Artikkelforfattaren peikar på behov for langsiktig planlegging ved overgang frå båsfjøs til ein stor besetning i lausdrift med robotmjølking. (Arkivfoto)

Artikkelforfattaren peikar på behov for langsiktig planlegging ved overgang frå båsfjøs til ein stor besetning i lausdrift med robotmjølking. (Arkivfoto)

 

Kvifor lukkast nokon betre enn andre når dei flyttar inn i nytt fjøs og aukar mjølkekvoten? Gjennom prosjektet økonomi og driftsleiing på utbyggingsbruk i mjølkeproduksjon har vi samla ein del gode råd som hjelp for å få ein god start.
Torfinn Nærland
Tine Rådgiving
Gjennomsnittleg auke i kvote for 27 av prosjektbruka som bygde nytt fjøs var 79 %, frå 216.000 liter til 386.000 liter, sjå tabell 1. Auken skjedde i perioden frå 1 år før bygging til 3 år etter bygging. I desse åra skjer det mykje på garden, og det er viktig å halde fokus på og å lukkast med produksjonen. To viktige faktorar for å få ein god økonomi er høg kvotefylling og låg utrangering av kyr.

 

Bv03.indd

Kvotefylling

Frå før veit vi at kvotefylling er viktig for god lønsemd. Undersøkinga vår syner at kvotefyllinga er avhengig av kilo mjølk per årsku, tal årskyr, om bonden har høg eller låg eigeninnsats i byggjeperioden, og individuelle skilnader mellom bønder.
Når kvoten aukar er det viktig å få opp både avdråtten og tal kyr, og begge deler er om lag like viktige. Fleire brukarar slit med å få til avdråttsauken. Dessverre manglar vi tal for planlagd avdrått i driftsplan på utbyggingsbruka, men det er grunn til å tru at denne er høg for å få plass til flest mogleg kyr i det nye fjøset. Når ein fjerdedel av bruka har avdrått mellom 6.013 og 7.375 kilo i år to etter utbygginga, er det grunn til å tru at dei gjerne skulle sett dette talet høgare. I den andre enden av skalaen har ein fjerdedel av bruka klart å oppnå ein avdrått mellom 8.444 og 10.937 kilo i år to.
Undersøkinga viser at for stor eigeninnsats i byggearbeidet kan gå ut over drifta. Dersom bonden meiner han/ho har hatt for stor eigeninnsats i byggjeperioden, vert kvotefyllinga i middel 3-4 % lågare per år etter utbygging jamført med om bonden meiner eigeninnsatsen var grei. Til slutt kjem den individuelle variasjonen mellom bønder, som fort kan kome opp i 5% variasjon i kvotefylling per år.
Resultata viser òg at bruk med store kvotar ikkje klarer å fylle like stor del av kvoten som dei mindre bruka. Som vi ser av tabell 2, tek det fire år før bruka i den største kvotegruppa kjem opp på nivå med dei andre gruppene. Om vi t.d. ser på år to etter utbygging, har ein fjerdedel av bruka ei kvotefylling mellom 75 og 90 prosent. I motsett ende av skalaen har ein fjerdedel av bruka ei middel kvotefylling på 101 % eller høgare i år to. Analysane våre syner at for bruk med store kvotar er det særleg viktig å få opp avdråtten pr. ku.

Utrangering av kyr

Middel utrangering av kyr i norske buskapar var 43% i 2014. Dette middelet er for buskapar i normal drift som har plass til og ofte tradisjon for å sette på mange nye kviger. For å fylle kvoten i innflyttingsåret i nytt fjøs må ein ofte kjøpe inn kyr eller kalveklare kviger. Eller ein kan sette på ekstra mykje kvigekalvar i åra før innflytting, som kalvar etter innflytting.
Mange bruk har stor utrangering nettopp i innflyttingsåret, og slit difor med å fylle kvoten. Analysane våre viser at utrangeringa er høgare i innflyttingsåret enn i år to og tre etter utbygging. Middel utrangeringsprosent i innflyttingsåret er heile 60%.
Ein fjerdedel av bruka utrangerer meir enn 69% av kyrne, noko som tyder på store problem med overgangen til nytt miljø og nye rutinar. Innflyttingsåret er såleis eit kritisk år som vi må bli meir opptekne av framover.

Erfaringar og råd ved start i nytt fjøs

I undersøkinga svara 45% av brukarane at dei hadde opplevd ulike former for problem og svikt i produksjonen i innflyttingsperioden. Omfanget varierte frå å slakte kyr som ikkje passa i roboten og måtte halde kyrne lenger i produksjon enn ønska for å fylle kvoten, til svikt i mjølkevolumet og kyr som fekk helseproblem ved innflytting. Ein tredel av brukarane hadde ikkje opplevd problem, medan 22% ikkje svara.
Vi spurde prosjektbrukarane kva praktiske tiltak dei hadde gjort for å unngå problem ved innflytting og drift av nytt fjøs i endringsfasen. Vidare spurde vi kva dei ville ha gjort annleis, dersom dei skulle gjennomført endringa på ny. Svara har gitt ei liste med gode råd og erfaringar frå brukarane. I planleggingsfasen må ein legge vekt på å få ein god og stor nok buskap. I sjølve endringsfasen er det mange ulike tiltak ein bør gjere.

Bv03.indd

Bv03.indd

Stikkord denne saka: , , ,