Asfalt: På Bru Gard utgjer asfalt det faste dekket på tun og vegar. – Med godt grunnarbeid blir resultatet svært bra, erfarer Asbjørn Stokkeland.

– Me var lei av grus, sand og støv. Dermed vart det asfalt hjå oss, seier Asbjørn Stokkeland på Brusand i Hå.

Sjur Håland

Gardsbruka sør i Hå har rikeleg med sandjord og masse vind. Jorda høver perfekt for dyrking av ulike grønsakskulturar, men sand og støv er ikkje fullt så perfekt i gardstun og på vegar. For gulrotdyrkarane på Bru Gard AS har asfaltdekke på gardsvegar og rundt bygningane bidrege til ein lettare og reinare kvardag. Til saman er eit areal på kring ti mål dekt med asfalt.
– Lettvindt og nærast vedlikehaldsfritt, erfarer Asbjørn og tar oss med på ein guida bilturtur over haugar og hamrar med store løk- og gulrotåkrar innimellom.
Bru Gard produserer blant anna 2.500 tonn gulrot og 350 tonn løk årleg. Til arealet på 670 mål tilhøyrande garden høyrer fleire gardsvegar, noko som bidrog til valet av asfalt som fast dekke.
– Alle vegane gjorde at me ikkje vurderte andre former for fast dekke, stadfestar han.

Asbjørn Stokkeland

Slitesterk

Asfalten er slitesterk, men kan bli nedstøva og tilskitna av den omfattande transporten med lastebilar og traktorar.
– Me valde å investera i ein eigen sopebil for å letta reinhaldet, fortel Asbjørn.
Sjølv om dei vurderer at det blir mindre uønskt vegetasjon med asfalt kontra stein, tar dei ein runde eller to med ugrassprøyta i sommarhalvåret for å fjerna ugras i overgangen (små sprekker) mellom asfaltdekke og fjell eller mur.
– Kva med skader eller slitasje?
– Det har me lite problem med. For å unngå at bakken sig, har me støypt dekke i området kring lasterampene der store lastebilar står parkert og belastinga er ekstra stor. Elles opplever me ei sjeldan gong at det kan bli hol i asfalten. Med gode reperasjonsmiddel tilgjengeleg let det seg enkelt gjera å reparera eventuelle skadar etter kvart, forklarer han.
Legging av asfalt krev, som med steinlegging, eit omfattande grunnarbeid.
– Me brukte mykje tid på å leggja eit godt grunnlag under asfalten. Så må eg også skryta av asfaltfirmaet. Med gode folk og godt utstyr, vart også resultatet godt, seier han.
Asbjørn Stokkeland erfarer at asfalten er mjuk når han er nylagd.
– Første sommaren etter asfaltering er det viktig å vera ekstra varsam med til dømes kor og korleis ein parkerer maskinar og utstyr for å unngå hol og skader.

Pris for asfaltering

Det er entreprenøren Velde som har gjort asfalteringsarbeidet hjå Bru Gard. Dagleg leiar hjå Velde Asfalt, Ove Sviland, understreker at eit godt underlag er viktig for resultatet. Han anslår at legging av 400 – 600 kvadratmeter med fire centimeter asfalt vil kosta 150 kroner per kvadratmeter pluss moms. Kostnaden med rigging på 4.300 kroner pluss moms kjem i tillegg. Førearbeid er ikkje inkludert i denne prisen.