Vedlikehald: – Dersom ein skal oppnå høge avlingar med langvarig eng, vil det sikraste vera planmessig fornying med veldikehaldssåing, meiner vekas fagartikkelforfattar. Foto: Einböck

Me har bak oss eit år som har gitt oss både køyreskader og pakking av jorda. Det viser seg at dersom grovfôrkostnadane skal haldast nede, må grasavlingane haldast oppe.

Geir Paulsen
Avdelingssjef såvare, Felleskjøpet Rogaland Agder

Skal ein klare det må enga fornyast med jamne mellomrom. Dette vart igjen slått fast på regionmøte i Grovfôr 2020 i Stavanger før jul. Men det viste seg at dei bruka som kom ut med lågast grovfôrpris hadde valt heilt ulike strategiar for engdyrking. I eine enden av skalaen fann me dei som har eit intensivt opplegg med eittårig raigraseng i vekstskifte med korn, medan andre sjeldan eller aldri pløyer, men vedlikehaldssår enga kvart år. Begge oppnår svært høge avlingar og har låge grovfôrkostander. Og begge fornyar enga ofte.

Ulike blandingar

Det finst mange frøblandingar på marknaden, men prinsippa dei er utvikla etter er ofte nokså like: Me har blandingar til slått og blandingar til beite, blandingar som er tilpassa til ulike klimaforhold, og til ulike bruksområde og driftsforhold.
I slåtteblandingar er det hovudvekt på høgtytande sortar, ofte strågras som for eksempel timotei. Beiteblandingane har meir vekt på bladgras med god smaklighet og opptak, og som set færre strå, for eksempel raigras og engrapp.

Kortvarig og langvarig eng

Driftsforholda påverkar levetida til enga langt meir enn sortsblandinga. Med to slåttar utan beiting kan ein få store avlingar ut av ei eng med timotei og engsvingel over mange år, gjerne i fem til seks år og lengre. Men i eit tre-slåttsystem vil timoteien ofte vera kortvarig, og alt etter to til tre år er det lite timotei att i enga. Det viser seg at heller ikkje engsvingel står veldig lenge. Under slike forhold er det ein fordel å bruke allsidige blandingar med for eksempel raigras og eller engrapp i.
Strandsvingel er ein grasart som kan gje store avlingar og det finst vintersterke sortar som eignar seg til norske forhold. Den etablerer seg seint, men kan til gjengjeld stå veldig lenge. Strandsvingel har dårlegare fordøyelighet enn dei fleste andre grasslag, men me har ennå for lite erfaring med strandsvingel i Norge.
Dersom ein skal oppnå høge avlingar med langvarig eng, vil det sikraste vera planmessig fornying med veldikehaldssåing. Det har vist seg at raigras eignar seg betre til dette formålet enn timotei. Det er viktig å ha fast rutine på såinga, enten kvart eller annakvart år. Dersom du vedlikehaldssår først når enga ser dårleg ut, har enga alt tapt seg for mykje.

Raigras eller timotei?

I våre kystnære strok på Vestlandet og Sørlandet har fleirårig raigras ein naturleg plass i frøblandingane. Enten med ein liten andel på ti eller tjue prosent, eller med raigras som hovudkomponent i blandinga. Raigras tåler godt fleire slåttar, har gode beiteeigenskapar og høgt avlingspotensiale. Ulempa er at raigraset er svakare på overvintring.
Det er viktig å vera klar over at tre slåttar vil favorisere raigraset i ei frøblanding, og at ti prosent raigras i utgangspunktet i løpet av få år kan endre karakter til å bli ei eng der raigras utgjer hovuddelen.

Kløver eller ikkje?

Det finst frøblandingar både med og utan kløver, men dei fleste har litt kløver. Kløver er ei plante med god fôrkvalitet og høgt mineralinnhald. I tillegg kan den fiksera nitrogen frå lufta ved hjelp av bakteriar på røtene. I beiteblandingane vil det alltid vera kløver, oftast kvitkløver.
Kvalitetsmessig er det utvilsamt ein fordel med kløver også i slåtteblandingane. Men kløver er dyrt frø og enkelte ser at kløveren blir borte etter få år med sterk gjødsling, og vil heller bruke ei blanding utan kløver. Dessutan står ein friare med ugrassprøyting, sidan det er mange sprøytemiddel kløveren ikkje tåler.

Nye sortar

Dagens frøblandingar er sett saman av dei mest yterike sortane me har nå, men det pågår ein kontinuerlig utvikling av nye og betre grassortar. Me har gode norske sortar i alle grasblandingane. Når det gjeld timotei har sorten Grindstad vore einerådande i vårt distrikt lenge. Nå er den nye sorten Liljeros på veg, og kan vera eit godt supplement. I eigenskapar er den nokså lik Grindstad.
Av engsvingel har sortane Minto og Fure vore mykje brukte. Vestar er ein ny yterik sort som ser lovande ut og vil overta etter kvart. Den nye raudkløversorten Gandalf kjem også snart på marknaden. I fleirårig raigras har den norske sorten Figgjo gjort det bra. Det finst fleirårig raigras med ulikt skytetidspunkt, tetthet, smak, vinterstyrke osv. I raigrasblandingane blir det difor brukt mange sortar raigras som utfyller kvarandre, så her må me supplere med ein del utanlandske sortar.

Vekstskifte

På Vestlandet og Sørlandet blir det aller meste av arealet brukt til grasdyrking. Mange ynskjer å ha enga så lenge som råd før nytt gjenlegg, og sår gras etter gras. Men det er råd å få til eit vekstskifte også i eit slikt opplegg. Å bruka plogen av og til gjer mulighet for kalking, og ein blir kvitt ugras som tunrapp og løvetann, i tillegg til å løfte litt i jordstrukturen. I einsidig grasproduksjon vil eg nemne eit par gode alternativ med vekstskifte:
Grønfôrraigras har vist seg å vera ein god måte å få til eit vekstskifte, der ein ikkje har mulighet til åker som vekstskifte. Grønfôrraigras kan vera både eittårig (westerwoldsk) raigras og toårig (italiensk) raigras, eller ei blanding av desse. Begge er ei tårige kulturar hos oss. Eittårig raigras eignar seg best til slått, medan toårig er å føretrekkje til beiting. Grønfôrraigras gir omtrent same avling som ei god eng. Det blir eit tett bestand, og eit eller to år med grønfôrraigras vil redusere kveke og andre rotugras i enga. Grønfôrraigras eignar seg ikkje som dekkvekst til gjenlegg.
Fôrerter er også eit godt alternativ. Fôrerter er eit smakleg og proteinrikt fôr, og det gjev ei god tilleggsavling i gjenleggsåret. Og ein kan bruke same haustelinje som til gras. Ertene fikserar nitrogen på same måte som kløver, og mange har opplevd at det blir ei veldig frodig eng etter erter. Her er det viktig å passe på å slå ertene før dei kjem for langt, legde kan føre til opne flekker og ujamt gjenlegg. Erter kan såast åleine eller samen med litt bygg, og gjerne som dekkvekst til gjenlegg.

Stikkord denne saka: ,