Kort om Bondevennen

 

Landbruksfagbladet Bondevennen runda 100 år i 1998.

Bladet vart skipa hausten 1897, men kom med si første utgåve 15. januar 1898.

Bondevennen har kome ut uavbrote og under same namn i alle desse åra. Det har rett nok vore ulike eigarar, men storparten av tida har Felleskjøpet Rogaland Agder (eller dei organisasjonar som etter kvart er blitt FKRA) vore eigar av bladet - og gjeve bladet eit solid rotfeste til landbrukssamvirket.

Ved samanslåinga av Agder Samslakteri og Rogaland Fellesslakteri til Agro, kom og kjøtsamvirket inn på eigarsida. Seinare har og meieribruket og egg- og fjørfesamvirket kome med.
Seinast i 1993 blei Bondevennen omgjort frå å vera administrativt underlagt Felleskjøpet, til ei sjølvstending juridisk og økonomisk eining - Bondevennen BA.
Andelsselskapet Bondevennen BA har Felleskjøpet Rogaland Agder, Nortura og TINE som eigarar.

Postadresse:
Bondevennen BA, Postboks 208 sentrum, 4001 Stavanger


Besøksadresse:
Sandvikveien 21, Hillevåg (Felleskjøpet)

Telefon: *51 88 70 00 (sentralbord)
Telefaks: 51 88 74 53

E-post: bond@fkra.no