover. Les fagartikkelen.
Bv har sett på økonomien i fleire produksjonar. Tveit rekneskap sine tal syner nedgang over heile fjøla frå 2008 – 2009. Sau til heis og sosialt samvær i særklasse høyrer saman. Bondevennen serverer gode historiar. Bli vidare med til Frø og maskin i Grimstad – og til ein avlsinteressert bonde i Lund. I tillegg kan du lese om vaksine mot toksoplasmose, og om skog og klima. Lillemor er oppteken av samvirke, landbruk og effektivitet, medan Sjur er frustrert over at engelske ord blir norsk daglegtale.
Dette og ein heil del meir får du som abonnerer på Bondevennen.
|
![]() |
Bv nr 48 - 3. desemberGod desemberhelg med Bondevennen!
Er Inn på Tunet berre tenkt for politiske festtalar? Det kan sjå slik ut. No må kommunane og andre ansvarlege personar følgje opp med praktisk handling, meiner Bondevennen på leiarplass.
Rønnaug Foss Alsvik og mannen Svein, driv mest med juletreproduksjon, men dei har også tid til anna. Les gardsreportasjen i nr. 48. Vel ut gode sauer til livdyr og gje dei rett stell, oppmodar Ove Myklebust i fagartikkelen. Vår advokat er alltid aktuell. Denne gongen drøftar han forkjøps- og løysingsrettar. Vi presenterer også eit nytt folkefjøs. Denne gongen har vi sett på korleis ekteparet Mjåtveit på Nærbø har kopla saman eldre og ny driftsbygning.
Andreas Skartveit skriv om den globale matvaresituasjonen – i eit historisk perspektiv. Røyne Kyllingstad er også oppteken av historie. Denne gongen handlar det om ei praktfull bondebru.
Dette og mykje anna nyttig (og litt unyttig) lesestoff får du i Bondevennen!
|
|
![]() |
Bv nr 49 - 10. desember
Følgjer Norske Felleskjøp krava til plikter og kompetanse i si rolle som marknadsregulator? Les du leiaren vil du sjå at Bondevennen er sterkt i tvil. Gardsreportasjen denne veka er frå Kvitsøy. Ekteparet Nordbø driv med sau og ku.
Siste ti åra har inntektsutviklinga i mjølkeproduksjonen vore to prosent kvart år. Edvin Vestvik, fagsjef i Tine, har skrive fagartikkelen. Vidare har vi besøkt savirkegiganten på Forus, og vi har besøkt ein skogbrukar i Hovsherad. Meir skog i dette nummeret, blant anna siste del av Trygve Refsdal sin serie om skog og klima.
Andre stikkord: Utlandets landbruk, Andreas Skartveit, dikt og Agromek.
Noko for alle i familien? Bondevennen så klart!
|
![]() |
Bv nr 50/52 - 22. desemberJulegleder: Bondevennen sitt julenummer byr på godt lesestoff som gjerne kan nytast attåt varm gløgg og sju sortar småkaker. Gardsreportasjen er frå Kjetil Aasen gartneri i Songdalen. Der er det travelt og fargerikt i vekene før jul. Kjersti Lunde Brevig sin artikkel handlar om alternativ behandling av dyr. Vi byr vidare på ei gladsak frå Ketil Fuglestad i Etiopia. Helge Haugen skriv om tobakksdyrking i Sogn, Røyne Kyllingstad fortel om faren sine møte med Pinn-Ola.
Stalingrad julaftan 1942 vart siste jula for svært mange unge menn. Les historia i Bv. Du kan ikkje vita, du må tru til sist, skriv Bjørn Brakestad. Bondevennen syner at gamle omnar også har ei historie å fortelje. Jakob Eskeland formidlar historia om slavehandelen i Dansk Vestindia. Veslemøy og Sjur har kvar sine røynsler med julehandel. Andreas Skartveit serverer kloke tankar kring temaet tid.
Som vanleg i julenummeret finn du også teikna bidrag frå dei yngste lesarane, og om du har blyant, så har Bondevennen kryssord.
God jul – og hugs at Bondevennen er sterkt og aktuelt tilbake med nytt nummer og ny årgang 7. januar 2011! |