MI MEINING

Lanserer jordvettreglar

Foto: Anne Spånem

Me ynskjer debatten om jordvern både i klasserom, kommunestyresalar og presse.

– I Telemark har me lite jordbruksareal. Då er det ekstra viktig å ivareta det som er, seier Helge Nymoen, landbruksdirektør.

Jane Brit Sande

Fylkesmannen i Telemark ynskjer å spreie bodskapen om jordvern, både til politikarar og til innbyggarane elles.

– Me fekk eit kreativt forslag om å spele på dei så godt kjende fjellvettreglane. Me grubla på det ei stund. Resultatet er ni jordvettreglar, seier Nymoen.

Reglane har fått ein eigen nettstad, jordvettregler.no. Nymoen og kollegaene vil spe på med meir informasjon med jamne mellomrom.

– Me vil at den gjengse innbyggar blir oppteken av jordvern. Me ser at det allereie er ei aukande interesse for jordvern i samfunnet. Folk tar ikkje lenger alt for gitt, og er meir medvitne til dei naturgitte ressursane. I Telemark har me lite jordbruksareal. Då er det ekstra viktig å ivareta det som er, seier Nymoen.

Tiltaket har blitt godt motteke. Reglane har blitt kjent i landbruksnæringa, og Nymoen har sytt for at politikarane ikkje går glipp av bodskapen.

– Me har ramma inn ein plakat med jordvettreglane til kvar av ordførarane i fylket. Me vonar plakatane har fått plass på kontorveggane, seier Nymoen.

– Men kva med folket i fylket? Har dette nådd fram til dei?

– Det er jo alltid slik at me håpar på meir enn det me får til, men me oppnår å få ut informasjonen. Me vonar både grunnskulen og den vidaregåande skulen, vil nytte informasjonen i undervisninga, og at det vil vere meir snakk om ressursutnytting i klasseromma. Me ynskjer debatten om jordvern både i klasserom, kommunestyresalar og presse, seier landbruksdirektøren.

I Telemark er det 294 300 dekar med jordbruksareal. Dette utgjer berre to prosent av fylkets landareal.

– Dei siste to åra har omdisponeringa av matjord i fylket vore rekordlåg. Det siste året er ikkje meir enn 21 daa jordbruksareal og 45 daa dyrkbar jord blitt omdisponert, seier Nymoen.

– Men det blir vanskeleg å halde talet så lågt kvart år framover. I område som Grenland og Notodden og Heddal er det sterkt press, då områda er attraktive for utbyggarane. I Midt-Telemark er det også tettstadsutvikling, og der ligg gjerne kommunesenteret midt i matfatet, seier han.

– Me arbeider hardt for ei fortetting, då det er den beste politikken for jordvern, seier Nymoen.

Jordvettreglane er som følgjer:
  1. Inga planlegging utan å ta omsyn til jorda
  2. Meld frå kor mykje jord du må omdisponere
  3. Vis respekt for ruskevêr
  4. Ver rusta for langsiktig planlegging, endatil i enkeltsaker
  5. Lytt til erfarne fagfolk
  6. Bruk jordsmonnskart og andre kartdata
  7. Gå ikkje åleine – ta omsyn til terrenget og generasjonars arbeid med jorda
  8. Vend i tide, det er inga skam å snu i ei sak
  9. Spar på matjorda!