Klimaregulering for kalv

Klimaregulering for kalv.

God ventilasjon er viktig for god helse og høg produksjon på dyra dine. Dette gjeld sjølvsagt også i dei eldre driftsbygningane.

Ingve Dubland
Rådgjevar TINE

I ei tid med mykje nybygg, kan vi koma i fare for å ha litt for lite merksemd på dei bygningane som tross alt utgjer hovudtalet av fjøs i husdyrhaldet. Og med utsetjinga av lausdriftskravet, vil fleire av bygningane få lenger driftstid. Det kan for mange vera god økonomi i å investera nokre kroner i ventilasjonsutstyr og kontroll av ventilasjonsanlegget.

Fuktige vegger

Vi er nå inne i ei tid der vêret varier frå dagar med haust til dagar med mest vinter på Sørvestlandet. I fjøs med undertrykksventilasjon (ventilasjon med vifter), kan denne tida opplevast som utfordrande med omsyn til å få til eit tilfredstillande inneklima. Dette opplevast ofte som tung varm luft med mykje fjøslukt eller fuktige vegger og tak som det renn frå. Svært ofte vert det då tydd til lettvinte løysingar for å betra miljøet som til dømes opning av dører eller luker. Då får ein ei lokal betring av lufta ved opninga, men andre stader i fjøset kan det verta verre. Mange ting påverkar ventilasjonen i fjøs med undertrykksventilasjon. Det kan vera bygningen sin tekniske stand, isolasjonsevne i vegger og tak, viftekapasitet og friskluftinntak. Opningar som i utgangspunktet skal vera tette, som gjødselluker og dørkarmar, påverkar også ventilasjonen.

400 kubikk per ku

Ventilasjon skal skifte luft, og ta med seg varme, fukt og gassar. I eit fjøs med 20 kyr, og like mange ungdyr, skal ventilasjonen ta med seg ti liter med vatn i timen for å halda eit tørt inneklima. Vidare vil vi at temperaturen skal ned mot 10°C, og vi må ha i mente at kyrne andar ut CO2 som må fjernast. Alt dette fører til at det skal skiftast ut 400 kubikkmeter luft per mjølkeku i timen. Ved lite luftskifte vert det mykje gassar i fjøset. Vi har som mål at CO2 – innhaldet ikkje skal overstiga 1000 ppm. Dette er også eit godt mål på godt ventilert fjøs. For at så mykje luft skal koma inn i bygningen utan at det vert trekk på dyra, må lufta styrast inn og opp i romet. Når lufta kjem inn med ein fart på tre til fire meter i sekundet langs taket, vil det i eit vanleg fjøs nå fôr-brettet på denne tida, og då sige ned mot golvet samtidig som lufta vert blanda og oppvarma. For å få denne farten på lufta, må det vera rett forhold mellom vifter og friskluftinntak. Er arealet på alle opningar større enn det skal vera for den aktuelle viftekapasiteten, går farten på lufta ned. Då kan det lett føra til kaldras, kald luft som renn ned langs veggen frå luftinntaket, ut på golvet og mot juret på kua. Dette kan gje mastitt.

Godt og dårlig luftinntak

Godt og dårlig luftinntak

Luftinntak

Ventilasjonen i eit fjøs er friskluftinntaka, dei skal vera fordelt i heile rommet og vera rett dimensjonert. Er det for store opningar, vil ikkje vifta greie å lage undertrykk og lufta går frå dei største opningane rett mot vifta, og andre deler av fjøset vert ikkje ventilerte, slik som krær, der ofte kalvane er plassert. Vifta skal stå der det er best å plassera ho. Unngå å blåsa fjøslufta ut i gardsrom eller mot den dominerande vinden. Vifter montert i kanal over tak er lite påverka av vind og vêr, og er mest effektiv. Andre forhold rundt vifta, som ein skal tenka på, er støy. Både montering og fart påverkar støyen frå vifta. Det vert nå tilrådd å setje inn vifter med maks fart på 900 omdreiingar per minutt.

Vedlikehald

Ventilasjonsbehovet varier med tal dyr. I tabellen nedanfor kan du setje inn dine eigne tal dyr og du vil, med hjelp av ein kalkulator, finna totalbehovet for fjøset. Eldre vifter som har stått i fjøset 10-15 år, har ofte ein kapasitet på 3.500-6.000 kubikkmeter i timen. Ved dårlig vedlikehald mindre. Så ved å samanlikna kravet med eit anslag på ventilasjonskapasiteten, får ein ei lita peiling på korleis det ligg an hjå seg sjølv. Erfaringa tilseier at over 50 prosent av fjøsa har stor underdekking når det gjeld kapasitet. Det ein skal hugse på er at det oftast er dei veksande dyra som betaler mest for god ventilasjon, hjå kyrne er det like mykje eit tørrare fjøs med mindre bakteriepress som er gevinsten. Mange stader er fjøsa bygde på, med forskjellige avdelingar som heng saman. Då skal ein vere klar over at å trekka «brukt» luft frå eldre dyr til dei unge, for eksempel frå kufjøs til kalvefjøs, ikkje er tilrådd.
NB! Hugs at du som røkter også pustar inn den dårlige lufta, ofte i mange år.

Små grep

Ei anna utfordring med ventilasjon er krav til temperatur hjå dyr av forskjellig alder. Spedkalven skal ha det varmare og lunare enn vaksne dyr. For å finna ut noko om dette, kan det vera lurt å ha ein gjennomgang med forskjellige måleinstrument og bruk av røyk. Veldig mange bønder får ei aha-oppleving då. Svært ofte er det enkle og billige justeringar som skal til for å betra miljøet inne betraktelig.
Er ditt svar «JA» på minst eit av spørsmåla under, bør du ta kontakt med din rådgjever og diskutere ventilasjon.

  • Renn det vatn frå tak og vegger om vinteren ?
  • Er det varmt og klamt i fjøset på varme dagar ?
  • Kjenner du trekk frå ventilasjon opningar når du sit og mjølker kua?
  • Hostar kalvane?
  • Vurderer du eller har du utvida produksjonen utan å tenke på viftene?
Stikkord denne saka: , , ,