MI MEINING

Eiga ku for lettmjølk?!?

Johanna Veim Hettervik

I Rogaland får me det til, her auka me med 40 medlemmar i fjor.

Når somme trur at lettmjølka kjem frå ein eigen type ku, veit Johanna Veim Hettervik at 4H har mykje å læra folk om landbruket.

Bothild Å. Nordsletten

Ja, 4H er viktig for rekrutteringa til landbruket, slår Johanna Veim Hettervik fast. Ho er styremedlem i 4H Rogaland og klubbrådgjevar i Vilje 4H i Tysværvåg.

– Me formidlar kunnskap om ting ungar er interesserte i og bidreg slik til å skapa kreativ ungdom, som vonleg blir engasjerte i landbruket når dei veks til.

Hettervik har vore 4H-medlem sidan ho gjekk i fjerde klasse.

– Dei fleste medlemmane er mellom ti til 18 år. Ein del blir introdusert til organisasjonen gjennom ein 4H-gard, andre på eigne 4H-møter. På møta får ungane ei oppgåve som dei skal jobba med gjennom heile året. Den kan handla om alt frå avløysararbeid på gard, via strikking til hestestell.

– Kva arrangement trekk mest folk?

– Storkursa våre, som kan samla heile 400 medlemmar. Der arrangerer me masse kurs, i alt frå sminke og strikking til sauehald og slakting. Så held me også styrevervskurs der ungane lærer å bli kasserarar med ansvar for økonomien i ein organisasjon, eller leiarar. Dette er viktig kunnskap for folk som tek ulike verv seinare i livet. Eg har iallfall hatt nytte av det, og eg har ført opp 4H-engasjementet mitt på CV’en. Eg er lærarstudent no, men har fagbrev som elektrikar. Då eg var på intervju til praksisplassen, kommenterte dei at 4H-engasjementet var positivt.

Hettervik meiner dei fleste 4H-medlemmar har god kunnskap om landbruket, men trur folk flest kunne trengt meir innsikt.

– På 4H-gardane merkar me at nokre besøkande ikkje har heilt forstand på næringa. Eg høyrte om nokon som lurte på om lettmjølka kom frå ei anna ku enn den vanlege. Eg trur kunnskapsgrunnlaget bør betrast generelt.

– Interessa for mat og dyrevelferd aukar. Har det noko å seia for 4H sin popularitet?

– I Rogaland får me det til, her auka me med 40 medlemmar i fjor. Det er ganske bra vekst. Mange tykkjer det er kjekt å reisa på leir. Dei skapar nettverk alt frå dei er små. På landsbasis går medlemstalet diverre ned.

– Under forhandlingane om statsbudsjettet i fjor såg det ei stund skummelt ut for midla til 4H. Korleis påverka denne erfaringa dykk?

– Det kom noko godt ut av all merksemda. Me snakka mykje om kva me driv med, fekk vist kven me er, og kva me ynskjer å få til – nemleg å gjera ungar merksame på landbruket. Framover skal me også modernisera prosjektbøkene med oppgåver, som dei unge får.

– Kva skjer i år?

– Til sommaren skal me ha landsleir på Øksnavad og me satsar på å samla 2000 ungdommar!

Stikkord denne saka: ,