Lys og lupe: For å kunne avgjere kvaliteten på ulla, er det naudsynt å sjå ullfibrane gjennom ei lupe.

Marghår og grove enkelthår i botnulla er dei største kvalitetsfeila ved norsk spælull. Utstyr og kunnskap må til for å betre kvaliteten.

Jofrid Åsland
Foto: Norsk sau og geit

Eit raskt blikk gjennom seminkatalogen for 2017 vitnar om at ullkvaliteten hos spælsauen er dårleg. Dei fleste dyra har merknader om daudhår og marg i ulla.
Thor Blichfeldt, avls- og seminsjef hos Norsk Sau og Geit (NSG), forklarar at endringar i bedømminga av ull har ført til at mange dyr blir vurdert til å ha dårleg ullkvalitet. I tillegg kan ullkvaliteten tape seg frå lammet er eit halvt år gamalt til dyret blir seminvêr 2,5 år gamalt.
– Det me i dag ser på som kvalitetsfeil i ulla, såg me ikkje på som feil før. Difor vil det no sjå ut som om kvaliteten har blitt dårlegare, utan at den har det. I fjor opplevde me ein glidande overgang til nytt regelverk, som legg vekt på at grove hår i botnulla ikkje er ønska, opplyser avls- og seminsjefen.
Det er om lag to år sidan Norilia rapporterte at den største kvalitetsfeilen på norsk spælull, er grove hår i botnulla.
– Avlsrådet er samde om at det vil ta tid å betre ullkvaliteten. Dette fordi det også er andre eigenskapar å ta omsyn til, når det gjeld avlsarbeidet, seier Kjell Steinar Løland, avlskonsulent for sau i Norsk Sau og Geit (NSG).
Han understrekar at ullkvaliteten hos spælsau vil betre seg framover, fordi det blir arbeida med å betre ulla.

Må bli betre: Avlsrådet er samde om at ullkvaliteten hos spælsau må betrast.

System for betre ull

– Me i NSG har også laga eit opplegg der bøndene kan få hjelp til å vurdere sauene i si besetning med tanke på ullkvalitet. Når det er kartlagt kva dyr som har best ull, kan desse søyene parast med ein vêr med god kvalitet på ulla, for å få rask framgang i avlen, fortel Løland.

Under lupa

For å kunne avgjere kvaliteten på ulla, er det naudsynt å sjå på ullfibrane gjennom ei lupe. «Marghår og grove enkelthår i botnulla hos spæl, er dei viktigaste kvalitetsfeila i dag.For å bedømme ullkvaliteten både på kåringssjå og heime hos produsentane, er det behov for utstyr til å bedømme ulla og kunnskap om kvalitetsfeil», skriv NSG i sine dokument om ullkvalitet.
– Dersom me tek utgangspunkt i seminvêrane på Staur, har spælpreget blitt betre. Det er først når me ser på ulla gjennom lupe, at me kan avdekke dårleg ullkvalitet, fortel Blickfeldt.
Særpreget ved spælsauen som rase er noko bøndene er opptekne av, medan Norilia, som skal foredle ulla, berre er opptekne av sjølve ullkvaliteten.

Uønskte fibrar

Hos spælsau gir grove enkelthår i botnulla og marg og daudhår kvalitetstrekk. Det er ønskeleg å ha lite marg i dekkulla og ingen pigmenterte hår hos kvit spælsau. Daudhår er oftast å finne i botnulla. Dersom det er mykje av dei, kan ein sjå dei utan lupe. Håra er svært grove, og enkle grove hår er ikkje ønskjeleg, sjølv om det ikkje er marg i ulla.
Marg ser ein som eit kvitt felt inni håret. Det kan vere heiltrekt marg med ulik bredde, eller broten margstreng, synlege som prikkar eller flekkar.
– Spælull er så pass dårlig, at avlsrådet har vedteke å legge vekt på at spælulla skal bli betre. Det kan godt hende at me legg for mykje vekt på ull hos spæl om dagen, i forhold til dei andre økonomisk viktige eigenskapane i avlsarbeidet. Det kan vere vanskelig å balansere dette, fortel Blickfeldt.
Han visar også til at flekkar av svarte hår i fellen er kvalitetsfeil. Dette fordi dei svarte håra tek farging annleis enn dei kvite.
– Arvegrada er høg på ull, dersom ein føreheld seg til einskilde eigenskapar. Ullkvalitet klassifisert på ullstasjonen derimot, har låg arvegrad, ettersom det er mange eigenskapar som går inn i klassifiseringa. Klassifiseringa kan og påverkast av ytre ting, som til dømes forurensing av plantemateriale. Det er viktig å vere presis når me snakkar om eigenskapar, seier Blickfeldt.

Spælsau og ull

Kva er marg i ulla?

Marg ser ut som eit kvitt felt inni håret når ein ser i ei lupe. Det kan vere heiltrekt marg med ulik bredde, eller broten margstreng, som prikkar eller flekkar. Dette er luft inni håret, som gir dårlegare farging av ulla og gjer ullfibrane sprøare.

Kva er daudhår?

Når over 60 prosent av håret er
marg, altså luft inni håret, blir det
klassifisert som eit daudhår.

Kva er spælsau?

Spælsauen er ein sauerase som er avla fram med grunnlag i det gamle norske saueslaget. Sauene som opphaveleg var i Nord-Europa, var forholdsvis små med kort hale, farga to-lags ull, med grov ytterull og horn.

Kjelde: Wikipedia, Norsk Sau og Geit og Store Norske Leksikon

Kva er ein god fell?

Her er kjenneteikna på ein god fell hos spælsau:

  • Tydeleg todeling av botnull og dekkull
  • Lang, mjuk og glansfull dekkull
  • Vesentleg kortare og finare botnull
  • Utan uønskte fibrar

Kjelde: Norsk Sau og Geit

God ull i lupe: glassklare, jevne fibre

Marghår: kvit streng inni håret

Daudhår

Stikkord denne saka: , ,