Marit Henjum Halsnes understreka nytten av godt grovfôr og analyse av grovfôret, når innefôringssesongen skal planleggast.

Du bør vite, ikkje berre tru, kva som er best og dårlegast av grovfôret ditt.

Liv Kristin Sola

– Sjølv om sauen har størstedelen av produksjonen på beite, er det likevel viktig å sette fokus på grovfôrkvaliteten og den perioden sauen blir fôra inne, sa Marit Henjum Halsnes.
Halsnes er rådgivar i Norsk landbruksrådgiving Vest. Ho møtte sauebønder i Sogn og Fjordane på ei fagsamling på Skei i Jølster.
Kvaliteten på beitegraset og på grovfôret gjennom året, har mykje å seie for økonomien i drifta. Godt grovfôr vil auke søya sin produksjon, førebygge sjukdom og redusere behovet for kraftfôr.
– Utmarka og fjellbeitet rår me ikkje over, men det er moro å få ein peikepinn på kvaliteten på grovfôret me disponerer, sa Halsnes.
Halsnes, som sjølv er sauebonde, oppmoda bøndene til å ta analysar av grovfôret.
– Berre med ei fôranalyse som grunnlag, kan de gjere ei vurdering om korleis de skal disponere og fordele grovfôret, med tanke på at lamminga krev det beste fôret, summerte Halsnes.
Ho understreka at det alltid er eit mål å oppnå god avling, friske planter, eit godt fôropptak og ikkje minst friske dyr.

Tolke tal

NLR har utvikla verktøyet surfôrtolken, til gjennomgang av grovfôranalysane. Måltal og kommentarar i surfôrtolken er tilpassa mjølkeproduksjonen, men er eit godt utgangspunkt også for å vurdere grovfôr til sau.
Ei fôranalyse gir informasjon om innhald av næringsstoff og gjæringskvaliteten i grovfôret. Rådgivaren trakk fram tørrstoff (ts), pH og energi (FEm), og innhald av protein, mineral og fiber (NDF) som dei viktigaste parametrane.
På Vestlandet er det ifølgje Halsnes, gjennomgåande låg tørrstoffprosent og lågt innhald av sukker.
– Gjæringa er alfa og omega for kvaliteten på grovfôret. Med mykje vatn i graset, vert ein nøydd å tilsette syre for seinke pH raskt, og ta kontroll på gjæringa, var rådet frå Halsnes.

Gjæringskvalitet

Tal for mjølkesyre, eddiksyre, smørsyre og ammoniakk (NH3-N), viser om gjæringa har vore vellukka. Kraftig mjølkesyregjæring tapper fôret både for energi og sukker. Mengda protein heng saman med mengde og tidspunkt for gjødsling. Mellom 140 og 160 g/kg ts er optimalt. Ved feilgjæring blir ein del av proteinet brote ned til ammoniakk.
Smørsyre reduserer smakelegheit og kvaliteten på fôret, og gir redusert fôropptak.
Opptaksindeksen seier noko om kor smakeleg fôret er, og kor mykje gjæringskvaliteten påverkar fôropptaket.

Tørrstoff og ensileringsmiddel

Sauene er glad i tørt fôr, men høg tørrstoffprosent er ei utfordring å oppnå på Vestlandet. Om ein lukkast med fôrtørking opp mot 40 prosent ts, vert det normalt mindre gjæring i massen.
– Med rask og god pakking, kan det fungere utan ensileringsmiddel. Den største trusselen er sopp og muggdanning, og det kan det vere smart å nytte eit ensileringsmiddel med propionsyre, sa rådgivaren.

Næring tilpassa behovet

Tidleg slått gir høg energikonsentrasjon, og vert utfordrande som appetittfôr om vinteren. Litt sein slått er godt vinterfôr til sau. Fysisk struktur vert ein avgrensande faktor for fôropptaket. Har du fleire typar grovfôr, må du planlegge ut frå kvalitetane på grovfôrslaga:

  • Best til lamming.
  • Middels til paring, kan vurdere litt etter ønska lammetal.
  • Svakast til vinterfôr.

– I store besetningar med fôrkorger og appetittfôring, vil eit altfor godt surfôr føre til at søyene rett og slett legg på seg og avleirar feitt. Midtvinters krev dei ikkje så mykje. Men i siste tida av drektigheita og etter lamming, treng dei det energirike fôret. Og her kjem kraftfôret inn, skriv Halsnes, i ein e-post til Bondevennen.

Meir livskraftige lam

– Moderat fôring tidleg i drektigheita, gir sterke morkaker, færre dødfødslar og meir livskraftige lam, sa Halsnes, og viste til forsking gjort av Åshild T. Randby, forskar ved NMBU på Ås.
Gjennom avl og fôring har den norske sauen auka frå 1,17 lam, 37 kg haustvekt og 15 kg slaktevekt i 1960, til 2,1 lam, 44 kg haustvekt og 20 kg slaktevekt i 2015.
– Sauen har endra seg mykje på 50 år, men lamma våre kan ta opp meir energi tidleg i livet, og tar framleis opp mesteparten av tilveksten på naturbeite. Vår moderne sau har større evne til å ta opp energi enn det den hadde for 50 år sidan, og fôringa må tilpassast den moderne søya, sa Halsnes.

Utvikling av graset

For å få eit inntrykk av utviklingstrinn på graset, og tidspunkt for hausting, kan du observere ei rute på 1×1 meter.
– Mellom to og ti synlege aks (timotei), er enga i begynnande skyting. Ved full skyting er alle aks ute. Blomstring er svært seint i utviklinga, og det støvar og dett blomar av akset, sa rådgivaren.

Fôrbehov i ulike periodar

På spørsmål frå Bondevennen om fôropptak og energibehov, viser Marit Henjum Halsnes til Nortura sitt temaark, Fôring av sau og lam, av Finn Avdem (Team Småfe, 2011) Forfattaren deler drektigheita inn i lågdrektigheit og høgdrektigheit, kor skiljet går åtte veker før lamming. Ifølgje Avdem, skjer 70 prosent av fostertilveksten dei åtte siste vekene før lamming. Då startar fostertilveksten verkeleg å krevje energi frå søya.
Tabell 1 viser venta grovfôropptak i FEm for ulike grupper av dyr ved ulik grovfôrkvalitet, før lamming. Utover i drektigheita aukar grovfôrkapasiteten hjå søya.
Tabell 2 viser dagleg energibehov til ulike grupper sau (NKS) i lågdrektigheitsperioden.
Tabell 3 viser energibehov til fosterproduksjon i FEm per dag ved ulike tal på foster.
Summen av energibehov til vedlikehald, sum fostertilvekst og eventuelt tillegg for auka fôr gir totalt energibehov.
Ut frå desse tabellane, kan ein rekne seg fram til kor mykje kraftfôr årringgar, to-årringar og vaksne søyer har behov for i dei ulike periodane frå innsett fram til lamming.

Tabell 1: Dagleg energibehov til ulike grupper sau i lågdregtigheitsperioden (Norsk kvit sau)

Tabell 2: Energibehov til fosterproduksjon i FEm pr dag ved ulik kullstorleik (I tillegg kjem sjølvsagt vedlikehaldsbehovet).

Tabell 3: Sannsynleg grovfôropptak i FEm for ulike grupper av dyr ved ulik grovfôrkvalitet før lamming

 

 

 

Stikkord denne saka: , ,