MI MEINING

– Dette skal me klare

Me finn ikkje dei dekara me manglar, men me finn løysingane.

– God handtering av gjødsla er løysinga på dei utfordringane me vil møte, seier assisterande landbruksdirektør i Rogaland, Anfinn Rosnes.

Jane Brit Sande

Innstrammingar i gjødselvareregelverket skapar hovudbry for jordbruket i Rogaland. I følgje Fylkesmannen manglar fylket heile 263 651 dekar med spreieareal, dersom kravet aukar til seks dekar per gjødseldyreining. Korleis kan dette løysast?

– Svaret er ikkje å redusere dyretalet, slik mange fryktar, seier Rosnes.

– Me må passe på det arealet me har. Nydyrking er berre ein liten del av løysinga. God handtering av gjødsla er løysinga på dei utfordringane me vil møte, seier han.

– Det skjer mykje spanande på gjødselfronten. På Klepp er Jæren Biogass i full sving med fleire nyttige prosjekt. Biogass løyser ikkje fosforproblemet i fylket aleine, og me må rekne med større utfordringar når det gjeld fosfor i framtida.

Også Norsk Naturgjødsel på Sele handsamar gjødsel frå Jæren.

– Dei aleine frigir «berre» 12000 dekar med spreieareal. Men dei produserer eit etterspurt produkt blant hagebrukarar. Her er det potensial for ei vidare utvikling, seier Rosnes.

– Mange bønder er interessert i gjødselseparering og biogass, men er uroa over kostnadane. Er det med rette?

– Ei satsing på eit biogassanlegg er ikkje for kvar enkelt bonde aleine. Men bønder kan samarbeide, og gå saman om ein separator. Med ein god logistikkplan er dette fullt mogleg.

Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen er overraska over at det ikkje er krav om auka lagringskapasitet i forslaga som er lagt fram.

– Auka lagringsplass gir auka fleksibilitet, og rom for ei meir medviten utnytting av husdyrgjødsla. Det blir fortsatt nytta for mykje fosfor frå kunstgjødsel i Rogaland, og det er bortkasta, seier Rosnes.

– Å senda gjødsla til Austlandet, er dette ei løysing å satsa på?

– For produksjonen i fylket er det betre å frakte gjødsel enn produksjonsdyr. Med separering kan me transportere klokare og lengre. Men dette kostar pengar.

– Er det realistisk at kravet om seks dekar går gjennom?

– Dette er vanskeleg å svare på nå. Me har også mål om å auke matproduksjonen her til lands. Men forslaget er lagt fram med god og nøye fagleg grunngjeving. Landbruket må på si side anerkjenne miljøutfordringane. Me vonar bøndene ser dei moglegheitene som finst, og at dei ser på eiga drift og fosforrekneskap, seier Rosnes.

– Me finn ikkje dei dekara me manglar, men me finn løysingane. Utfordringane skal sjølvsagt ikkje leggast til side, men me må ha ei «dette skal me klare»-haldning. Kanskje me kan framstille hydrogen frå gjødsla? Det er ikkje berre landbruket, men også andre deler av næringslivet, må sjå moglegheitene, seier ein optimistisk Anfinn Rosnes.