KVA ER EKSTREMVÊR, og kva er den nye normalen? Mengda nedbør over landet denne sommaren gir grunn til undring og har tilført samtala om veret eit nytt alvor.
Prognosane er kjende. Midt i styrtregnet er det vanskeleg å fatta, men sjølv her på det vassjuke Vestlandet, bør me sko oss for ennå meir nedbør i framtida.
Er me godt nok budde på det som kan koma?

LANDBRUKET GLOBALT har kunna utvikla seg til det overflodsproduserande systemet me kjenner til, takka vere ein periode på åtte tusen år med relativt stabilt, globalt klima. Matproduksjon, byar, tettstadar og industri har blitt etablert der det var grunn til å tru at sivilisasjonen ville bli ståande. Forsikringsbransjen, som lever av å spekulera i uvisse, har operert innafor desse relativt føreseielege ramane.
Mykje tyder på at denne nådefulle perioden går mot slutten.

LANDBRUKET VIL, i likskap med alle andre samfunnsområde, truleg oppleva store endringar framover som ein konsekvens av endra klima. Bonden kjem til å måtte gjera ei rekke tilpassingar. Produksjonsplanlegging, investeringar og plassering av driftsbygg må gjerast i lys av den nye klimarisikoen. Krava til kostnadskrevjande, førebyggjande tiltak frå forsikringsbransjen vil kunna bli strengare, og premiane høgare. I verste fall kan særs utsette område blir for dyre å forsikra.

MJØLKEBILAR OG PARTI med moden frukt som stoppar opp, slik tilfelle har vore under flaumane på nordvestlandet, er døme på korleis leverandørlinjer og næringsmiddelindustrien kan få utfordringar om vegen rasar ut eller blir sperra. Enorme summar står på spel.

NEDBØRSREKORDANE avteiknar no også eit anna dramatisk forhold som storsamfunnet må ta på største alvar. Med berre tre prosent dyrkbar jord vil kvar kubikk mold som blir ført vekk med elva, bokstaveleg tala undergrava føresetnadane for eigen matproduksjon. Mykje av matjorda vår ligg i dalføre som er, eller kan bli utsette for flaum.

Å SETTA SI LIT TIL stadig meir import av mat-og fôrråvarar frå område av verda som alt kjenner effektane av hasardiøs agronomi og klimaendringar sterkare enn oss, er uansvarleg politikk. Vern av matjord må ha høgaste prioritet, også i klimasamanhang.

DEI STORE FLAUMSKADANE i Sogn og Fjordane og andre stadar, er eit tydeleg signal om at mykje flaum og skredførebyggjande arbeid står att. Dei openberre behova for kartlegging og førebyggande tiltak blir diverre ennå forseinka av mangelfull koordinering og utveksling av data mellom til dømes NVE og Nibio.

ME KAN IKKJE føresei eitkvart klimascenario og utviklingstrekk nøyaktig. For at bonden skal kunne klimatilpasse matproduksjonen best mogleg, er det likevel viktig å redusera uvisse og risiko så godt det let seg gjera.

TIL DØMES kan betre vassdragsregulering bidra til å senka farten på vatnet der det no fossar ut over proppar i infrastrukturen, over asfalt og utbygde område. I Noregs Bondelag blir det snakka om behovet for ein slags naturskadekommisjon etter modell av havarikommisjonane. Eit slikt ekspertorgan kunne samle oversikta over naturskader ettersom dei skjer, og nytte kunnskapen som grunnlag for forsking og rådgjeving styresmaktene vonleg ville lytte til. Dette er ein god idé. Dei siste flaumane aktualiserer behovet for betre oversikt og offentleg koordinering.

EIT AV DEI SMARTASTE klimatilpassingstiltaka meir har, er å ta vare på matjorda. Jorda må prioriterast og kartleggast betre, særleg den i dalføra. Nye agronomiske idear om karbonlagring i jord, lik dei professor Dag Jørund Lønning omtalte i førre utgåve av Bondevennen, må prøvast ut. Me har ikkje råd til å lata vera.

MYKJE BLIR SAGT OG SKRIVE om klimaendringane, men politikarane og mange andre planlegg for framtida, som om dei ikkje finns. Veret i sommar er ei blaut påminning på kor uklokt det er.

Bothild Å. Nordsletten