Oversikt Bondevennen 2007

Oversikt Bondevennen 2008

Oversikt Bondevennen 2009

Oversikt Bondevennen 2010

Oversikt Bondevennen 2011

 

 

 

Bv 1/2 - 13. januar

Nytt år – nytt blad
Bondevennen startar det første nummeret i 2012, årgang 115, med ein gardsreportasje frå Voll i Klepp. Eirik Stangeland er medviten på si rolle som bedriftsleiar og styrer si mjølkeproduksjonsdrift etter konkrete mål. I fagartikkelen gir Marte Refve johannessen frå FKRA råd om fôringsstrategiar til høgtytande kyr. – Grovfôrsesongen 2011 var ikkje den beste, og fører til uvante utfordringar for mange. Det gjeld å få mest mogleg ut av det fôret ein tilbyr dyra, slår ho fast.

Bondevennen ser attende på året som var. Det gjer også vår skribent i BV-rampen, Merete Støfring. Ho drøfter det aktuelle ordet beredskap ut frå fjorårets dramatiske hendingar. I dette nummeret får du som vanleg også med deg ytringar og ulikt aktuelt-stoff. Har du forresten planlagt ferien for neste år? Bondevennen arrangerer tur til vakre og eksotiske Sør-Afrika!

Godt nytt år med Bondevennen!

 

Bv 3 - 20. januar

Korleis er eigentleg den økonomiske utviklinga i mjølkeproduksjonen? Jonas Varhaug frå JærØk presenterer sin analyse, og Odd Magne Nordmark kommenterer tala på leiarplass. Konklusjonen i leiaren er soleklar: Dette er ikkje godt nok Brekk!

Felleskjøpet Rogaland Agder si kjerneverksemd går bra, men utfordringane i erteproduksjonen er store. Denne saka har fått stor plass i dette nummeret av Bondevennen.

Magnus Nordås haustar poteter på heile 600 dekar. Klepp-bonden. Saman med far, Ingvar, har dei satsa på potet, sjølv om Ingvar var skeptisk i byrjinga. I den andre gardsreportasjen kan du lese om Jens Markhus frå Skånevik. Hovedproduksjonen er geitemjølk med ein kvote på drygt 50 000 liter. – Dette er barndomsdraumen min, geiter er utruleg trivelege dyr å drive med, seier bonden.

Du får alltid mykje å lese i Bondevennen. Denne veka kan du blant mykje anna også lese fagartikkelen som handlar om fôreffektivitet i buskapen. Vekas Bv-rampen er signert Anna HenrietteV. Eikje. Denne gongen sender ho brev til medlem.TINE.no!

Godt lesestoff og god helg med Bondevennen!

Bv4  

Bv 4 - 27. januar

Tine handlar om meir enn mangel på smør. Bondevennen har oppsummert fjoråret saman med Regiondirektør i Tine Sør, Anne Siri Høiland.

- Bedrifta vår må nå ha full konsentrasjon om framtida, tilrår den tidlegare FKRA-tillitsvalde bondeveteranen Gaut Arne Sandvik frå Haugesund. Les saka i siste nummer av Bondevennen som har følgjande å by på:

Elin Hobberstad har utvida driftsomfanget på garden til å også gjelde slaktekylling. – Ein grei produksjon som let seg kombinere med både mjølkeproduksjonen og familien sine behov for ferie og fritid.

Martin Svebestad skriv om pensjonspoeng, skatt og trygd etter den nye pensjonsreforma. Gode økonomi råd får du også i vekas Bv-rampen, signert ryfylkingen Harald Halvorsen.

Korleis var eigentleg grønsakssesongen 2011? Bondevennen oppsummerer. Eit enormt skogreisingsprosjekt etter krigen gjer at store mengder god skog no står hogstklar i Ørsta. Les meir i BV. 4. I dette nummeret får du i tillegg 4H-stoff, ytringar konkurranse og anna småstoff.

 

Bv 5 - 3. februar

Det er årsmøtetid. - Valnemndene er minst like viktige som styra, skriv Bondevennen på leiarplass. Bondevennens første februarnummer inneheld mykje landbruksrelatert lesestoff. For eksempel kan du lese om unge Geir Helland frå Stavtjørn i Bjerkreim som har satsa 7 millionar på ny pelsdyrfarm.

Skal Norge vere sjølvberga med sauekjøt, treng me ein sau som er robust og som ikkje har behov for eiga intensivavdeling under lemminga, skriv Ådne Undheim frå Felleskjøpet.

Samvirke som kampmiddel mot matvarekjedene? – Det er naudsynt med eit krafttak for å sikre eiga framtid, skriv Trond Spanne i Bv-rampen.

Ho sa opp jobben for å satse på pilfletting. Les om Siril Ravndal Grude frå Klepp! I landbruket sine organisasjonar og faglag er det høgsesong for møter, noko Bondevennen ber preg av. Du får mellom anna glimt frå Sørlandssamlinga, VRI Rogaland og Samvirkekonferansen.

Smått og stort til nytte og gagn? Les Bondevennen!

 

Bv 6 - 10. februar

Eggmarknaden er i balanse. Det er for tida ikkje behov for fleire eggprodusentar, men om behovet skulle melde seg, er det frittgåande høns som gjeld. Bondevennen oppsummerer fjoråret og Nortura-status for egg- og kyllingproduksjonen i nr. 6. Her kan du også lese om Hillevåg Næringspark, om gjerdeplikt, og om ein landbruksminister som vart varm og harm i møte med jærbøndene sist veke. Vidare kan du bli med til Sunnmøre der eit driftig bondepar har investert 6 millionar kroner i nytt geitefjøs med tilhøyrande gardsbutikk. Den andre gardsreportasjen er frå Sandnes. Bent-Erik Brunes satsar friskt på mjølkeproduksjon og samdrift.

Elles kan du bli oppdatert på siste nytt innan fôringsstrategi for slakteoksar, du kan løyse kryssord, eller du kan få med deg Rolf G. Fjeldheim sine tankar kring Samvirkeåret 2012 i Bv-rampen. Med andre ord: Som alltid mykje lesestoff i Bondevennen!

 

Bv 7 - 17. februar

Produksjonsøkonomien må betrast dersom volumet skal aukast. Bondevennen har vore til stades på Nortura sin storfekafé og kommenterer saka på leiarplass. Som vanleg er Bondevennen spekka med aktuelt stoff og reportasjar for deg som er interessert i landbruket. Gardsreportasjen er frå Nesheim i Hå. Familien Nærland Reime har vore gjennom ein investeringsperiode, og deler erfaringane med Bondevennen. Fagartikkelen handlar om forsikring av skogen, medan Tarald Myrum står bak vekas Bv-rampen. Han er oppteken av at alle landbruksengasjerte røyster bør lyttast til - også dei som blir oppfatta som kontroversielle.

Andre stikkord kring innhaldet i Bv nr. t: Tidligpotetbuplikt og konsesjon, bondestudentar på Tveit, kulturlandskap og budsjett og driftsplan. I tillegg kan du bli med på gardsbesøk til frøydis Haugen på Lindås i Nordhordland. – Bruka på Vestlandet må få lov til å halde fram med å vere små, seier ho.

Liker du å følgje med? Abonner på Bondevennen!

Bv08  

Bv 8 - 24. februar

Til helga får du som vanleg eit nytt og aktuellt Bondevennen i ein postkasse nær deg. I nr. 8 forklarer Olav Magne Tonstad korleis regelverket kring erstatning ved klimaskader fungerer. Bondevennen har vore på Norsvin Rogaland sitt årsmøte. Svineprodusentane finansierer avl og prisane på ronesæd ved å investere i USA!

Vaktelegg er i ferd med å bli ein gormet-suksess. Les om små egg med stor smak i gardsreportasjen frå Tau på Strandalandet. I den andre reportasjen får du historia om sauebøndene frå Lien i Helleland som ikkje godtok pålegget frå Mattilsynet om å installere brannvarslingsanlegg i sauefjøset.

Bv-rampen er signert Solveig Svartdal, medan fagartikkelen handlar om sporeprøvar og er ført i pennen av Ingve Dubland. Få også med deg første artikkel i vår serie Landbrukssamvirket inn i framtida. Terje Vareberg har meiningar om korleis kapitalkravet kan stettast i ei tid der talet på bønder går ned. Bærdyrking i gamle veksthus, er det mogleg? Les Bondevenne og få svar.

Bv09  

Bv 9 - 2 mars

Vår og ljose dagar er i kjømda. Dryg gjerne ventetida med Bondevennen nr. 9, 2012. Skal landbrukssamvirket ta på seg oppgåvene med marknadsregulering i åra som kjem? Eit utenkjeleg scenario for mange
bondevener, men likevel er det på tide å ta debatten, meiner Bondevennen. Les meir i leiaren og i intervjuserien med Terje Vareberg.

Bondevennen har besøkt det flotte «folkefjøset» til Berit og Kåre Grude i Helleland. Mattilsynet informerer om Husdyrregisteret i fagartikkelen. Fagskuletilbodet innan landbruket er for lite, og sjølv om naturbrukfaga
bidreg til auka interesse, kan det vere at gjennomføringa av landbrukspolitikken verkar motsett, skriv Kari Marie Njåstad i Bv- rampen.

Blant mykje anna godstoff, kan du i dette nummeret lese om nybrotsarbeidet til kvinnegruppene i Sambolabo, Kamerun. Advokaten drøftar problemstillingane kring sambuarskap og skifteoppgjer. Andre saker: Skatt og førtidspensjon, nytt kraftfôrsortiment til sauen og pelsdyrinteresse.

Bv 10  

Bv 10 - 9 mars

Eigne merkevarer, EMV, representerer ein ny trussel. Tøyming av makta til matvarekjedene krev sterk organisering på leverandørsida. I leiaren kan du setje deg inn i dei kompliserte problemstillingane. Gardsreportasjen er frå Vennesla. Ingrid og Steinar Wiik driv med ammeku i nytt fjøs.

Lemminga er snart i gang. Fagartikkelen er ført i pennen av Siri K. Haugland frå Nortura. Her får du mange praktiske råd framføre den hektiske tida. Intervjuserien med Terje vareberg held fram. - Samvirket kan ikkje ta ansvaret for gjennomføring av lik pris i heile landet utan å få kompensasjon, meiner han.

Andre stikkord: Honning i Egersund, utlandets landbruk, Bv-rampen og mykje anna!

 

Bv 11 - 16 mars

Den unge og modige bonden kjøpte ei tomt og leigde 500 dekar jord. Resultatet har blitt storproduksjon av oksekjøt. Les gardsreportasjen frå Holum i Mandal. Norsk Landbruksrådgiving presenterer nyttig fagstoff før våronna. Frøblandingar, potet, Heilgjødsel, husdyrgjødsel og bygningsrådgiving er stikkorda. Er det aktuelt med eksterne styremedlemar i landbruket sine samvirkeverksemder? Ja, seier Terje Vareberg til Bondevennen.

Det er tidleg vår og høgsesong for årsmøter. Bondevennen har vore til stades på bondelaga sine fylkesårsmøte – og me har vore på tilhøyrarbenken hjå Rogaland Sau- og Geit.

Nyttig lesestoff?
Les Bondevennen!

 

Bv 12 - 23 mars

Sist i mars med tidleg vår i lufta. Våronna er i gang i Grimstad. Kanskje haustar bøndene i sør isbergsalat før Jæren? Er du potetdyrkar, får du siste oppdatering før våronna i Bondevennen nr. 12. Her kan du også lese fagartikkelen om pelsdyrprodusentanes utfordringar kring kvelpinga.

Gardsreportasjen er frå Gloppen i Sogn og Fjordane. Familien Fløtre driv godt med mjølk og okseslakt. Dei dyktige bøndene opplever god lønsemd i oksefjøset. I Suldal ligg Israelsneset. Valborg og Trygve Høyvik har vore bønder på garden sidan 1955. Skogsdrifta og dyra er i dag erstatta med gardsmuseum og hytteturisme.

Driv du med skog, vil du ha stor nytte av å lese Harald Halvorsen Løland sin artikkel om skogfondsordninga i Bv-rampen. Visste du at det ikkje lenger er lov å opplyse om innhaldet av PBV og AAT i fôrblandingane?

Det handlar om lovar også i vekas leiar. Men det handlar mest om dei som overvaker at lovar og reglar blir følgt opp. Blant desse er forbetringspotensiala mange. - Tilsynas eigendefinerte behov for eigen eksistens er grenselaus, skriv redaktøren, som etterspør forståing for psykologi, folkeskikk og leiaransvar blant byråkratane.

 

Bv 13/14 - 4. april

Bondevennens påskenummer byr på nytt og nyttig lesestoff. Til bruk på hytta, i heimen eller på fjøskontoret. Gamle løer er ofte eit problem for dei som har ei slik i tunet. I Hordaland ser dei på dei 25 000 landbruksbygga som er bygde før 1900 som ein potensiell ressurs.

I veksthusa hjå Erling Gitlemark ved Lillesand spirer det i pluggbretta. Veksthusa på garden vert nytta til grønsaksoppal og agurkdyrking. Harald Miljeteig sin gard i Haugesund er regulert til bustadfelt, men bonden har sett varige spor etter seg. Blant anna ein 3,5 kilometer lang turveg.

Vidare kan du bli med på bruopning i Kamerun, du kan lese om den slektsinteresserte Fk-pensjonisten Thore Jørpeland, og du kan løyse det store påskekryssordet. Vekas Bv-rampe er signert Solveig Svardal, medan fagartikkelen som handlar om nytta av årsutskrifta, er ført i pennen av Sigbjørn Haslemo. Få kjenner historia til Vestlandske Salslag så godt som Helge Haugen. Han deler historia med Bondevennen sine lesarar i påskenummeret.

Våren er i kjømda. God påske!

Bv 15  

Bv 15/16 - 20. april

Det nærmar seg jordbruksforhandlingane. - Mål og middel betyr betydeleg auke i budsjettmidla. Den negative strukturutviklinga held fram. Dei mindre bruka må med i alle område om den samla produksjonen skal aukast, skriv Bondevennen på leiarplass i Bv. 15/16.
Gardsreportasjen frå Etne handlar om gris. Familien Silde sel smågris og livdyr frå si SPF-besetning.

Det er vår, og Norsk Landbruksrådgiving har fagstoff i Bondevennen om høy til hest, om økologisk enggjødsling, heilsæd, ugrasharving og drenering. I tillegg høyrer ein fagartikkel om innstilling av sentrifugalspreiaren. Andre stikkord: Bv-rampen, maskinstasjon i Vest-Agder og aktuelt stoff med blant anna «Bondeopprør» i Vindafjord, regionårsmøtet i Tine Sør og FKRA sitt årsmøte.

Bv 17  

Bv 17 - 27. april

Raust med lesestoff!
Bv. 17 tilbyr abonnentane 40 sider med landbruksrelevant lesestoff. Familiens arbeidsforteneste må med i presentasjonane av bondefamiliane si inntekt, meiner Bondevennen. På kommentarplass finn du også sterke meiningar om dei høge løningane innan oljesektoren kontra overføringane til landbruket.

Gardsreportasjane frå Grimstad og Gloppen spenner vidt frå blomar og bær til mjølk og kjøt. Få vidare med deg siste nytt innføre juletredyrkinga, og les om korleis unge bondestudentar har det før eksamen. Bladet svippar også innom økonomien i svineproduksjonen før fagartikkelen syner kvifor god beitedrift gir pengar på bok. Andre stikkord: Næringsutvikling, Bv-rampen, rare bær og landbruksjuss!

God helg med Bondevennen!

 

Bv 18/19 - 11. mai

Jordbruksforhandlingane enda med brot. I Bondevennen 18/19 blir landbruket sitt krav, og mykje av bakgrunnen for brotet kommentert. Utvida samarbeid mellom FKRA og dei andre felleskjøpa kan bli ein realitet, men FKRA er ikkje interessert i medlemskap i Norske Felleskjøp før medlemmane vert rekna som likeverdige og fusjon med dei andre felleskjøpe er eit ikkje-tema.

Gardsreportasjen er frå Suldal. Lars-Egil Bakka er nøgd med inntekta frå dei 10 kyrne og 65 sauene på garden. Avdråtten på sauene er særs god. Frå fødsel til vårveging er tilveksten 400 gram dagleg.

Andre saker: Praktisk rekneskapsomgrep, nytt kvoteregelverk, Nortura Førde m.m. Vidare kan du mellom anna lese om Haram-familien som satsar på Islandshest, om tenestetilbod og innsparingar, og om statusen ute på jordene til grønsaksdyrkarane.