Talet er null: Tore Vikane og Olaug Tveit tar ein high five for null i sporer.

Slaget om å knekka sporeproblema i fjøset var krevjande for Tore Vikane, men mjølkeprodusenten frå Kvinherad nekta å gje opp. No er mjølka sporefri.

Sjur Håland

På Tine sitt produsentmøte om sporeproblematikken på Særheim i Klepp førre veke, delte Tore Vikane si erfaring med 70 frammøtte yrkeskollegar frå Jæren. Bonden har ei lang karriere bak seg og har gått vegen på eigen gard frå fem kyr med spannmjølkingsanlegg til dagens lausdriftsfjøs med mjølkerobot og 550.000 liter i kvote.
– Å levera elitemjølk alle desse åra, har gått svært greitt, seier han.

Starta med diare

Det galdt fram til i fjor. Ein lei virusinfeksjon enda med to rundar med diaréproblem i besetninga. Det gav mykje arbeid, ein særs sliten bonde og eit fjøs som vart vesentleg mindre reint enn normalt. Det skulle ikkje stoppa med det. Sjuande februar i år fekk han eit analyseresultat frå meieriet som synte høgt innhald av anaerobe sporar.
– Dyrlegen rådde meg til å skjerpa reinhaldet, noko eg straks greip tak i, fortel han.
Etter drygt to veker fekk han resultat frå ein ny prøve. Også denne viste høgt tal på anaerobe sporar. No byrja han å frykta dei økonomiske konsekvensane av problemet, og at meieriet etter ei tid ville stoppe henting av mjølk på garden.

Søkte råd

– Eg søkte råd hjå rådgjevar Olaug Tveit hjå Tine. Arbeidet med reingjering (ikkje høgtrykkvasking, som kan forverra problema) vart intensivert, samstundes som me gjekk i gang med å sjekka grovfôret.
Vikane hadde kjøpt eit lite parti grovfôr som på dette tidspunktet var fôra opp. Dermed kjende han ikkje hygieneverdiane på dette fôret.
– Men smørsyreverdiane på eige fôr låg derimot på mellom 4,3 og 4,9, noko som ikkje var bra, fortel han.

Fôr og reinhald

Dermed kunne ting tyda på at både fôret og reinhaldet i fjøset var blant grunnane til sporeproblema. Bonden sytte for to rundar med kraftigare vask av spenane på kvar ku, og endra rutinane med hyppigare filterskift. I tillegg gjorde han tiltak som gav betre utlufting i området rundt mjølkeroboten.
– Dette var tiltak basert på ein rapport om teknisk utstyr og den generelle stoda i fjøset, som Tine-rådgjevaren utarbeidde for meg. Eg klypte jur og halar og gjekk jamt og skrapa spaltearealet og bak i liggebåsane. Strøet, kjøpt i storsekk, vart skifta ut med ein annan, tørrare type strø. Det vart mykje ekstra arbeid, og ei stor belasting på mange måtar.
– Det gjekk mest på helsa laus. Eg hadde ikkje kome meg skikkeleg på føtene etter dei to smellande med diare i fjøset før eg fekk sporeproblemet i fanget. Eg kjende bekymringane på kroppen, og familien vart uroa for meg.

Kjøpte skrapemaskin

Skraperobot er ei stor investering. Vikane valde førebels ein rimelegare variant. Ein skrapemaskin til 26.000 kroner.
– Han minner mest om ein Segway, smilar han og demonstrer utstyret med ein filmsnutt frå fjøset.
– Måkinga vart nærast som ein leik. Med denne maskinen kjører me over skrapearealet fire gonger i døgnet. Kvar runde tek om lag fem minutt. På dei rundane får eg samstundes betre oversikt over dyra og oppdagar til dømes ei og anna brunstig ku som eg elles ikkje hadde sett. Tiltaka byrja å gi resultat. Tre veker etter investeringa i skrapemaskinen kom provet på at arbeidet ikkje var fånyttes.
– 17. april synte prøven «null» for anaerobe sporar for første gong igjen, og sidan har det berre vore «nullar», og det samstundes med at kyrne har fått av eige fôr frå i fjor – med meir anaerobe sporar enn godt er.

Parkerte rotorriva

Ute på jordene har han gjort andre tiltak denne sesongen for å unngå å koma i same situasjon på nytt.
– Riva med to rotorar er av nyare dato. Denne har me faktisk parkert, då me ser at risikoen for ureining i fôret er for stor med denne reiskapen, som er krevjande å handtera rett slik teigane mine ser ut. Vikane har køyrt med høgare stubbhøgd denne sesongen, og har valt å selja pressa og heller leiga entreprenør.

Nøye med ensileringsmiddel

– Eg er veldig nøye på at entreprenøren brukar nok ensileringsmiddel. Med eitt unnatak, ser fôrprøvane gode ut for førsteslåtten, fortel bonden.
– Grovfôret med mindre god kvalitet skal ikkje nyttast til mjølkekyrne. Eg har ikkje fått resultata frå håslåtten, og er sjølvsagt svært spent på korleis kvaliteten er.
– Kva har du lært av denne hendinga?
– Å kjenna stoda, både i fjøset og innhaldet i fôret, er viktig. Så har eg erfart viktigheita av å ha eit godt nettverk av folk som bryr seg. Eg har også fått sanna at den som vil gjera ein innsats for å retta opp i ein vanskeleg situasjon har behov for litt slingringsmonn. Gitte situasjonar kan opplevast som ekstreme. Då treng me tryggleik og hjelp for å sikra inntektsgrunnlaget, understrekar Tore Vikane.

Stikkord denne saka: