MI MEINING

– Eit moderat krav

Bøndene responderer på politiske mål om å auke norsk matproduksjon.

– Me har levert eit moderat krav i jordbruksforhandlingane, meiner Aslak Snarteland, leiar i Telemark Bondelag.

Jane Brit Sande

Berre timar etter at landbruket la fram sitt krav til jordbruksforhandlingane, hadde Aslak Snarteland tydelege tankar om det.

– Bondelaget har eit klart mål om å redusere inntektsgapet til andre yrkesgrupper. I kravet frå landbruket utgjer kostnadsdekkinga 1,4 milliardar kroner, og dette vil ikkje gi full utteljing for å tette gapet. Derfor meiner eg at me har levert eit moderat krav, seier Snarteland.

Fylkesleiaren er nøgd med prioriteringane.

– For Telemark er det positivt at det blir tatt grep for små og mellomstore bruk, arealtilskot, og for å styrke velferdsordningane. Men me ønska ei betre satsing på korn. Målprisen er ikkje auka med meir enn åtte øre per kilo fôrkorn og ti øre per kilo matkorn. Dette kunne vore betre, seier han.

– Me får ikkje alt me skulle ønskt at me fekk med i kravet. Men retninga er bra. Me skal ha heile landet i bruk, og dyrke og bruka jorda der den ligg. Jordbruket legg også fram krav om verktøy for betre marknadsbalanse, men det er ikkje spesifisert kva verktøy dette skal vere, seier Snarteland.

Han torer ikkje spekulere i utviklinga i forhandlingane, men trur ikkje håpløysa er like stor som den har vore tidlegare år.

– Stemninga i Bondelaget er god. Me har levert eit nøkternt og realistisk krav. Men me trur ikkje det blir enkle forhandlingar, seier han.

– Målet er å få avtale med staten. Blir det brot, blir oppgjeret overlate til Stortinget, slik det gjorde i fjor. Det vil me prøve å unngå.

– 1,8 milliardar kroner kan sjå ut som mykje pengar. Korleis trur du kravet frå jordbruket blir oppfatta av folk flest?

– Me veit at opinionen vil vinkle kravet som sutring og klaging frå bøndene. Samstundes er det lønnsforhandlingar i andre yrkesgrupper. Der blir det sagt tydeleg ifrå dersom den eine parten ikkje er nøgd. Då er streik eit verkemiddel. Me har moglegheit til å påverke i jordbruksforhandlingane, og for bøndene er brot eit verkemiddel.

– Bøndene responderer på politiske mål om å auke norsk matproduksjon. Det kostar å produsere rein, norsk mat til forbrukaren, og bøndene vil ikkje gjere den jobben gratis. Me vil sikre norsk matproduksjon, og med dette kravet vil me sikre inntektsutviklinga for bonden, seier Snarteland.

– Somme vil truleg meine at kravet er for moderat, for forsiktig. Kva seier du til det?

– Eg har fått med meg at det er nokon slike reaksjonar på sosiale medier og i aviser. Dei hadde venta eit langt høgare krav. Men dette er eit realistisk krav, slår fylkesleiaren fast.