Råd og tips: Klauvskjeraren kan mykje om digital dermatitt, og kva tiltak som fungerer. Morten Erga t.v. og Einar Nedrebø vil meir enn gjerne bidra, men bonden må ville det sjølv.

Digital dermatitt har gått frå å vere eit ikkje-tema til å bli ei felles utfordring – på under to år.

Liv Kristin Sola

Einar Nedrebø har drive Nedrebø klauvservice i snart ti år. For to år sidan fekk han med seg Morten Erga som assistent. I dag har dei kundar over heile Jæren, og Morten er snart i mål som sertifisert klauvskjerar.
For berre to år sidan var smittsame sjukdommar ikkje noko heitt tema i mjølkeproduksjonen, og smittesluse var noko bøndene var pålagde av styresmaktene.
Mykje har endra seg. Frå å handtere miljø- og fôringsrelaterte klauvproblem dreier mykje seg no om digital dermatitt. Smittevern har blitt ein viktig del av kvardagen til Einar og Morten i Nedrebø klauvservice. Dei profesjonelle klauvskjerarane opplever at det tek tid å endre haldningar hjå enkelte. Haldningar, både til smittevern og til førebygging og behandlinga av klauvsjukdommar, er vanskelege å vende.
– Det har gått seint, men no trur eg at noko er på gang. Fleire bønder tar klauvhelsa på større alvor, og gjer dei tiltaka som trengst for å halde smittepresset nede og behandle dyr som har klauvproblem, seier Nedrebø.

Krev innsats

Har du fått registrert digital dermatitt i buskapen, er det berre ein ting å gjere. Bli kvitt det. Men det skjer ikkje av seg sjølv.
– Dyr med påvist smitte behandlar me med salisylsyre og bandasje. Salisylsyre gjer at såret tørker inn og dannar skorpe. Men bandasjen må av innan tre til fem dagar, elles vert såret verre. Det er bonden sitt ansvar, seier Einar.
Ein behandlingsboks kan vere nyttig for å sjekke effekten av behandlinga.

Planlegg godt

Smitten blomstrar i blaute og møkkete miljø, difor er det lite effektivt å behandle enkeltkyr om ein ikkje gjer noko med årsaka til problemet – miljøet kyrne går i.
– Om kyrne vassar i drit, blir du ikkje kvitt problemet.
Skal du bygge nytt, tenk klauvhelse. Tørrast mogleg golv er ein nøkkelfaktor. Vel du tett golv, ver spesielt merksam på plassering av skrapa. Det kan bli ei smittefelle.
– Tenk på plassering av klauvbad og klauvboks, minner Einar om.
Ikkje vent – problemet blir verre
– Start med tiltak når du får diagnosen på den første kua. Dei som ventar får berre eit større problem og ekstra mykje arbeid. Dette utviklar seg raskt, seier Einar.
Somme investerer i klauvspyler i mjølkeroboten. Ei dyr investering, men mykje tyder på at den har ein effekt. Morten og Einar har aller mest tru på fotbad. Dei tilrår klauvbad tre dagar i veka i starten. Seinare ein dag per veke for vedlikehald.
– Klauvbad er sterke saker og må ikkje brukast for hyppig. Det går ut over klauvene, og kan gi meir problem.
Dei har gode erfaringar med Hoof Fit Bath frå Mineral Expressen, men understrekar at det er ulike typar virkestoff å få tak i.
– Det aller viktigaste er at blandinga vert skifta ut ofte nok, slik at den ikkje vert full av møkk og verkar mot sin hensikt, seier dei to.

Det nyttar

Bønder er ulike. Dei aller fleste vil bli kvitt problemet, men somme meiner at digital dermatitt har kome for å bli og at det er nyttelaust å tru at det kan kontrollerast.
– Mange gjev uttrykk for at dei vil gjere tiltak, men det skjer lite, seier Morten.
Dei kan vise til bønder som har gått systematisk til verks, med gode resultat.
– Det tek tid, men det nytter, seier Einar.

Reingjer og desinfiserer: Nedrebø klauvservice nyttar ein komplett liten lastebil, med plass både til klauvboksen og ein vask- og desinfiseringseining. Boksen vert løfta av spaltene, høgtrykkspylt og desinfisert på plassen, og sett attende på bilen. Utstyret er reint og klart til neste oppdrag.

Stikkord denne saka: