MOLDROK

Avliving til alle sitt beste

Foto: Bothild Å. Nordsletten

 

Alt for ofte dukkar det opp bilete av sjuke dyr i media. Dette smerter oss dyrlegar, det fyrer opp dyrevernsorganisasjonane, det skader landbruksnæringa og genererer klikk på nettet. I seinare tid har me sett videoar og bilete av griser med fæle halesår, prolapsar i ulike variantar, og lame dyr, som ikkje kan stå på bakbeina. Dette er ikkje representativt for norsk landbruk, men når informasjonen som blir servert oss er styrt av media, vert me oftare presentert unntaka, heller enn røynda.

Kvart tilfelle er likevel eit for mykje. Ei samla landbruksnæring må ta tak for å betra dyrevelferda. No sit kloke hovud saman i svinenæringa for å betra dyra sine vilkår. Det vert snakka om storleik på bingar, strø, rotematerial, gener, mangel på tilsyn, og veterinæren sin rolle. Me må ikkje la det faktum at me har verdas beste dyrevelferd verta ei sovepute. Det var som kjent ikkje nok å ha verdas trivelegaste og friskaste pelsdyrnæring.

Me dyrlegar har òg ein jobb å gjera. Sjølvsagt vert det enklare for oss om me oftare slepp inn i besetningane. Rogaland Veterinærforening ynskjer minimum eitt planlagt besøk per innsett hjå slaktegris. Det kan vera positivt både for bonden som vil få tettare oppfølging, og for dyrlegen som får fastare arbeidsrutinar og meir arbeid. Erfaring frå storfe viser at dette slår positivt ut økonomisk for båe partar. Slakteria ser på alternativ der deira eigen fagveterinær er med besetningdyrlegen på eit av desse faste besøka. Slik nærmar ein seg ordninga som pelsdyrnæringa har, og som får veldig mykje skryt av Mattilsynet.

Dyr skal sleppa å li. Eg meiner både bønder og dyrlegar må bli flinkare til å avliva. Er du i tvil om dyret sin helsetilsand, er avliving ein sikker utveg. Dyret slepp meir smerter, bonden reduserer ekstraarbeidet og dyrlegen unngår å bruke medisinar på usikre tilfelle. Slik situasjonen er no så vil me også kunne redusera litt på overproduksjonen, både i svine- og sauenæringa.

Mykje av jobben som dyrlege går ut på å vera ein psykisk støttespelar, til dømes gjennom ei lang og hard lemming. I mangel på svevn, sosialt samvær og når ting ikkje alltid går slik ein vil, kan eg ofte sjå at terskelen for kva ein bonde tillèt, vert endra – den eine eller andre vegen.

I år, meir enn nokon gong tidlegare, må bonden vera medviten om at det han eller ho jobbar med, må vera presentabelt for allmenta til ei kvar tid. Du må tenke på kva som vil ta seg dårleg ut på framsida av VG, og gjere noko med det. Me i husdyrbransjen må ha i bakhovudet korleis det ser ut i fjøset, dersom nokon kjem inn med eit kamera. Har du dyr som ikkje ser bra ut, må du heller avlive enn behandle, og passa på at avliva og andre daude dyr ligg godt gøymt frå folk flest. Ingen skal tru at dyrevernarar og media kjem til å kvile på laurbæra, sjølv om pelsnæringa har fått ein sluttdato. Dei har uttalt at andre næringar òg skal vekk. Då er det ikkje naudsynt å gje dei gode argument.

Utan å ha tal å visa til vil eg tru at mykje medisin vert kasta vekk på dyr som det ikkje er håp for. Sjølv om me brukar lite medisin i Norge, må me likevel vera medvitne om kva og kven ein behandlar. Dyra har sjølvsagt ulik økonomisk verdi – vinsten er større ved å få frisk ein kalv enn eit lam eller spegris. Men dersom ikkje kalven blir betre etter ein lenger periode med penicillin, bør det sitja langt inne å setja dyret på breispektra antibiotika. Uvettig bruk av antibiotika har gjort mange bakteriestammar resistente i resten av verda. Me leikar med helsa til våreigen og neste generasjon når me misbrukar medisinen som skal vera tryggleiken vår. Me må bli flinkare til å seie at nok er nok. Dersom eit behandla dyr ikkje blir betre innan få dagar, må bonden eller andre på garden vita korleis ein utfører ei trygg avliving. Er du i tvil så spør dyrlegen eller slakteriet om rettleiing.

Landbruket er under lupa. Dyrevernsorganisasjonane har folka sine på innsida av Mattilsynet og i media. Ikkje la latskap, vegring for boltepistolen eller eit desperat ynskje om å levera maksimalt med spegris, uansett tilstand, gjera at me får sjå bilete frå besetninga di i avisene. Og ver ekstra nøye på at alt er på stell når du legg ut skrytebilete på facebook.

Vidar Nedrebø,
dyrlege og odelsgut frå Nevland i Gjesdal. Utdanna frå Ungarn, har arbeidserfaring frå Tyskland.