– Kva det eigentleg handlar om

image description

Nyskaping er risikofylt og særs krevjande. «Løna» kan derimot vera uendeleg stor.

Dag Jørund Lønning
Professor i nyskaping og bygdeutvikling og rektor ved HLB

Me menneske er fellesskapssøkjande. Og ein gong var den norske garden eit fellesskap i seg sjølv. Fleire generasjonar delte både arbeidsbyrder, gleder og sorger. Over forholdsvis kort tid har det likevel skjedd drastiske endringar. For stadig fleire eksisterer «familiebruket» no berre på papiret.

Gardsfellesskapet forvitrar

«Rasjonalisering» har vore rasjonelt for «konsumenten», som har fått billegare mat, men knappast for bonden, som har fått mindre tid, større investeringsbehov, meir gjeld, og stadig færre familiemedlemmer rundt seg. Gardsfellesskapet forvitra og vart borte. Bonden vart einsam.

Leggja ned eller tenka nytt?

Fagmiljøet på staden kan til ein viss grad kompensera. Det same kan det å møta andre aktørar i den lange verdikjeda av mottak og foredling ein er del av. Men kva når naboane har lagt ned, og han som køyrer slakte-/mjølkebilen må dekka stadig større avstandar og ikkje lenger har tid til å stoppa for ein kaffitår?
For mange står valet då mellom nedlegging og det å tenka heilt nytt rundt kva garden sine ressursar kan brukast til. Dei fleste vel diverre det første alternativet, med dei negative konsekvensar dette over tid får for ressursforvalting, lokalsamfunn og trivsel.

Garden som basis for ny fellesskaping

Det andre valet, nyskapande næringsutvikling på basis av garden sine naturgitte, sosiale og kulturelle ressursar, har absolutt potensiale i seg til å attskapa garden som fellesskapsarena. Ikkje berre kan dette opna for at fleire av familiemedlemmene får rom til å utvikla sine interesser på heimegarden. Me ser også stadig fleire spennande samtidsdøme på at såkalla korte verdikjeder for mat, – t.d. andelslandbruk, gardsutsal, Bondens Marknad – byggjer tillit og nye fellesskap på tvers mellom dei som dyrkar og dei som et maten.

Verkemiddelapparatet interesserer seg lite for kva som motiverer nyskaparen

Vår menneskelege omverd blir heile tida meir mangfaldig. Behovsstrukturen følgjer. Det norske landbruket har potensiale til å levera produkt, tenester og opplevingar for å dekka opp for meir av dette mangfaldet enn det ein gjer i dag. Då treng me langt meir nyskaping på norske gardsbruk. Me treng å heia fram nye og utradisjonelle idear, og dei menneska som har desse ideane må få sleppa til. Ei sentral konklusjon eg i si tid kom til i mi dr. philos.-avhandling om nyskaping som fenomen, var likevel at offentlege utviklingsaktørar i røynda manglar forståing og interesse for motivasjonsgrunnlaget til nyskaparen. Utviklingspolitikken på dette feltet evnar såleis ikkje meir enn å røra i overflata.

«Marknadstilpassing» blir presentert som svaret før spørsmålet i det heile er stilt

Reint konkret lever me i ei tid der veldig mange – offentlege utviklingsaktørar inkludert – verkar å tru at det går an å hausta utan å så først. Me dyrkar rett og slett det ferdige; vara, produktet, det som kan vegast, målast og visast fram. «Marknadstilpassing» blir presentert som svaret før spørsmålet i det heile er stilt. Nye og potensielt veldig gode idear blir forkasta over ein lav sko i det offentlege systemet, fordi ideen ikkje har vedlegg i form av ein «forretningsplan» som syner overskott i marknaden.
Denne reine marknadstilnærminga er ein særs snever inngang til kva det er å skapa. Ja visst skal ein tenka sal, men når meir eller mindre heile fokuset blir lagt hit, byrjar ein med slutten i trua på at slutten er byrjinga.
Framfor å starta med å bekymra seg over om ein vil lukkast med å skriva ein forretningsplan eller ikkje (det greier alle etter eit helgekurs!), så er det eit sett av inngangsspørsmål som er langt meir avgjerande.

Nyskapingsregelen: Ein lyt leva for noko før ein kan leva av noko

For det første, kvifor gjer ein dette? Er det for å tena meir pengar på kort sikt? Dersom det er svaret, er det ein langt kortare og sikrare veg å henta meir av inntektene frå arbeid utanom garden.
I mitt arbeid med nyskapande næringsutvikling på norske gardsbruk, såg eg tidleg eit tydeleg mønster. Mønsteret kan formulerast som ein gyllen regel: Du må leva for noko, før du kan leva av noko.
Den som lever for noko, gjer interessa og lidenskapen til sentrale byggesteinar i nyskapingsprosjektet. Nyskaping er særs krevjande – i den direkte tydinga av ordet. Arbeidet krev mykje av deg gjennom heile verdikjeda frå frø til frukt; tid, innsats, engasjement, kreativitet, kunnskap.
Det finst ingen ferdige løysingar eksterne rådgivarar kan gi deg, det finst knappast snarvegar, og du må rekna med lange periodar i motbakke.

Kven lukkast?

Me ser det gong etter gong. Utan ei sterk interesse og overtyding i botn, er sjansane store for at ein gjev opp når ein møter motbør. Dei som går inn i nyskapingsarbeid med von om snarleg økonomisk suksess, er dei som raskast kastar korta. Dei som over tid lukkast, er dei som lever etter den gylne regelen over.
Nyskaping er å gradvis kunna arbeida fram noko som kjem frå djupet av ein sjølv, noko ein trur på og kjenner er rett. Sjølv har eg skrive mykje om «fridom» i denne samanhengen. Me menneske er til sjuande og sist eit veljande vesen. Liva våre blir til gjennom dei vala me gjer. Det å kunna forma eige liv i tråd med eigne engasjement og verdiar, gjev ei veldig fridomskjensle.
Ofte tek det 10 år frå idéfase til ein meir eller mindre stabil marknadssituasjon er etablert. Trua på og gleda over det ein held på med er likevel så sterk at ein held ut. Og desto større er det når ein endeleg opplever oppturen, når ein får hovudet over vatnet att og ser at det faktisk går an også å leva av draumen.

Høg risiko, men «løna» er den aller største

Nyskaparen sitt budsjett har tydelege minus- og plussider. På minussida står ein vesentleg auka risiko i forhold til tradisjonell kontraktfesta produksjon. Det einaste ein har garanti for er mykje arbeid over lang tid. Om lag like sikkert er det at gardsbasert nyskaping (som anna landbruk) knappast gjev rikdom i kroner og øre.
På plussida står det å kunna kjenna på uendeleg sterk motivasjon og meining i livet: Ein står no midt i verda og skaper framtida med eigne verdiar og ønskjemål som ressursar og drivkrefter. Heimegarden har også blitt midtpunktet for nye og framtidsretta fellesskapsdanningar. Og, tunet har på ny blitt familien sitt samlingspunkt. Det er rom for fleire av borna til å bli med i den vidare satsinga.
På plussida er også kjensla av å ta tilbake kontrollen over eiga tid og ressursane på garden. Når alt skal bli stort og «effektivt» raskt, slik landbrukspolitikken no legg opp til, er det nok mange bønder som føler på at ein er i ferd med å missa denne kontrollen.

Frå avstand til nærleik. Eit skifte av fundament

Det skiftet det her er tale om, frå fokus på tonnasje og masse – på det som ligg utanfor oss sjølve – til fokus på menneskelege eigenskapar og menneskenær motivasjon, er på alle vis fundamentalt.
Det ligg i nyskapinga sin natur at denne er eit oppgjer med etablerte sanningar og målesystem, og eit langt steg ut i ukjent terreng. Her er det å stola på eigne evner, kunnskapar og motivasjonar avgjerande for å finna fram.

Politikkendring kan gje ny blomstringstid for garden

Sjølv om det skjer mange spennande nysatsingar rundt oss, er det nok slik at dei fleste kvir seg i det lengste for å ta dette steget. Kanskje er ikkje dette så rart, for i røynda har me ingen offentlege verkemidlar som effektivt fremjar fundamentskiftet.
I landbrukspolitikken får me tvert om høyra at tiltak for busetnad, trivsel og attraktive lokalsamfunn skal vika for den reine tonnasjetenkinga. Når det gjeld tiltaka for å fremja gardsbasert næringsutvikling, er desse stort sett alle fokuserte på det å hausta.
Dette er både tragisk og paradoksalt. For det er ikkje akkurat hausting, sal og forbruk me manglar kompetanse på i dag. Det er tvert om såinga som treng å stimulerast. Me lyt starta med å spørja korleis me kan motivera enno fleire menneske til å vera med og så dei nye idear og verdiar me vil vera heilt avhengige av for å kunna leva gode liv også i ei framtid som i dag framstår som usikker.
Den dagen me får på plass verkemidlar som gjev rom for menneskenær motivasjon og som verkeleg fremjar kreativitet, den dagen vil den norske garden – med sitt store mangfald av potensielle utviklingsressursar – kunna få ei ny blomstringstid.

Stikkord denne saka: