Silobagging, grovfôr i plastikkpølse

Silobagging, grovfôr i plastikkpølse

Grovfôr i pølser, ein heller ukjend ensileringsmetode her til lands. No vert det testa ut hjå enkelte bønder i Rogaland. – Kostnad og kvalitet vil avgjera om dette vert ein interessant metode, seier mjølkeprodusent Per Ådne Skårland, som driv Jærkua Jersey DA.