Kurset Friskare kyr gir glad bonde er eit pilotprosjekt i Tine-regi, der målsettinga er at deltakerane gjennom auka kunnskap skal betre driftsresultatet på sitt bruk. Gjennom tolv samlingar og gruppearbeid, skal bøndene innom fôring, produksjonsøkonomi, kusignal, kalving, driftsleiing, kalv, kvigeoppdrett, grovfôrproduksjon, reproduksjon, jurhelse og klauvhelse. Ny kunnskap skal vise att på botnlinja. Illustrasjonsfoto.

Vil du betre botnlinja må du kjenne drifta di og vere villig til å gjere endringar.

Liv Kristin Sola

Produksjonsøkonomi var tema for den andre samlinga på kurset Friskare kyr gir glad bonde. Innleiar var Olav Østerås, veterinær og spesialrådgivar i Tine, og med lang erfaring frå Helsetenesta for storfe. På kursdagen på Øksnevad i desember snakka han om dei ulike helsefaktorane sin verknad på økonomien.
– Ikkje legg for mykje vekt på dei store synlege kostnadane, det er dei usynlege kostnadane som betyr mest, sa Østerås.
Synlege kostnadar kan vere tap av dyr, utgifter til veterinær og medisin, nedklassing av mjølk og liknande. Dei usynlege utgiftspostane er blant anna redusert fôropptak og dårlig fôreffektivitet, høge rekrutteringskostnadar, tilfeldig avlsarbeid og lite kontroll på dyreflyt.
– Dårleg planlegging og tilfeldig utrangering av dyr er kostbart. Det same er mjølk som vert kassert for å kompensere for manglande jurhelsearbeid, sa Østerås.
Med utgangspunkt i kukontrollen, viste Østerås korleis ein kan sjå ein samanheng mellom høgt celletal og laktasjonskurver hjå enkeltkyr.
– Å kontrollere celletalet ved å tømme ut mjølk er eit kostbart alternativ til systematisk arbeid for god jurhelse, sa han.
Redusert fôropptak gir lågare avdrått og svakare økonomi. Det er mange ulike årsaker til redusert fôropptak, blant anna sjukdom.
– Sjuke dyr har i tillegg dårlegare fôrutnytting og ytterlegare redusert produksjon, sa Østerås.
Han åtvara samstundes mot dei alvorlege smittsame sjukdommane, som BRSV, coronavirus og digital dermatitt.
– Storfebønder må ta smittevern på større alvor for å redusere risiko for alvorlege sjukdommar, sa Østerås.

Kor er du – og kor skal du?

– Skal du sette realistiske mål for drifta, må du vete kor du står i dag, sa Alf Hadland, økonomirådgivar i Tine.
Han viste til at berre om lag førti prosent av kursdeltakarane nyttar Tine Mjølkonomi som styringsverktøy. For resten av gjengen vert det laga ei analyse første året, basert på resultat frå i fjor.
– Skal du nå eit mål, kan du ikkje berre tenke det, men ville det og bruke tid på det, og ha ein plan. Vel deg få og realistiske mål og prøv å nå dei før du set deg nye, sa Hadland.
Han oppmodar bønder om å nytte verktøyet Tine Mjølkonomi. Per i dag blir programmet nytta av om lag 1100 av 8200 hentepunkt, 100 av 940 i region Jæren/Agder. Programmet deler drifta i fire kategoriar; mjølk, kvigeoppdrett, okseslakt og grovfôrproduksjon. Gjennom tal og grafiske framstillingar kan du sjå utviklinga i kostnader, inntekter og nøkkeltall på eige bruk, og samanlikne deg med andre.
– Dei oppgåvene me trivst best med, er som oftast også der me har best resultat. Oppgåver me ikkje trivst med, skyv me framfor oss, sa Hadland.
Når du kjenner drifta kan du vurdere kva for tiltak du vil prioritere for å få betre resultat. Du kan velje kortsiktige og konkrete, eller meir krevjande og omfattande mål.
– Vil du gjere det verkeleg store jafset i økonomien, bør du rekne på grovfôrproduksjonen og fôringa. Variable fôrkostnadar utgjer 70 prosent av dei totale variable kostnadane i mjølkeproduksjonen. Skilnadane mellom bruk er store. Dette viser at mange kan bli betre, sa Hadland.
Han rår bønder som vil fordjupe seg i grovfôrproduksjonen om å nytte seg av rådgiving og gjerne sjå til prosjektet Grovfôr 2020.

Forbetring krev endring

Tine ønskjer å ta ei leiande rolle for å møte behovet for auka kompetanse i mjølkeproduksjonen. Denne kursmodellen er henta frå Danmark. Torfinn Nærland, økonomi- og byggrådgivar i Tine, har kjennskap til dansk landbruk. Han erfarer at dei fleste danske bønder i større grad vert utfordra til å sette seg mål og gjere det som skal til for å nå sine mål, enn sine norske yrkesfellar.
– Skal du nå eit mål må du vere villig til å gjere endringar. Om du held fram som i dag, skjer det lite på botnlinja, sa Nærland, som leia ei av gruppene etter førelesinga.
Han oppmodar bøndene til å utfordre seg sjølv, stille kritiske spørsmål til måten ein driv på, og lære av andre.
– Ingenting kjem av seg sjølv. Men dei som tek utfordringa og gjer ein innsats, vil sjå forbetringar, sa Nærland.

Stikkord denne saka: , , , , , , ,
Share This