bv40_aktuelt2

Auka avling per dekar reduserer grovfôrkostnadane. Foto frå Bondevennen sitt arkiv: 1. slått i Vik i Sogn.

Kor mykje kostar grovfôret, og kva påverkar kostnaden?

Liv Kristin Sola

Tinerådgivar og leiar for Storfeprosjektet i Sogn og Fjordane, Jo Helge Sunde, var invitert til NIBIO-samlinga på Fureneset for å snakka om akkurat dette. I salen sat forskarar og rådgivarar frå NLR og NIBIO, i lag med andre inviterte tilhøyrarar.

Redusert avling gir mindre mjølk

Med å visa til konsekvensane av dei to vanskelege grovfôråra 2012 og 2013, illustrerte Sunde samanhengen mellom grovfôravling og liter mjølk levert til meieriet.

– Første året tilpassa folk seg, kjøpte kraftfôr, fekk tak i grovfôr. Andre året med dårlege avlingar vart verre. Det som var av grovfôr for sal var ofte dyrt og dårleg. Fleire bønder reduserte buskapen, og konsekvensen var reduserte mjølkeleveransar til meieriet i 2014 og 2015, sa Sunde.

Buskapane er no bygd opp att, og tal så langt i 2016, viser at liter mjølk levert til meieriet frå bønder i Sogn og Fjordane har auka betydeleg, i eit år kor forhaldstalet er redusert.

– Dette viser i praksis korleis tilgangen til grovfôr styrer mjølkevolumet, kommenterte Sunde.

Store variasjonar

Ulike undersøkingar opererer med litt ulike tal, men Sunde understreka at alle viser at det er store variasjonar knytt til kostnad i grovfôrproduksjonen. Med utgangspunkt i ein studie gjort av Anders Huus, Norges Bondelag, basert på tal frå driftsgranskingane 2014 frå 330 mjølkebruk i heile landet, presenterte Sunde ein oversikt over kostnadssamanhengar i grovfôrproduksjonen. Tala var sett i forhold til grovfôrareal per bruk, og inkluderte tidsforbruk til hausting og grasberging. I tillegg var avskrivingar og finans med i kalkylane.

Variable kostnadar (VK) var i undersøkinga i gjennomsnitt 1,14 kr per fôreining (kr/FEm). Mange ligg over 1,50, medan ei stor gruppe har lågare VK.

Faste kostnadar (FK) var i gjennomsnitt 1,31 kr/FEm. Mange ligg langt over. Enkelte bruk er oppe i 4 kroner i FK, medan ei stor gruppe har lågare FK enn gjennomsnittet.

Netto grovfôrkostnadar var i gjennomsnitt 2,72 kr/FEm, med variasjonar frå rett over 1 kr til godt over 4 kr.

Arealtilskot for dei 330 bruka var i snitt på 1,11 kr/FEm. Ser me vekk frå arealtilskotet, vil grovfôrkostnaden nærme seg kraftfôrprisen, med 3,83 kr/FEm.

Studien viser at det er enorme forskjellar mellom bruk. Det er heller ikkje grunnlag for å hevde at det er stordriftsfordelar eller smådriftsulemper i grovfôrproduksjonen (justert for AK-tilskot).

– Enorme forskjellar betyr at det er store moglegheiter til å auka avlingane og produsera rimelegare grovfôr, kommenterte Sunde.

Transport kostar

Variasjonane kan ikkje forklarast med storleiken på bruket. Bruk som disponerer mykje areal ser ut til å ha like store variasjonar i grovfôrkostnadar som små.

– Fordelen med betre utnytting av maskinparken på store bruk, vert til ein viss grad oppeten av auka kostnadar knytt til transport av fôr og møkk, kommenterte Sunde.

Han understreka at sjølv ei utviding til 25-35 kyr, er ei enorm strukturendring i Sogn og Fjordane. Rådgivaren var tydeleg på at det vil bli meir frakt av fôr og møkk framover. For å redusera transportkostnadar, var rådet å slå graset som er lengst vekke først. God tørke vil redusera volumet på fôret som skal transporterast attende til fjøset. Det er utruleg dyrt å frakta vatn.

Auka avling reduserer kostnaden

Ein klar tendens i studien, var at dei bruka som hadde høgst avling per dekar, hadde lågare kostnadar i grovfôrproduksjonen.

– Den sikraste måten å få ned grovfôrkostnaden på, er å auka avlingane per dekar, utan tvil, understreka Sunde.

Høg avling gir redusert grovfôrkostnadar per fôreining. I tillegg gir det større totalavling på bruket.

PowerPoint-presentasjon

Figuren viser netto grovfôrkostnadar per fôreining (Fem) i forhold til avling per dekar. Rød linje markerer gjennomsnittleg grovfôrkostnad, eksklusiv AK-tilskot, kr 3,83 per FEm. Svart linje viser reduksjon i kostnad ved auka avlingar, målt i FEm/dekar.

Kjøpe fôr eller leige jord

Vurderinga om å leige jord eller kjøpe fôr, er noko kvar og ein må sette seg ned å rekne på. Kostnaden med å slå og transportere heim fôr betyr mykje. Faktum er likevel at transport av husdyrgjødsel ofte er den største utgiftsposten og aukar grovfôrkostnaden betydeleg, når ein reknar på kapasitet, arbeidstimar og verdien av eigen traktor og utstyr. Her er ingen konklusjon. Fordelar og ulemper med å leige jord langt vekk må vurderast nøye i kvart enkelt tilfelle.

– Men det er ingen skam å kjøpa fôr. Kan hende er det fritid bøndene har for lite av, kommenterte Sunde, og fekk mange nikk frå salen.

Godt grovfôr er grunnlaget

Dei siste åra har det vore sterk merksemd på høg mjølkeavdrått. Tendensen er at auka avdrått skjer ved bruk av kraftfôr. Tal frå TINE Mjølkonomi viser at mjølkeproduksjonen ikkje aukar dersom kraftfôrdelen i rasjonen vert for høg. Tendensen er heller motsett, besetningar med høg avdrått er dei som har lågast kraftfôrdel.

– Mange bruk har så lite grovfôr tilgjengeleg, at det vert for mykje kraftfôr og for lite struktur. Då fungerer ikkje vomma optimalt, og grovfôret vert dårleg utnytta. Tendensen er at med auka kraftfôrdel i rasjonen, går mjølkemengda ned, sa Sunde.

Dersom strukturen i rasjonen er god, vert grovfôr godt utnytta og avdråtten aukar.

Rådet til dei som skal planlegga nye fjøs, er å sørge for å ha tilgang til nok grovfôr. Har du ikkje arealet sjølv, må kjøp av grovfôr kalkulerast inn i driftsplanen.

– Truleg har mjølkeprisen nådd ein topp. Med dagens landbrukspolitikk er 8.500-9.000 liter i avdrått det som gir best økonomi for dei aller fleste. Me må i større grad tenke slik me gjorde på 90-talet. Skal inntekta aukast, må me redusere kostnadane. Truleg blir det viktig å finne eit optimalt avdråttsnivå, ut frå dei fôrressursane som er tilgjengeleg, eller kan skaffast til ein forsvarleg pris, summerte Jo Helge Sunde.

Verdiskaping i Sogn og Fjordane

Berre tre fylke har fleire mjølkeprodusentar enn Sogn og Fjordane. Totalt mjølkevolum i fylket er i overkant av 100 mill. liter.

– Sogn og fjordane produserer om lag 7 % av det totale mjølkevolumet i landet, men me er berre 2 % av folket, sa Sunde.

Målt i forhold til folketalet er verdiskapinga frå mjølk og storfekjøt i Sogn og Fjordane berre slått av Nord- Trøndelag.

Nytte alt ledig areal

– Skal Sogn og Fjordane oppretthalde vår del av mjølkeproduksjonen, er det heilt nødvendig at me opprettheld grovfôrproduksjonen på alt tilgjengeleg areal. Me må produsere mest mogleg av grovfôret vårt sjølv, skal det vere berekraftig. At dei med ledig areal, sel grovfôr er me heilt avhengig av, understreka Sunde.

Arve Arstein, frå NLR Vest, minna om at betalingsviljen for godt grovfôr er for låg.

– Det er vel kjent at det er vanskeleg å få god pris rundballar med høgt innhald av tørrstoff og energi. Ingen kan over tid, selje grovfôr med tap, sa Arstein.

Deltakarane på fagdagen var samde om å ha auka merksemd på verdien av fôret. Seljar og kjøpar bør oppmodast til i større grad å legga analysar, vekt og tørrstoffinnhald til grunn for omsetting av grovfôr. Målet er å auka forståinga av at fôret har ein verdi per fôreining, ikkje per rundball.

Jo_Helge_Sunde

Tinerådgivar, Jo Helge Sunde

Sunde sine råd for å redusere grovfôrkostnadane:

1. Utnytt avlingspotensialet på den jorda du har, ikkje minst på den som ligg næast garden!

2. Vedlikehald av jorda og god agronomi.

3. Vurder kjøp av grovfôr når avstanden til stor, 7-10 km.

4. Vurder nøye behov for nyinvesteringar til grovfôrhandtering.

 

 

Stikkord denne saka: , ,