MI MEINING

Vil bremsa effektiviseringa

Foto: Privat

Me må definere effektivitet.

Hanne Guåker ynskjer eit opprør mot forventinga om stadig meir effektive bønder.

Bothild Å. Nordsletten

Kvart år blir norske bønder meir effektive. Prosenten dei effektiviserer, er ein av faktorane som ligg til grunn for utrekninga av ramen i jordbruksoppgjeret. Hanne Guåker, kalkunbonde på Nes i Mjøsa, vil ha slutt på effektiviseringspresset, som kvart år skvisar bondekollegaer ut or næringa. Det må vera økonomi til å driva passe store einingar i nord og vest utan at overskotet går bort i dekk og diesel, skreiv ho nyleg på facebook-sida Nettverk for kvinnelige bønder – og skapte debatt.

– Kva er gale med meir effektive bønder?

– Problemet er at me mistar for mange gardbrukarar når me oppnår fleire prosent effektivisering kvart år. I visse område er det kanskje potensial for å gjera ting meir effektivt på store einingar, men sjølv ikkje her på flatbygdene klarar me dette meir. Korndyrkinga og auken i avlingsmengda har stagnert. Det handlar om at det er vanskeleg å vera på rett stad til rett tid. Alle vindauge me har til å jobba på, er så små. Då treng me fleire folk til å gjera jobben. Ikkje færre folk og større maskinar.

– Ønsker du mindre effektivisering?

– Eg trur me må jobba smartare, heile tida. Men me må definere effektivitet. Er det å køyra traktoren over flest moglege mål i løpet av ein dag, eller er det å få eit større produsert volum ut av dei måla du disponerer?

– Du er medlem i Bondelaget. Tek organisasjonen tilstrekkeleg tak i problemstillinga?

– Nei. Bondelaget og politikarane har ikkje same forståinga av kva som er viktig når me produserer mat. Bondelaget har ikkje klart å nå fram med bodskapen og eg meiner at dei ikkje i stor nok grad tar avgangen i talet på bønder på alvor. Dei berre godtek at me effektiviserer oss sjølve bort. Det kan me ikkje lenger akseptere. Effektiviseringsprosenten representerer for meg bondekannibalisme. Me orkar ikkje ta tak i problematikken om at me har overskot i alle produksjonar. Me berre fortset å bygga ut i vissa om at «berre eg klarar meg, så må ein annan gi seg». Det er eit systemproblem.

– Kven har ansvaret for effektivitetspresset?

– Det er eit politisk ansvar å syte for at bønder kan utføra samfunnsoppdraget om å produsera mest mogleg mat på norske ressursar. Me bønder er sjølvstendige næringsdrivande og skal utnytta ressursane våre best mogleg. Politikarane har ansvar for å fø folket og for å sikre beredskap. Effektivitetskravet fører til at norsk matproduksjon mister sitt einaste konkurransefortrinn, nemleg rein og trygg mat. Føresetnaden for dette er spreidd landbruk over heile landet.

I tillegg meiner Guåker at den einskilde bonde må ansvarleggjerast.

– Når Nortura vil ha meir av eit eller anna slag, så må også kvar bonde sjå at me er i ferd med å gå i retning massivt overskot på storfekjøt og sau.