– Eg må ha ti minutt til å snakka om kålmøll, sa Kari Aarekol bestemt.


Jane Brit Sande


Det var økologisk grønsaksproduksjon som stod på planen då Norsk Landbruksrådgivning Rogaland (NLR) og Fylkesmannen i Rogaland inviterte til fagdag og markvandring hjå Gunnhild Flatebø og Harald Bjørn-Nielsen på Byre i Finnøy kommune, Rogaland. Garden vart kjøpt på open marknad i 1990, og den har vore under Debio-godkjenninga sidan 1995.

Eig heile verdikjeda

I starten var det mjølkeproduksjon og etter kvart litt gris. Livssituasjonen elles gjorde det vanskeleg å driva med husdyrproduksjon, då dei pendla dagleg. Etter kvart starta dei med økologisk grønsaksproduksjon. Bøndene hauster endå av godane etter husdyrproduksjonen.
– Då me avslutta husdyrproduksjonen satt me igjen med ein full møkkakjellar. Den har dei siste fem åra vore eit godt gjødsellager, og me kan leve på det i nokre år til. Gjødsla blir kjørt ut konsentrert. Me nyttar maisduk, og denne komposterer seg sjølv. I tillegg luker me litt i gangane mellom dukane, fortel Bjørn-Nielsen.
Flatebø og Bjørn-Nielsen eig heile verdikjeda frå jord til bord, og dei peiker sjølv til at det er den største fordelen deira. På garden har dei produksjon av frukt, grønsaker og urter. Det store spennet av produksjonar er litt lite rasjonelt. Alt dei produserer sel dei i eigne butikkar, og dei fraktar sjølv råvarene frå garden og inn til Stavanger.
– I åkeren er utfordringa ugras og tid, men det som tek mest av vår tid er innhausting og pakking, seier Flatebø.
Bøndene plantar over tid, og plantar for hand. Kålfeltet trengte dei tre veker på å få i jorda. Feltet blir flytta kvart år, og har eit omløp på sju år. I år starta dei å planta den 21. mars.

Invasjon av kålmøll

Kålvekstene veks på rad og rekke. Bøndene kan by på rosenkål, grønkål, vinterkål, knutekål, blomkål, brokkoli, og mykje meir. I si tid, før grønsaksproduksjonen blomstra, var det ei eng, og i fjor låg den brakk. I år spirer og gror kålen. Men kål får òg utfordringar. På Byre var det tydeleg spor etter forskjellege insekt.
– Invasjonen av kålmøll har vore heilt hysterisk i år, kommenterer Kari Aarekol, seniorrådgjevar grønsaker, i NLR.
– Kålmøllen kom fykande inn same dagen i heile landet. Dei kom mest sannsynleg fykande frå Baltikum. Det har vore eit sant mareritt.
Frå egglegging til larve går det sirka sju dagar, noko, som i følgje Aarekol, byr på «ein fin runddans». Rådgjevaren rådar bønder å vere selektive med kulturen dei plantar.
– Kinakål, for eksempel. Det er den verste kulturen. Den veks fort, og lukker larvene inn i blada. Der trivst egga. Det er ikkje farleg med larvar eller møll, men ingen likar å ha dei krypande på tallerkenen sin.
Duk eller nett er eit alternativ for å beskytta åkeren mot flygande insekt, som for eksempel kålfloga og gulrotfluga. Men kålfloga har ein god luktesans. Dei nyttar seg kjapt av eit hol i dekkematerialet, eller om ein ikkje har tetta godt nok rundt kantane.
– Nyttar du dekkemateriale, risikerer du å stenga møllen inne. Skal du legge over dekkemaeriale, er det ein fordel å ikkje gjera det om kvelden, for då svermar kålmøllen mest. Kålmøll legg egg gjennom dekkematerialet. Skal du unngå det, må du bruka for eksempel bøylar, slik at dekkematerialet ikkje ligg ned på kålvekstane.
Aarekol har lang fartstid i grønsaksåkrar rundt i fylket. Ho har sett mykje, men er fortvila over situasjonen.
– Eg har sett over ti larvar på eitt blad. Det er til å grina av, sa ho.
Kålsommarfuglen er òg velkjent, og er lys gul med svarte prikkar. Den angriper få plantar, men til gjengjeld blir blada bombardert med larvar. Det gjer dei lettare å plukka av, særleg i motsetnad til larvane til kålmøllen, som ein kan finna på kvar einaste plante og kvart einaste blad.
– Men dette er eit fantastisk frodig kålfelt, så her har de gjort mykje riktig, kommenterte Aarekol til bøndene.

Ikkje sniglar

Hjå Flatebø og Bjørn-Nielsen, og elles på Byre, er det fritt for sniglar.
– Eg plar råde bønder om å jobbe som om der er sniglar. Er dei allereie komen, er det for seint. Plantar ein på maisplast er det eit eldorado for sniglane. Rosenkål er ein kultur der sniglar trivst godt, sa Aarekol.

Mais i firkant

Aarekol var beigeistra då ho såg maisen til Flatebø og Bjørn-Nielsen. Dei var nemleg ikkje planta i rekker, slik som kålen. Maisen var dyrka i kortare rekker, og fleire rekker ved sida av kvarandre.
– Her har maisen blitt planta i ein firkant, noko som er heilt riktig. Det har med bestøving å gjere, forklara Aarekol.
– Maisplanten skal plantast djupt, og røtene veks i «etasjar». Planten blir høg, men knekk ikkje. Ein tommelfingerregel er at planten skal vere i knehøgd til St. Hans, sa ho vidare og demonstrerte at plantane på Byre var i rute for sesongen.

Stikkord denne saka: , , ,