Meir norsk mat: Skal legitimiteten til landbruket oppretthaldast er me avhengig av å produsere mat i størst mogleg grad på norske ressursar. Då må mjølkeavdråtten stabiliserast på eit nivå som gjer det mogleg å nytte meir grovfôr og norskprodusert korn i fôrrasjonen til mjølkekyra.

Norske mjølkekyr må i større grad nytte dei norske fôrressursane skal landbruket oppretthalde legitimiteten og samstundes vere bærekraftig.

Liv Kristin Sola

Odd Magne Harstad, professor ved NMBU, Ås, her i fleire år forska på utviklinga i norsk mjølkeproduksjon og bruk av norske fôrressursar. I seinare år har klimagassutslepp frå mjølkeproduksjonen blitt ein stadig viktigare del av forskinga.

– Det er eit enormt komplekst tema med mange forgreiningar, seier forskaren, som framleis sit med mange uavklarte spørsmål.

Harstad viser til at mjølkeproduksjone er bærebje  lken i norsk landbruk. Produkt frå kua er ein viktig del av det kosthaldet vårt. Samstundes står mjølkekua for rundt 40 vrprosent av klimagassutsleppa i jordbruket.

Stadig meir kraftfôr

Me har bak oss nokre år med ei kraftig auke i mjølkeavdrått per ku. Dagros mjølka i snitt 1500 liter meir i 2015 enn i 2005 (tabell 2). Nye, moderne fjøs og mjølkerobot er noko av forklaringa. Strukturrasjonaliseringa har ført til færre og større bruk. Tunge investeringar og krav til effektiv og lønsam drift driv produksjonen oppover.
Det er slutt på tida då produksjonen i fjøset stod i forhold til ressursane på garden. Medan styresmaktene vil ha meir mat på norske ressursar, er konsekvensen av rammevilkåra det heilt motsette. Mjølkeprodusenten tilpassar seg rammevilkåra. Konsekvensen er høgare yting, ofte knapt med grovfôr, og auka bruk av kraftfôr.
Ifølgje Harald Volden i Tine, kan 80 prosent av avdråttsauken forklarast med auka bruk av kraftfôr. Høgare yting set høgare krav til kvalitet på råvarene. Importen aukar.

– Kyr som mjølker 10.000 liter har i gjennomsnitt omlag 55 prosent norskprodusert korn i kraftfôret. Men så er det faktisk slik at behovet for kraftfôr totalt sett er så stort at behovet for norsk korn også aukar, sjølv om delen norsk korn i kraftfôret er redusert, seier Harstad.

 

Overskot av grovfôrareal

Høgare opptak og betre utnytting av grovfôret er faktorar som kan gi klimavinst. Mange bønder produsere mykje mjølk på godt grovfôr, men for mange er grovfôr ein knapp ressurs. Auka import erstattar norske råvarer, både korn, men også grovfôr. Import av meierivarer og fråfall av eksport av Jarlsbergosten utgjer ifølgje Harstad, eit volum på om lag 350 millionar liter mjølk.

– Redusert totalvolum og jag etter auka avdrått set næringa i ein situasjon med overskot av grovfôrareal. Eit areal som til ein viss grad kan nyttast av fleire ammekyr, utan at det vil kompensere for det arealet som kan gå tapt som ein konsekvens av endringane i mjølkeproduksjonen, seier Harstad.

– Færre mjølkekyr produserer mindre kjøt. Dette volumet må erstattast med storfekjøt frå spesialisert kjøtproduksjon. Ammekyr har eit høgare utsleppsnivå per kilo kjøt fordi dei berre produserer kjøt.

Ta vare på kornarealet

Ein oversikt frå Innovasjon Norge viser at tal på ammekyr aukar mest på Austlandet.

– Det er heilt klart områder på Austlandet som ikkje eignar seg til anna enn grasproduksjon, men det er svært viktig framover at me tek vare på alt kornarealet vårt her til lands, seier Harstad.

Om lag halvparten av det dyrka arealet her til lands kan berre nyttast til å dyrke grovfôr.
Arealet har ingen alternativ produksjonsverdi, og drøvtyggjaren er den einaste som kan omdanne gras til mat – mjølk og kjøt. Statistikk frå AgriAnalyse viser at kornareal på Austlandet vert lagt om til grasareal, medan grovfôrareal går ut av drift på Vestlandet. Ifølgje Harstad, vert om lag 2/3 av norsk jordbruksareal i dag nytta til grasproduksjon.

– Handlingsrommet som gjer det mogleg å framtidig auke matproduksjonen og redusere utslepp av klimagassar per eining produsert matvare, ligg først og fremst i å auke produksjonen av norsk matkorn. Men meir ekstremvêr vil gjere det meir krevjande å dyrke åkervekstar samanlikna med grasvekstar i framtida, seier Harstad.

Høgare yting gir mindre klimagassar?

Isolert sett tyder forskinga på at høgtytande kyr har lågare klimagassutslepp per kilo mjølk enn kyr med meir moderate ytingar.

– Utslaga er marginale. Men om me innanfor ein gitt mjølkekvote aukar ytinga per ku, og reduserer talet på kyr, vil det i seg sjølv gi ein klimaeffekt, seier Harstad.

Han viser til andre faktorar som alder ved første kalving, lengde på kalvingsintervall, tal på laktasjonar, og helsestatus i buskapen, som også verkar inn på utslepp per kilo mjølk.

– Når me ser mjølk og kjøtproduksjon under eitt, gir det ingen klimagevinst å auke avdråtten i mjølkeproduksjonen. Konsekvensen er derimot auka import av fôrråvarer, og redusert bruk av norske ressursar i mjølkeproduksjonen, seier Harstad.

Eit paradoks

Professoren er klar over viktige argument som sysselsetting, verdiskaping og liknande, men dersom me innrettar produksjonen slik at norsk mat i stor grad vert produsert på importerte ressursar, kva for viktige argument har me då for å oppretthalde matproduksjonen her til lands?

– Norsk landbruk står framfor eit stort dilemma. Det er kostbart å produsere mat i Norge. Skal legitimiteten til norsk landbruk oppretthaldast er me avhengig av å produsere mat i størst mogeleg grad på norske ressursar, seier Harstad.

Truleg er det atter ein gong me her i nord som har trekt det lengste strået og kjenner minst på konsekvensane av klimaendringar. Då vert det eit paradoks, meiner Harstad, at me ikkje skal nytte eigne ressursar til å produsere vår eigen mat.

– Det er direkte umoralsk i ein situasjon med mangel på mat i verda. Me må vere klar over at mykje av det arealet i utlandet som vert nytta til å produsere fôr til norske husdyr, alternativt kunne vore nytta til å produsere menneskemat av god kvalitet, seier Harstad.

– Dette er eit stort spørsmål som næringa bør ha ei klar oppfatning om, men som dei så langt ikkje har tatt skikkeleg tak i, i følgje Harstad.

Drikk meir mjølk

– Så kva bør norske mjølkekyr produsere?

– Det vil eg ikkje talfeste og svaret er heller ikkje eintydig. Men ytinga må ikkje aukast ut over dagens nivå. Ei ytterlegare auke sette legitimiteten til norsk mjølkeproduksjonen under press, seier Harstad.

Han meiner det heilt klart er mykje som kan gjerast for å redusere utslepp av klimagassar frå mjølkeproduksjonen. Nokre metodar er kjende, men det står att mykje forsking for å finne fleire svar. Harstad meiner at kjøt frå norsk mjølkeproduksjon, produsert på norske ressursar, utan tvil er ein berekraftig matproduksjon. For ein ting vert han stadig meir overtydd om. Kua er ingen klimaversting. Tvert om.

– Me må snakke opp norsk mjølkeproduksjon og drikke meir mjølk, oppmodar Harstad.