Opptur: Oppgang på siste auksjonen i Toronto 13. februar tyder på at skinnprisane er på veg opp.

Minkbonden har hatt det tøft dei siste to åra. Regjeringa har hatt næringa under lupa og vurdert om pelsdyrnæringa skal få ei styrt avvikling eller ei berekraftig utvikling. I same perioden har produsentane opplevd fallande prisar på skinn.

Sven Gil Westersjø
Rådgjevar i Norges Pelsdyralslag

Den 4. november la regjeringa fram Melding om pelsdyrnæringa der dei føreslo ei berekraftig utvikling av næringa, men samstundes fleire forslag på strengare reguleringar. Eit punkt var blant anna at regjeringa føreslo å halvere tal mink som kunne gå i kvart bur frå fire til to dyr i familiebur/etasjebur. Eit spesielt forslag, då det var Mattilsynet som for fem år sidan var ein pådrivar, med ny forskrift, på at produsentar skulle innføre slike familiebur. Den 22. desember i fjor kom Næringskomiteen med si innstilling til pelsdyrmeldinga der dei ber Stortinget tillate gruppehald av mink (inntil fire dyr per familiebur) for dei minkprodusentane som deltek i eit dyrevelferdsprogram og som oppfyller strenge krav til dyrevelferd. Minkbøndene kunne gå inn i det nye året med senka skuldrer etter at den politiske situasjonen var avklart. På den andre sida har fallande prisar siste 1,5 år gjort kvardagen mørkare.

Svingane konjunkturar

Å leve som minkbonde, med skinnprisar prisgitt etterspurnaden på verdsmarknaden, kan for nokre vere den sikre vei til «blødande magesår». Minkbonden, som har vore med i næringa i mange år, veit at prisane går opp og ned. Dei har fokus på korleis forbetre eiga lønnsemd kontinuerlig, og difor går det som regel over i beste laget. For fire år sidan opplevde minkbøndene eit «Klondyke-eventyr». Prisane var «all time high» og vi svevde på ei rosa sky. All mogleg kritikk prella av som vatn på gåsa. Nå når prisane har gått kraftig ned, har ein følt seg meir makteslaus og mindre kamplysten. Minkbøndene er nok i den gruppa som kjenner godt til uttrykket; «Etter den søte kløe kjem den sure svie». Det er ein naturleg prosess at vi får ein korreksjon i marknaden når prisane har vore så høge ei tid. Men dette er nå historie, kva vil framtida bringe?

Figur 1: Prisar på all mink levert gjennom auksjonshuset Saga Furs i Helsingsfors. Gjennomsnittspris siste 10 år er på 325 norske kroner.

Marknaden nå

Det fins fire auksjonshus i verda som sel pelsskinn. Den siste auksjonen var nå 13. februar i Toronto. Her ser vi oppgang på ti prosent frå auksjonen i København i januar. Som minkbønder ønskjer vi at det skal komme mange kundar frå mange forskjellige land til auksjonshuset, fordi dette fortel oss om kor stort sug det er i marknaden.
I Toronto var det mellom 350– 400 kundar frå både Kina, Hellas, Korea, Tyrkia og ein del frå Russland. Dette var flott, og det er store og kvalitetsmessige gode skinn som aukar mest i pris. Dei beste skinna av typen Perle, Safir og Silverblue auka med 15 prosent samanlikna med førre auksjon i København. Det er vanskelig å spå om vi nå har sett botn og om prisane igjen vil stige ytterligare.

Pris på minkskinn

Det fins over 30 ulike fargevariantar på mink. Alle minktypane oppnår ulik pris. Dei ulike fargevariantane har også ulik fruktbarhet og livskraft. Ein reknar at standard brun mink, som seljast under namnet Scanbrown, har størst fruktbarhet og livskraftigaste avkom. Dette er også den mest vanlige minktypen, og over halvparten av verdas minkskinn er Scanbrown. Norge er kjent for å produsere mange ulike fargevariantar av mink. Dette har gjort at norske minkbønder ofte har oppnådd ein høgare pris enn våre konkurrentar. Mange produserer brun mink ut frå teorien om at auka fruktbarhet og livskraft kompenserer for redusert skinnpris.
Men er dette riktig?

Tilpass deg etter marknaden

Om vi går inn i kvar enkelt fargetype og ser på oppnådd pris, ser vi at prisvariasjonen er liten når prisen er låg.
I tabell 1 ser ein at i botnåret 2008/09 var prisvariasjonen mellom dei fire fargevariantane vi har valt ut frå 182 kr til 213 kr (ein variasjon på 31 kroner). Samanliknar ein prisvariasjonen i toppåret 2012/13 går den frå 495 kr til 734 kr (ein variasjon på 239 kr). Ein kan difor konkludere med at når skinnmarknaden er metta oppnår om lag alle fargevariantar same pris. Mens riktig fargetype gir ein betydelig betre lønnsemd i når det er eit sug i skinnmarknaden.

Tabell 1: Prisar oppnådd på norske skinn gjennom Saga Furs i Helsingfors siste 10 år.

Dekningsbidrag og fargetypar

Har ein bygd ein minkhall ønskjer ein å ha full produksjon i denne hallen. Tek ein utgangspunkt i ein hall med 560 standard minkseksjonar har ein plass til 1000 fruktbare Scanbrow tisper i denne hallen. Veljar ein å produsere anna type mink, med lågare fruktbarhet, må ein auke talet livdyr for å få full produksjon i hallen. Oversikt over lønnsemda i dei ulike fargetypane kan ein sjå i tabell 2:

Tabell 2: Lønnsemd i ulike fargetypar mink.

Optimaliser produksjonen

Pelsdyrnæringa har vore nede i ein lågkonjunkturperiode, det er signal på at botn no kan vere nådd. Oppgang på siste auksjon gir grunnlag for optimisme. Innkjøp av nye livdyr er no rimelig når skinnprisane er låge. Lys mink har, så lenge kundane kan farge skinn, gitt god lønnsemd. Val av gode og livskraftige mutasjonsmink syner i denne framstillinga god lønnsemd. Vel du riktige fargetypar er fortsatt minkproduksjon den mest lønnsame husdyrnæringa i Norge.

Stikkord denne saka: ,