Har du definert mål for kalvestell og kvigeoppdrett på din gard? Eller går det litt etter innfallsmetoden?

Liv Kristin Sola, Tine

Mange uttrykkjer at dei ønskjer kalving ved høgare alder, til dømes ved 26-28 månadar, med det som argument at kvigene då er større og gir høgare yting i første laktasjon. Yting i første laktasjon heng saman med størrelse, men det er ingen grunn til at kvigene ikkje kan vera store nok ved 24 månaders alder, spesielt ikkje dersom grovfôr er ein mangelvare på garden eller det er trongt om plassen i fjøset. I ein slik situasjonen vert det endå viktigare at kvigene er store nok ved ein lågare alder. Fokuser på vekt ved inseminering, ikkje alder. Når kvigene passerer rundt 370-380 kilo og viser god brunst, er det bare å inseminera.

Einmaga ved fødsel

Ved fødsel fungerer fordøyinga til kalven som hjå eit einmaga dyr. Dei første 2-3 vekene er løypen det einaste mageavsnittet som fungerer som fordøyingsorgan. Kalven har dermed den same trongen for vitaminer og aminosyrer som er karakteristiske for einmaga dyr. Mjølk er det einaste fôrmiddelet som kalven kan få tilført næring frå i denne tidlege fasen. Mjølk skal til løypen der ho koagulerer. Rett temperatur på rundt 39-40 grader er viktig for å få til ei effektiv koagulering av mjølka i løypen. Ved optimale tilhøve vil mjølkeproteinet (kasein) koagulere i løypen i løpet av 10 minutt. I løypen vil koagelet brytast sakte ned til mindre peptider som lett kan absorberast frå tarmen. Nedbrytinga er ein langsam prosess som kan ta opp mot 10–12 timar. Sjekk temperaturen på mjølka før du gir kalven. Mjølk med for låg temperatur koagulerer dårleg, noko som reduserer opptaket av næringsstoff frå mjølka.

Utvikling av vom og drøvtyggjarfunksjonen

Bileta syner utviklinga av vom sjå kalv ved 6 vekers alder ved 3 ulike fôrsituasjonar:

Bileta syner utviklinga av vom sjå kalv ved 6 vekers alder ved 3 ulike fôrsituasjonar.

Perioden med mjølkefôring kan delast inn i 3 fasar:

  • 1-3 veker: kalven har karakter av å vera einmaga
  • 3-5/6 veker: overgangsperiode mellom å vere einmaga og drøvtyggjar
  • Over 6 veker: kalven er godt i gang med drøvtygginga

Det er viktig at kalven får vatn og kraftfôr i løpet av første veka. Mjølk kan aldri erstatta vatn, då mjølk skal til løypen og vatn skal til vomma. Vatn er eit viktig næringsstoff i seg sjølv. Vatn er i tillegg eit billig næringsstoff og aukar opptaket av kraftfôr. Kraftfôr utviklar papillane og overflata i vomma. Ei stor overflate aukar absorpsjon av næringsstoff. Grovfôr utviklar muskulaturen i vomma og aukar volumet. Grovfôret stimulerer kontraksjonane/rørslene i vomma. Vent med å gje større mengder grovfôr før kalven har fått smaken på kraftfôret. Stivelse frå kraftfôr er den viktigaste faktoren for å stimulera til rask utvikling av vom og effektivt opptak av næringsstoff. Overgangen ved avvenning frå mjølkefôring til tørt fôr går smidigare når kalven har eit høgt opptak av kraftfôr.

Forventa tilvekst ved ulik alder

Forsøk har vist at god tilvekst i tidleg alder aukar ytinga i første laktasjon. I eit offensivt kalveoppdrett er det eit realistisk mål at kalven doblar fødselsvekta ved 2 månaders alder. Vidare har NRF kalven potensiale til tilvekst opp mot 900-1000 gram per dag, og kan oppnå ei vekt opp mot 120 kilo etter 3 månadar. Dei første 5 månadane skjer tilveksten ved auke i mengde celler. Etterpå skjer veksten i all hovudsak ved at cellene utvidar seg. I overkant av 4 liter mjølk utgjer 1 FEm, litt varierande avhengig av innhald av tørrstoff i mjølka. 4 liter mjølk per dag er nok til å dekka behovet for vedlikehald til ein kalv på 40 kg, + litt til. Behovet for energi aukar når temperaturen fell. Fuktig underlag stel mykje varme.

Kne-test: legg deg på kne på underlaget i 20 sek; blir du blaut må det meir strø til eller strø må skiftast.

bv48_fag1

Figuren over syner tilvekstkurva som ein finn på medlem.tine. no. Den raude kurva syner kilo levande vekt, medan den blå kurva syner potensiell tilvekst ved ulik alder oppgitt i gram tilvekst per dag. Målet for vekt og alder ved kalving er markert med den raude sirkelen. Det er ulike tilvekstkurver for dei ulike rasane. Ta kontakt med nøkkelrådgjevaren din i Tine dersom du vil veta meir om tilvekstkurva og registreringsprogrammet. Del erfaringar med andre og ha ambisjonar for kalvestellet og kvigeoppdrettet

Praktiske tips

  • Vær nøye med at kalven får nokimmunstoff frå råmjølka så raskt som mulig etter fødsel.
  • Vær nøye med temperatur og hygiene rundt tildeling av mjølk for å oppnå eit optimalt opptak av næringsstoff frå mjølka.
  • Gje vatn og kraftfôr frå første veke for å få ein god start på vomutviklinga og drøvtyggjarfunksjonen.
  • Ha som mål at du ikkje gjer meir enn ein endring i veka. Skjer det fleire endringar på same tid kan det gå ut over fôropptaket.
  • Ved avvenning skal kalvane eta minst eitt kilo kraftfôr. Gje fri tilgang på grovfôr av god kvalitet.
  • Kalvar under 6 månadar må få tilskot av kraftfôr dersom dei går på beite.
  • Følg med vekta på kvigene når dei nærmar seg insemineringsalder, inseminer ved ønska vekt, ikkje alder.
  • Aktuelle periodar å ta brystmål:
    – ved fødsel
    – ved avvenning frå mjølk
    – rundt 3 månadar
    – før og etter beitesesongen
    – ved inseminering
    – ved kalving

Finn ut korleis vektutviklinga er på dine kalvar og gjer endringar dersom det viser seg å vera naudsynt.Det er mange vegar til å nå målet, og det er ingen grunn til å endra eit opplegg som fungerer Du må definera dine mål og føreta registreringar for å finna ut om du når dei måla du har sett deg.
Lykke til med kalvestellet og kvigeoppdrettet!

Stikkord denne saka: ,