Bybonde: Margunn Ueland

Kva skal du med plen? Sett av ti kvadrat til grønsaker og sjå om ikkje det er kjekkare, seier Bondevennens nye spaltist, Margunn Ueland.

Bothild Å. Nordsletten

– Styresmaktene seier me skal eta fem om dagen. Det gjer me ikkje. Ikkje bøndene heller. Men du kjem garantert til å gjera det om du dyrkar maten sjølv, seier Margunn Ueland.

Bondevennen lanserer denne veka «Kjøkkenhagen», ei ny spalte om matauk rett utanfor stoveglaset. I annakvar utgåve framover skal hageentusiast og hagebloggar Ueland, losa lesaren gjennom såing, planting, forvaring av grønsaker og jordforbetring. Ueland, som er tidlegare journalist i Stavanger Aftenblad, vaks opp på garden Ueland i Heskestad i Lund og har dyrka sin eigen vesle hage i Stavanger sidan 1980. For ikkje lenge sidan ekspanderte ho over vegen og rydda fleire grønsaksenger på den overgrodde leikeplassen.

Liten skala – stor glede

– Eg gjer dette først og fremst fordi det er det gildaste eg veit, seier Ueland. Å dyrke ein kjøkkenhage gir meistringskjensle, avstressing, lukt, smak, fargar og form. Og utruleg god, fersk mat. Usprøyta. Sår du sjølv får du også eit mykje rikare utval enn i dei beste butikkar. I tillegg er mange grønsaker vakre som prydvekstar.

Ueland lagar si eiga jord av lauv, kompost, tang, møkk – gjerne også gras frå øydelagde rundballar, tilkøyrt av ein bonde på Ullandhaug.

– Det gir ei god kjensle av livets sirkel, når avfall blir til nytt liv, seier Ueland.

Nesten sjølvforsynt

Grønkål, persille, lauk og tomatar… Ikkje mindre enn 43 sortar grønsaker spirer i drivhuset hennar, klare for den første av fleire utplantingar denne sesongen. Åtte sortar jordeple skal snart i bakken.

– Stort sett er eg sjølvforsynt, konstaterer Ueland.

– Måten eg og mange hobbydyrkarar driv på, vil overraske mange. Det er så produktivt. Du får store mengder mat på lite plass, utan kunstgjødsel, utan å grave, utan å sprøyte. Du treng ikkje mykje lauk, sellerirot, kål og raudbeter før du kan lage 40 liter suppe. Det er ganske mange porsjonar.

– Du blir også meir medviten om pris kontra kvalitet når du dyrkar sjølv. Me er betre på lågare pris enn å kjenna kva som er god kvalitet på ein grønsak.

Kva kan ein urban hagebrukar formidla til storproduserande bønder?

– Dei kan ha den same vinsten av dette som meg. Kjøkkenhagen er ein gild hobby for heile familien. Og det bør gå lettare for bønder å få det til enn for meg i byen. Dei kan mykje og har ressursane. Det treng ikkje ta mykje tid. Dessutan er det godt for helsa. Me blir det me et. Og det finns ikkje meir næringstett mat per kalori enn grønsaker!

 

Sjå bondevennen.no i morgon, for første del av spalta «Kjøkkenhagen».