Sluttfôring: Haustbeita kan vera svært reduserte i år grunna all nedbøren. Om du vel innefôring som alternativ, vil rikeleg med grovfôr og fri tilgang på kraftfôr Formel Lam Haust kunna gje ein tilvekst på lamma på 10-12 kilo i løpet av éin månad.

Sluttfôring av smålam med kraftfôr er i år enda meir lønsamt enn tidlegare.

Ådne Undheim, Felleskjøpet Rogaland Agder

Frykta i verdikjeda for at det skal verta for mange norske lam i år gjer at prisen på lammeslakt, betalt til bonden, går ned også i 2017. Den same frykta har også ført til ei heving av kvalitetskrava for tilskot på lammeslakt. Kvalitetsklassen er auka frå O til O+ for å få utbetalt lammetilskot på slaktet.

WTO forpliktar

Regjeringa skriv i proposisjonen om jordbruksoppgjeret at dersom ein skal overhalda WTO-forpliktingane for utforming av blå støtte, (areal- og dyrestøtte), kan ein maksimalt gi tilskot til lamme- og kjeslakt for 1.075.700 dyr per år. Ifølge Landbruksdirektoratet sine prognosar fryktar ein at det i inneverande år vert levert om lag 30.000 fleire lam til slakt enn dette maksimaltalet. For å overhalda WTO-forpliktingane må difor talet lam som gir grunnlag for tilskot reduserast for 2017.

Meir til O+

Difor vart staten og avtalepartane i oppgjeret samde om å ofra slaktetilskotet til 64.000 norske lam med slakteklasse O. Innsparte midlar som følge av at færre lam får lammeslakttilskot, skal brukast til å styrka satsen for slaktekvalitet O+, og betre den med 32 kroner, til 532 kroner per lam for inneverande år. Ifølgje Animalia sine slaktestatistikkar går dette aller mest utover gamle norske sauerasar, som er kjende for å kunne føde lamma utan hjelp, har framifrå morseigenskapar og som utnyttar utmarka bra.

Reduserte haustbeite

Dess meir slakteprisen per kilo lammekjøt fell, dess viktigare vert det å oppnå slakteklasse O+ eller betre for å oppretthalde lønsemda i lammeproduksjonen. Difor er sluttfôring av lam som ikkje har oppnådd rett slaktevekt på sommarbeite endå viktigare enn før. Sidan klimaet i år har vore uvanleg vått, har svært mange bønder i skrivande stund ikkje fått inn andreslåtten. Beitemengda på gjenveksten vert såleis svært redusert i høve til «normalår». Det ser også ut til at grovfôrprisane til vinteren vert høge.

Fri kraftfôrtilgang

Innsett og fri tilgang på FORMEL Lam Haust gir av erfaring den raskaste og sikraste tilveksten på små lam. Lamma bør parasittbehandlast ved innsett og dyrlegen kan vaksinera mot sjukdommen pulpanyre, som kan koma med brå overgang til næringsrikt fôr.

10-12 kilo tilvekst

Kraftfôret må gradvis tilvenjast lamma og dei må ha rikeleg tilgang på grovfôr og reint vatn. Ved fri tilgang på FORMEL Lam Haust kan ein venta 10-12 kg tilvekst på éin månad. Lamma må alltid ha tilgang på kraftfôr når dei først er vende til appetittfôring.

Stikkord denne saka: , , ,
Share This