Bv40_leiar

Om vi likar å definera Rogaland som Matfylket, kan vi ikkje i like stor grad hevda at kystfylket Rogaland er særleg omfattande når det gjeld skog. Berre to prosent av samla skogareal her i landet er å finna i Rogaland. Men potensialet i høve til jordsmonn og klimatiske tilhøve synar ei stor oppside. – Produksjonsevna for skog i Rogaland er dobbel i høve til snittet i resten av landet, sa Fylkesmannen i Rogaland, Magnhild Meltveit Kleppa, då ho innleia på seminaret Arealbruk i ei grøn framtid, i Gjesdal tidlegare i haust.
I førre nummer av Bondevennen kunne du lesa om Klimaskogprosjektet og styresmaktene sin strategi for å motivera grunneigarar i Rogaland til å plante skog på areal som ligg brakk, og som er i ferd med å gro att. Førebels er det sett av 15 millionar kroner som tilskotsmidlar i eit treårig pilotprosjekt, der målet er å gjera avtalar om planting av 3000 dekar skog. Dei som vil planta får utgiftene dekt av Staten, som ikkje gjer krav på å få pengane att når skogen blir hausta etter 70-100 år. Tinglysing skal sikra at klimaskogen får stå fram til han er hogstmogen.
Det er ikkje vanskeleg å finna skeptiske røyster med gode argument. Beiteentusiasten Magnus Søyland frå Gjesdal meiner at Rogaland heller bør bruka meir tid og pengar på å rydda beiteland, bygga gardsvegar, utnytta den rike tilgangen på husdyrgjødsla og henta nitrogenet frå lufta med å så kløver i beita. Skogen bør stellast og utviklast i dei delande av landet der det er skog frå før, meiner han, og held fram at røffare klima og fleire orkanar vil gjera nyplanta skog i Rogaland om til pinneved. Han syner også til dårlege prisar på trevirke og lita lønsemd med skog i høve til beite.

Sterke meiningar er flott. Slik får vi opp temperaturen i debatten om tiltak å møte den globale oppvarminga med. Vi kan lika det eller ikkje, men klimaendringane blir eit stadig viktigare tema, også for oss som står planta rundt om på våre lokale flekker med matjord her på Vestlandet. Tiltak er naudsynte også her, sjølv om tiltaka kan virka symbolske, med liten effekt i det store biletet.
Forskarane i FN sitt klimapanel meiner at grensa for kva verda kan tola av global temperaturstiging, før klimaendringane kjem ut av kontroll, er maks to grader innan år 2100 i høve til referanseåret 1850. På klimatoppmøtet i Paris vart landa samde om å arbeide for å avgrensa temperaturstigingane til 1,5 grader.
Norge er plikta til å bidra med å redusera utsleppet av klimagassar. Mindre CO2 i atmosfæren fører til mindre global oppvarming. I tillegg til dramatiske reduserte utslepp av klimagassar, blir karbonfangst og karbonlagring ein del av løysinga framover. Her er skogen avgjerande viktig.

Det hjelper ikkje med internasjonale avtalar i Kyoto og Paris, eller med klimaforlikavtalen i Stortinget om ikkje dei ambisiøse måla blir fylgde opp. Planting av produktiv skog på nye areal, eller å erstatta viltvaksande attgrodde areal med gode CO2 – bindande treslag er gode miljø- og klimatiltak der fotosyntesen bidreg til å rydda opp etter oss.
Så kan vi gjerne slå fast at sjølv om kvar einaste kvadratmeter med areal i Rogaland hadde blitt planta med Norsk Gran, ville klimaeffekten vore ein dråpe i havet, eller ein kvist i skogen, i høve til det som trengst. Ein illustrasjon kan vera å hevda at det globalt er behov for ein milliard hektar med skogplanting. Den norske delen, der ein reknar at vi står for ein promille av verdas utslepp av klimagassar, tilsvarar 10 millionar dekar med skog.
Tala og utfordringane er gigantiske. Det handlar ikkje om økonomi, men om våre barnebarn si framtid. Vi heier på klimaskogprosjektet i Rogaland. Mat- og beitefylket Rogaland toler godt planting av 3000 dekar med klimaskog.

Sjur Håland