KJØKKENHAGEN

Sauelort og gras gjer susen

Leikeplass: Av bonden Kalle A. Nilsen får eg halm. Det blir til god jord på den gamle leikeplassen.

God, levande jord må til for at grønsakene skal trivast. Derfor blei eg knallglad då eg fyrst fekk tre sekker med sauelort frå bror min Ståle Ueland, og så ein rundballe som ikkje var brukande til fôr og eit lass med halm frå kalvegardane til Kalle A. Nilsen på Ullandhaug.
De skulle ha sett andleta på naboane mine då Kalle kom durande på traktoren gjennom villastroket her på Eiganes.

Nye bed utan graving

I fjor brukte eg ein heil rundballe i Leikeplasshagen:
Eg fjerna overgrodde buskar og bjørkekratt frå den gamle leikeplassen tvers over gata og laga kjøkkenhage. I staden for å kjøpa eit lass med jord, bygde eg opp beda av gratis «avfall»: Der det ikkje var jord frå før, bare grus og ugras, dekka eg fyrst med eit lag papp/aviser. Så lessa eg på med kvistar og flis i botnen, deretter lauv (hadde fylt mange sekker om hausten), kompost frå varmkompostbingen min (mat- og hageavfall), tang og tare, gammal hestemøkk og sauelort, litt jord frå min eigen kjøkkenhage (stinn av meitemark) og eit tjukt lag med gras på toppen. Fort gjort, null graving! Der det var jord frå før – trong eg ikkje papp og kvistar i botnen. Der bare blanda eg inn møkk og tare og toppa med gras frå rundballen.

Naturen sin metode

Då eg planta ut dei små grønsaksplantene, laga eg eit lite hol i massen og fylte på nokre handfullar med vanleg jord rundt røtene. Dei vaks som bare det! Skikkeleg frodig vart det!
Ikkje rart, for dette er jo naturen sin måte å laga jord på! Jord har jo blitt bygd opp av lag på lag med organisk materiale som har blitt brote ned av makkar, bakteriar og soppar.
Kva eg dyrka i desse «komposthaugane»? Jordeple, lauk, bondebønner, fleire slag kål og grønkål, brokkoli, rosenkål, sukkererter, sommarsquash, mais, graskar, mangold («syskenbarnet» til spinat og rødbete), sommarblomar og georginer. Etterkvart som dette vart omdanna til jord, fylte eg på med nye lag med gras.

Edel gjødsel: Sauelort er gull.

Vidunderknollen

Jordeple passar svært godt til å dyrka i slike bed. Etterkvart som dei vaks, la eg bare på nye lag. Då me i starten av juli lurte på om dei var klare, var det bare å grava til sides litt gras. Der lyste store gule jordeple mot oss. Me kunne plukka inn til grytene utan å spa opp heile planten. Dermed fekk dei mindre knollane veksa seg store.
I midten av juli tok eg opp heile jordepleplantene, for eg trong plassen til nye vekstar. Koss såg det då ut nedi «komposthaugen»? Det var blitt fin jord, laus og luftig. Eg kunne planta ut kål og mangold med bare nevane.

Dei tre lette å få til

Vil du og ungane prøva dykk som grønsaksdyrkar for fyrste gong, er jordeple, løk og bondebønner lette å få til. De treng ikkje dilla med å så og prikla, det er bare å leggja ut jordeplene (legg dei til groing først), stikka ned setteløk og store frø/bønner som skal bli ein sterk plante med mange nye bønnebelgar. Mens andre bønner må ha over ti grader i jorda for å spira, greier denne seg på låge temperaturar.

Gled deg!

Kvifor dyrka jordeple, lauk og bønner når dei er så billige? Fordi det gir stor glede. Fordi det smakar så mykje betre. Fordi du lærer. Fordi dei er vakre. Og fordi du ikkje får kjøpt bondebønner i butikken.

Lort vs. gras og halm

I haust dekka eg jorda med tjukke lag lauv. Nå i vår fekk beda i Leikeplasshagen eit toppdekke av halm. Gras blir raskare omdanna til jord enn lauv og halm og inneheld meir næring. Lauv og halm gir jorda god struktur.
I min eigen hage dekka eg med sauelort i slutten av februar. Beda her er djupe nok, mens i Leikeplasshagen må det «byggjast» meir jord.
Har du god jord frå før, og er mykje plaga av sneglar, er det nok best å dekkja med sauelort (og plenklypp seinare i sesongen) enn med halm. Eg håpar alle sneglar har frose i hel i vinter…

Sunt: Bondebønner. Lette å dyrka, gode å eta.

Raudlauk: Er dei ikkje vakre? Og for ein smak!

Jordeplefest: Prøv den tidlege sorten «Arielle». På Felleskjøpet sin butikk i Stavanger kan du nå få kjøpt settepoteter i laus vekt.

Margunn Ueland

Oppvaksen på Ueland gard i Heskestad.
Har vore journalist i Aftenbladet i 38 år, men hageentusiasten er nå ”bybonde”, bloggar, kurs- og foredragshaldar.
Her finn du bloggen  hennar
Her finn du ho på Facebook

Stikkord denne saka: