Liv: Det finst ein trillion levande vesen i ein neve jord, skriv Dag Jørund Lønning, som seinare i haust lanserer Jordboka. Foto: Christel Barbo, HLB.

Framsida til norsk landbruk er fin. Maten er rimeleg trygg, og me er gode på produktutvikling. Den norske kjøledisken står ikkje tilbake for det ein finn i andre land. Forbrukaren får det forbrukaren vil ha.

Dag Jørund Lønning
professor og HLB-rektor

Den norske bonden er og i den absolutte verdstoppen når det gjeld å ta i bruk ny teknologi. Det er ei kolossal tru på teknologiske vedunder, og ei veldig vilje til å ta dei i bruk. Men så var det baksida, då. Ja, den nye maskinen gjer at arbeidet blir enno litt meir lettvint, men behovet for menneskehender blir tilsvarande redusert. Det er dette heile den moderne landbrukshistoria har handla om. Foredlingsleddet får rikeleg tilgang på rimeleg råstoff, forbrukaren fleire og billegare produkt. Alt medan talet på bønder berre fell og fell.

Det er for få bønder att

Dersom me framleis skal ha som mål at landbruket skal vera med og skapa levande lokalsamfunn, busetnad og aktiv ressursutnytting over heile landet, treng me desperat til heilt nye tankar og grep. Avviklinga har alt gått for langt. Det er for få bønder att. Ikkje minst langs kysten vår, der store område held på å gro igjen.
Dette skjer midt i dei fremste satsingsområda for både bioøkonom og reiseliv i landet. Men bonden står utanfor denne verdiskapinga, grunna rådande snevre forståingar av kva landbruk er og skal vera. Når måleeiningane for «godt landbruk» er arealstorleik, volum og vekt, fell den vesle fjordgarden ut. Kystbonde etter kystbonde legg ned, fordi ein kjenner på å ikkje strekka til.

Lite nytenking i landbruksdebatten

Det er i det heile lite fokus på verkeleg nytenking i den norske landbruksdebatten for tida. Me snakkar omtrent ikkje om den problematiske baksida. I staden går det stort sett i diskusjonar om enno høgare avdrått og enno meir teknologi, tiltak og grep som berre gjenskapar og forsterkar rådande drivkrefter.
Eg har heller ikkje registrert at verken landbruksorganisasjonar eller politiske parti har sett «fleire bønder» på dagsorden. I den eine enden av det politiske landskapet, prøver ein å setja enno meir fart på rådande drivkrefter, i den andre enden prøver ein å bremsa så mykje ein klarar. Reelle alternativ snakkar ingen om.

Nyskaping er å leggja til rette for retningsendring

Aldri har landbruket hatt større behov for nyskaparen. Nyskaping er å reia grunnen for retningsendring. Nyskaping handlar om menneskeleg kreativitet og tankekraft, om evne til å sjå bortanfor dei etablerte sanningane. Det er å utfordra desse, å våga å tenkja heilt annleis. Framfor å la seg styra blindt av teknologiutvikling og marknadskrefter, er nyskaparen den som bevegar verda. Nyskaparen er premissleverandør, det er ho som koplar ressursar på nye måtar, ho som går på tvers av sektorar og set saman det som før var avskilt, ho som evnar å sjå at ein kan koma lenger ved å ta andre vegar gjennom eit landskap enn den grå vegen «alle» synest å gå.

Bygdenæring nummer ein blir utfordra frå byen

Alternativet til å vera ein verdiskapar, er å bli verdiskapt. Med andre ord, dersom ikkje me i landbruket aktivt arbeider fram nye idear og praksisar for alternativ bruk av garden, molda og landbruksareala, kjem andre til å gjera det i staden. Og det er nettopp dette som no er i ferd med å skje. Der det erkekonservative industrilandbruket opplever produktivitetsstopp, avlingsfall og skaper den eine miljøkrisa etter den andre, har heilt nye og kreative krefter kasta sine auge på molda. Det som skulle vera bygdenæring nummer ein, blir, av alle ting, utfordra frå byen og bynære område. Innanfor det urbane, har mold blitt noko av det mest «trendy» og spennande ein kan halda på med.
Og resultata kjem. Parsellhagane i England har fire til elleve gongar høgare utbytte mat pr. arealeining enn det dei engelske storgardane har. Dei same parsellhagane ligg og skyhøgt over når det gjeld organisk innhald i molda. Parsellhagane kan heller ikkje avvisast som marginalt fenomen. Veksten er enorm over heile verda. Langt over 800 millionar menneske er no involverte i parsellhagedrift, og talet berre stig. Me snakkar i praksis om millionar av mål med høgproduktivt, og i all hovudsak miljøvennleg landbruk.

Garden og molda som mangfald og fellesskap

Fleire og fleire historier tikkar inn frå heile verda om korleis nye grupper menneske er i ferd med å oppdaga molda og garden som kjelde både til trygg og giftfri mat, og som arena for nye fellesskap mellom menneske og mellom menneske og natur. Landbruk er mat, folkehelse, samvær, identitet, kulturarv, naturforvalting. Lista blir stadig lengre ettersom nye blikk gir nye perspektiv og idear. Tradisjonelle og snevre skilje mellom «forbrukar» på den eine sida og «produsent» på den andre, blir sprengte ettersom den som dyrkar og den som et søkjer direkte saman.

Jordboka og det høgproduktive og klimapositive framtidslandbruket

Det siste året har eg arbeidd med eit utruleg spennande bokprosjekt, Jordboka. Den er molda si kulturhistorie, så vel som eit djupdykk ned i det utruleg mangfaldige universet under oss (det kan finnast ein trillion levande vesen berre i ein liten neve mold). Men det er og ei bok om korleis bønder, støtta opp av engasjerte forskarar og væpna med den nye kunnskapen om kva mold eigentleg er, er i ferd med å fullstendig redefinera forholdet mellom menneske, jord og natur. Ein ny, og denne gongen verkeleg grøn, jordbruksrevolusjon er i emning.
Eg har møtt det som kan vera verdas økonomisk mest produktive bønder. På eit småbruk på under 40 mål lønar dei sju fulltidstilsette og produserer og sel grønsaker for nærare 9 millionar kroner. Og det utan å pløya, sprøyta, gjødsla eller luka. Innsatsfaktorane består av ein småtraktor, nokre trillebårer og engasjerte menneske. Løyndomen? Å spela på lag med det uhyre produktive livet i molda, det som gjer naturen til verdas desidert mest vellukka gartnar og jordbrukar.
Eg har kome langt tettare på det regenerative landbruket, det som aktivt legg til rette for å henta ned CO2 og lagra den som karbon i molda. Ikkje berre kan dette visa seg å bli det mest effektive av alle klimatiltak, det fører og til ein eksplosjon av liv og fruktbarheit i molda. Fordi karbon er grunnlaget for alt levande. Resultat: klimaet vinn, bonden vinn, den som skal eta maten vinn, notida og framtida vinn.
Desse bøndene er i ferd med å utvikla det høgproduktive og klimapositive framtidslandbruket. Suksessfaktorane er ikkje gardsstorleik og volum, men menneske, kreativitet og reell evne til å spela på lag med natur. Då snakkar me verkeleg retningsendring, då snakkar me nyskaping. Målet med Jordboka er å revitalisera også den norske landbruksdebatten. Det trengst.

Stikkord denne saka: ,