Mjølkeproduksjon på Jæren og i Dalane

bv40_aktuelt3

Når Per Herikstad, Hå Rekneskapslag, går nærmare inn i rekneskapa, ser han at det er på kostnadssida ein finn dei største variablane. Størst variasjon finn ein under dei følgjande postane: 1) Grovfôrproduksjon/ kjøp av grovfôr 2) Slakt/livdyrsal 3) Innkjøp dyr

Nøkkeltala frå 2014 som er utarbeida av Rekneskapslaga på Jæren og Dalane, synar stor variasjon i driftsresultatet hjå mjølkeprodusentane.

Anna Stangeland

Per Herikstad er dagleg leiar hjå Hå rekneskapslag. Han fortel at innanfor området til Jæren og Dalane er det omtrent det same klimaet og dei same prisane, men noko ulik størrelse på gardsbruka. Ikkje alle gardsbruka er med i nøkkeltala, men det er likevel det beste samanlikningsgrunnlaget som er utarbeidd for området. Dekningsbidraget for kvar liter mjølk varierer frå 2,64 kroner til 4,31 kronar, medan dekningsbidrag per årsku varierer frå 18.595 kroner til 29.643 kroner.
Dersom ein tek desse tala og gangar opp med liter kvote eller antall kyr på garden, så ser ein eit veldig ulikt utgangspunkt hjå den einskilde bonden. Når Herikstad går nærmare inn i rekneskapa, ser han at det er på kostnadssida ein finn dei største variablane. Størst variasjon finn ein under dei følgjande postane:

  • Grovfôrproduksjon/ kjøp av grovfôr
  • Slakt/livdyrsal
  • Innkjøp dyr

Vêr og klima

I dag er det ikkje nok å vere lidenskapleg interessert i gardsdrift for å drifte eit stort robotfjøs. Mykje av endringane siste åra handlar om storleiken på gardsbruka. Dei siste 20 åra har mange av gardsbruka gått frå å gjerne vera fem einingar til å bli eitt gardsbruk. Sjølv om det har kome større slåmaskiner og meir effektive måtar til å legge i silo på, så er det ei utfordring med vêret. Det ustabile vêret og klimaet som rår på Jæren og i Dalane, gjer det til tider vanskeleg å få gjort våronn og innhausting innimellom regnbyene.
Om våren når tida er knapp, må bonden ofte velje snarvegar for å få unnagjort heile vårvinna i rett tid. Det har blitt lite tid til grøfting og jordarbeid dei siste åra. Enga blir ikkje fornya så ofte lenger, og det har blitt ei utfordring med kjøreskader grunna større og tyngre traktorar og reiskap.
På grunn av tidsklemma rekk ofte bonden bare å «lappe» litt på jordene. Når det tidlegare var fem bønder som skulle gjere arbeidet på same areal, vart enga oftare pløgd og fornya.
– Det var òg lettare å få unnagjort innhaustinga når gardsbruka hadde mindre areal, seier Per Herikstad.

Utfordring i robotfjøs

Så langt viser erfaringar at dei nye lausdriftfjøsa med mjølkerobot er handterbare med omsyn til arbeidsmengde. Det har derimot blitt ei utfordring med det å klare å ta vare på kalvane. Det er fleire som er opptekne av at kalvane må ut i hytter utafor driftsbygningen for å halda seg friske. Dette er grunna stort smittepress i robotfjøset. Flyt i produksjonen er òg ei utfordring. For at mjølkeroboten skal fungere optimalt, må kalvingane gjerne fordelast gjennom året, slik at dagleg produsert mjølkemengd er tilpassa kapasiteten til roboten.

Budsjett med ord

Per er oppteken av at bonden bør bruke meir tid på driftsrekneskapen, og kanskje ikkje vere så oppteken av skatterekneskapen.
– Det er i den daglege drifta bonden kan påverka mest, seier han.
Rekneskapsføraren ynskjer primært at bonden skal kome innom for ein prat angåande drifta, gjerne fleire gangar i året. Det er viktig å snakke seg gjennom både drift og investeringar. Eit døme på «budsjett med ord» kan vere å setje opp ei prioritert rekkjefølge for komande investeringar:

  1. Ny traktor
  2. Nytt gjødsellager
  3. Påbygg våningshus
  4. Ny privatbil

Det beste er når begge ektefellene er saman om planlegginga.
– På ein gard er det ofte både private og driftsmessige investeringar som skal gjerast. Det er viktig å ta med alt i budsjettet. God planlegging må gjerast kontinuerleg og er viktig både for bonden, familien og for driftsresultatet, påpeiker Per Herikstad.

Fagleg kompetanse

Bonden bør ha kontroll på det agronomiske og vite kva som veks på enga, men treng ikkje nødvendigvis å kjøre slåmaskinen sjølv. Utfordringa i mjølkeproduksjonen i dag ligg kanskje i det å produsere både billig og godt grovfôr. Det er alltid ein balanse i det med å nytte seg av ny kunnskap og nye metodar, samt å halde ved den gamle kunnskapen , både når det gjeld dyrestell og jordarbeiding.
– Dei «flinkaste» i nøkkeltala frå Jæren og Dalane er gode fôrdyrkarar, trur Per.

Frå leige til kjøp

Ei utfordring, som Per Herikstad trur vil kome til den bonden som har bygd og drifta eit stort robotfjøs i nokre år, er at leigejorda og kvoten til naboen kjem for sal.
– Dersom denne jorda og kvoten er ein del av grunnlaget for drifta, vil ofte bonden kjenna seg pressa til å kjøpe jorda og kvoten. Med prisar som gjeld i området i dag, kan dette fort bli ei økonomisk utfordring. Pris på kvote i området her er 15 kroner literen, medan prisen på jord er 15.000 kroner per dekar.
– Dette kan bli eit krevjande reknestykke for den som vil kjøpa. Det einaste som bonden sparer inn ved å kjøpa kontra å leige, er leigekostnaden pluss sikkerheita ved å eige. Leigekostnaden er ofte lågare enn renteutgiftene, og lånet har òg avdrag. Leigeavtalar i dag på jord og kvote har ofte ein tidsrame på fem år. Lånet har oftast ei avdragstid på 25 år.

Menneskelege ressursar

Den klart viktigaste ressursen på ein gard er menneska. Det har blitt større og større krav til bonden som driftsleiar dei seinare åra. Det å vere bonde i dag har blitt eit avansert yrke. Bonden skal vere flink til å stelle dyra, bør kunne meistre mykje ny teknikk i driftsbygningen, handtere stadig nye maskiner og vere oppdatert på agronomi. Bonden skal vere leiar og administrator med personalansvar, i tillegg til å arbeide mykje sjølv.
– Alt vil som regel gå godt dersom bonden held seg frisk og har eit driftsresultat som er noko over middels, seier Per

Gode råd ved nybygg

Per Herikstad vil gjerne at gardsbruka skal ha ein driftsplan. Det er viktig å legge inn realistiske føresetnader når ein skal styre drifta etter ein plan. Per vil ikkje rå nokon til å legge inn betre tal enn tidlegare nådd, for å få det til å sjå godt ut på papiret når ein skal søkje lån til nytt fjøs.
– Då lurer ein seg sjølv, seier han.
Det er bonden som skal leve med og av investeringa, ikkje banken. Den klarer seg alltid. I eit nytt fjøs er ofte produksjonen auka med meir kvote og leigejord, og det vert til dømes òg gjerne fødd tre gonger så mange kalvar som skal ha starthjelp og tilsyn.
– Dersom du ikkje får drifta til i eit båsfjøs, så vil det neppe bli betre i eit robotfjøs, påpeiker Per.
Dei beste økonomiske resultata, som vi har etter nokre år med bygging av robotfjøs, er gardsbruka der drifta i hovudsak er basert på eigne ressursar på garden, og at arbeidet er handterbart for ein person. Det er gjerne gardsbruk med mjølkekvote på mellom 4 – 500.000 liter. Blir økonomien pressa er det viktig med eit godt samspel mellom bonde, bank og rekneskapskontor. Han seier òg at dei ofte diskuterer føringane frå Innovasjon Norge og Norges Bondelag med kundane. Skal ein søke tilskot hjå Innovasjon Norge ved ei utbygging, er det ein fordel at søknaden er litt «politisk» korrekt.
– Kundane må ta utbygging når dei er klar og motivert for det, og ikkje alltid følgje trendar. Økonomien i dei ulike produksjonane svingar litt og det blir utfordrande for marknaden om alle satsar på same produksjon. Når det til dømes går mot overskot på sau og lam, etter ei større utbygging her, kan det bli utfordrande økonomisk, påpeiker Per.

Bøn til styresmaktene

– Skal landbruksnæringa bestå på Jæren, så ikkje slepp prisane fritt, det gagnar bare dei som skal ut av næringa, ikkje rekruttering av ungdom, avsluttar Per Herikstad.

Stikkord denne saka: , , , ,