MI MEINING

– Me må vakna opp

Det er ikkje tvil om at me har tatt lærdom av svinesaka.

– Folk tenkjer meir på dyrevelferd enn det bønder innser. Me må vakne opp, seier leiar i Rogaland Sau og Geit, Bjørn Høyland.

Bothild Å. Nordsletten

Dyrevelferd er eit heitt spørsmål om dagen, ikkje minst i svinenæringa. No blir det også tema for ein serie møter i regi av Rogaland Sau og Geit.

– Det er ikkje tvil om at me har tatt lærdom av svinesaka, seier Bjørn Høyland.

– Me går inn i ei travel tid no, med lemming. Det byr på utfordringar. Me køyrer denne møteserien først og fremst for å setja fokus på tema. Eg trur alle har godt av å læra litt, til dømes om avliving. For nokre er det sjølvsagt kva tid ein skal avliva eit dyr, for andre er det ikkje like opplagt. Då treng me møte og kurs for å justera siktet.

Høyland meiner det står godt til med dyrevelferda i saue- og geitenæringa.

– Men samfunnet forandrar seg. Folk er mykje meir opptatt av dyrevelferd enn dei var før. Og oppfatninga av kva som er god dyrevelferd forandrar seg. Trykket frå dyrevernorganisasjonar har auka veldig dei siste åra. Næringa har ikkje reagert så fort som samfunnet rundt oss. I lys av svinesaka i Rogaland ser me at det er forhold og rutinar som òg kan bli betre hjå oss sjølve. Då er det viktig å vera føre var. Under lemminga, til dømes. Har du eit daudt dyr så skal det ut i ein kasse. Når det er travelt blir dei daude dyra fort liggjande i ein haug. Me ser at dette ikkje tek seg ut på eit bilete i media.

– Mattilsynet – er dei med?

– Folk frå Mattilsynet er som regel med på møta våre. Samarbeidet er godt. Samstundes er det eit faktum at fleire bønder går rundt og gruar seg for besøk av tilsynet. Det bør me setta oss ned og ordna opp i, saman.

– Er dyrevelferd eit tema som fengjer medlemmane dykkar?

– Ja, interessa er stor. Saue- og geitefolket er svært opptatt av at dyra skal ha det godt. Det er ikkje mange som er så glade i dyra sine som oss! Likevel kan det altså vera grunnar til at me må justera siktet på visse område.

Spørsmål og overproduksjon og låge prisar på lamme-og sauekjøt har prega næringa ei stund. Høyland oppmodar saue- og geitefolk i andre fylke til også å gjera dyrevelferd til eit tema.

– I desse tider må iallfall ikkje dyrevelferd vera ein grunn til at me ikkje får selt produkta våre, seier han.

– Eg trur me bønder må vakna litt opp her. Noko har gått oss litt forbi. Forbrukaren tenkjer nok meir på dyrevelferd, enn det me bønder innser.

Stikkord denne saka: , ,