Alternativ: Auka kraftfôrdel kan vere eit alternativ til innkjøpt grovfôr. – Vi har ofte sett at kjøpte rundballar, inkludert transport og kostnadar med ekstra arbeid, gir høgare pris per FEm enn kraftfôr, påpeikar artikkelforfattaren.

Vi har lagt bak oss ein våt, utfordrande sommar. Her følgjer nokre råd til korleis du kan gripa an situasjonen.

Per Herikstad, Hå Rekneskapslag SA

Resultata av den intense nedbøren har vi sett på kjelver med tydelege svarte spor, vatn og holmar med gamalt gras. Nokre var tidleg ute med førsteslåtten og har fått både andre- og tredjeslått i hus til fornuftig tid. Andre har litt tyngre jord og kom for seint i gang med førsteslått. Dei fekk òg veldig sein andreslått. Mange har fått mykje gamalt og blaut fôr på lager. I avisene les vi om bønder som må selje delar av buskapen grunna for lite vinterfôr. Siste veka med godvêr i september kan ha berga mykje for mange.
Eg har høyrt rykte om at prisen på rundballar somme stadar har kome opp i 800-1000 kroner per stykk, noko som vitnar om krevjande marknad for dei som må ut på grovfôrhandel på spotmarknaden. Fuktige hausteforhold gir og høgare fare for sporar og ureina grovfôr, slik at det blir viktig å ha kontroll på det grovfôret ein fôrar med, spesielt til mjølkekyr.

Kva gjer du i ein slik situasjon?

Vi ser at bøndene handterer slike situasjonar ulikt, og nokre gjer val som påverkar økonomien i mindre grad enn andre. Erfaringa frå den vanskelege fôråret 2013 er det no nyttig å sjå tilbake på.
Mange har nok varierande mengde og kvalitet på grovfôret. Generelt har nok grovfôret lågare tørrstoffprosent og vil vere mindre drygt i år enn ein er van med. Det er då viktig å danne seg eit realistisk bilete over mengde fôr i forhold til tal dyr. Grovfôrprøvar og hjelp til å setje opp fôrplan får du gjennom Tine eller NLR.

Viktig å setje inn tiltak tidleg

Det kan anten vera å:

  • Gi ekstra rimeleg kraftfôr til alle dyra i heile innefôringssesongen i staden for kjøp av grovfôr.
  • Gi eit dyrare kraftfôr med meir energi for å kompensere for eit dårlegare grovfôr.
  • Reduksjon av talet på dyr. Dette meiner eg er siste utveg.

Har ein nok grovfôr i volum trur eg ikkje eit dyrare kraftfôrslag vil gi dei største utslaga i økonomien.

Ved reduksjon av dyretalet

Finn ein det mest fornuftig å redusere på dyr bør ein vite kva ein gjer:

  • Ha heller nokre få stutar til slakt, slik at ein oppnår optimal klasse, vekt og pris. Resten bør ein selje som fôringsdyr.
  • Alternativ er slakt av alle, litt for tidleg, som gir ein dårlegare klasse på slaktet og dårlegare økonomi.
  • Innkjøp av fôringsdyr, kjøp av grovfôr og kraftfôr i eit år som dette, gir ikkje nødvendigvis overskot. Då må du kjenne produksjonen og kostnadane dine godt.
  • Ein bør ta ut dyr som ikkje er nødvendige, slik at ein slepp unødvendig vedlikehaldsfôring.

Har ein mykje gamalt grovfôr, som ikkje er eigna til mjølkekyr, vil det ikkje være spesielt fornuftig å selje stutane eller alle ammekyrne i eit år som dette.

Om kjøp av grovfôr

Bønder som har behov for kjøp av grovfôr bør krevje fôrprøve på det dei kjøpar. Kvaliteten er ofte varierande. Spesielt påverkar låg tørrstoffprosent i rundballar prisen negativt. Ta med alle faktorar rundt kjøp av rundballefôr. Transport betyr ein del på prisen. Ekstraarbeidet innkjøpt fôr medfører på garden er også ein del av reknestykket. Vi har ofte sett at kjøp av rundballar, inkludert transport og ekstra arbeid, gir høgare pris per FEm enn kraftfôr. Kraftfôr er enkelt å bestille, blir levert på garden, ein veit kva ein får, og det er normalt lite arbeid med å handtere dette fôrslaget i fjøset. Har ein generelt litt lite grovfôr, er det lurt å ha faste avtaler om kjøp frå faste leverandørar. Då vil ein ofte ha stabil pris i krevjande år som i år, men ein vil oppleve det som litt unødvendig å måtte kjøpe grovfôr dei åra ein har nok. I sum er nok dette likevel rimelegare og sikrare. Ein kan ofte vera med på å påverke kvaliteten på det grovfôret ein ynskjer å kjøpe.

Likvid utfordring

For dei som i utgangspunktet har ein litt krevjande økonomi, får ein sommar som i år direkte utslag. Det blir då viktig å vera litt i forkant og open om situasjonen i møte med banken og kraftfôrleverandøren slik at alle kan handtere situasjonen så fornuftig som råd.

Gjødsel

Mange har nok alt nå unormalt fulle gjødsellager. Ekstra mykje dyr inne i sommar gir store utfordringar med å få ut det ein skal. Det blir ekstra viktig å sikre seg nok lagerkapasitet tidleg.

Oppsummering

  • Få kontroll over grovfôrsituasjonen på garden din tidleg i haust.
  • Lag ein fôrplan på kor mykje du kan gi, slik at fôret varer heile sesongen.
  • Juster kraftfôrrasjon tidleg.
  • Juster tal dyr og slag dyr om nødvendig.
  • Pass på likviditeten.

Særlig i eit år som dette kan det vera lurt å diskutere strategi for garden med rekneskapsføraren din.

Stikkord denne saka: , ,