GLIMT FRÅ SAUELANDET Noreg hausten 2017: Lager proppfulle av sau. Forbrukarar som likevel ikkje finn korkje lam eller sau i butikken. I oktober er fårikålkjøtet vekk mange stader. Hjå ein slaktar finn me plutseleg eit lammelår til 600 kroner. Kilobetalinga til bonden for ein sau er samstundes nede i fire kroner – i nokre tilfelle under krona. For å få bukt med overproduksjonen har det blitt gitt frysefrådrag til dei som vil kjøpe frå reguleringslageret. Engrosprisen på sau er sett kraftig ned. Båe tiltak blir finansiert gjennom omsettingsavgifta til ein førebels prislapp til bøndene på 40 millionar kroner. 400 tonn sau går på billegsal til utlandet, inkludert 120 tonn til u-landet Afghanistan. Det er tapt inntektspotensial for norske bønder – og det ser ikkje godt ut.

NATIONEN SKAL HA honnør for å ha sett den urolege marknadssituasjonen for sau på dagsorden dei siste vekene. Saka har ulma under overflata lenge. Den måtte eksplodere, for overproduksjonen er soga om ein varsla skandale.

ULIKE SAUE-FORA på nettet kokar av skuldingar, påstandar og frustrasjon. Kven er svarteper? Kven tener på stoda? Kva kan gjerast?

VEL, ALLE PARTAR må gå i seg sjølv. Landbruksministeren kunne lytte til faglege råd, så vel som til stortingsfleirtalet, og stagge investeringsstøtta til nybygg via Innovasjon Noreg. (I følgje Nationen har han meir tru på å endre slaktetilskotet eller husdyrtilskotet.) Nortura kunne vore flinkare til å fremja lam og sau som heilårsmat. Kjedane kunne køyrt smartare kampanjar oftare. Bøndene kunne ha vore meir atterhaldne og lukta lunta då alle byrja å satsa samstundes. Og så vidare.

PÅFØRING AV SKULD og skam er ein naturleg del problemanalysen, – men så må noko skje. Til sjuande og sist er det ingen andre enn spekulantane i daglegvarehandelen og liberalistiske politikarar som tener på den pressa marknadssituasjonen. Stoda er uakseptabel, men går ikkje over av seg sjølv. Korleis løyser me floka?

Å HÅPE AT MARKNADEN og politikken vil kunne legge til rette for fullt føreseielege forhold i sauenæringa er nyttelaust. Balansen mellom tilbod og etterspurnad blir sjeldan perfekt. Men så lenge folk framleis vil ete raudt kjøt, bør følgjande tiltak prøvast ut – som eit minimum: Bøndene kan, slik leiaren i Rogaland Sau og geit oppmodar til her i Bondevennen, redusera produksjonen med fem prosent. Styreleiaren i Sau og geit, Kjell Erik Berntsen, har alt gått føre og reduserer paringa av påsettlam frå 80 til 50 dyr. Skal tiltaket ha nokon effekt må dei fleste sauebønder, gjera tilsvarande. Vil dei det?

SÅ HAR NORTURA framleis ein jobb å gjera på produktutviklingssida. Det går for treigt. Med verdas beste råvare burde det vera mogleg å skapa fleire populære produkt. Lammekjøtdeig burde vera kvardagskost året rundt. Og lammepølsa burde for lengst ha gitt grillpølsa hard konkurranse hjå Narvesen og andre som sel mat i farta. At daglegvarebransjen spelar ei avgjerande rolle i å fremja sau og lam er opplagt. For kva er vitsen med produktutvikling om forbrukaren ikkje finn vara i butikken?

GLIMT FRÅ SAUELANDET Noreg 2018: Nortura-bilen svinger inn på torget, opnar luka og tilbyr eit breitt utval av prima norske kjøtvarer i alle tenkelege stykningsdelar og kvalitetar. Kundane har fått SMS-varsel og strøymer til. Sjåføren får direkte tilbakemelding om kva dei likar og ikkje, og om kva som står på ønskelista. Inga kjedemakt. Berre direkte, effektiv og kostnadssparande avsetting av bonden sine produkt. Høyrest det fjernt ut? I Danmark er slike salskanalar ikkje uvanleg. Meir bortreist enn dagens marknadssituasjon for norsk sau er det iallfall ikkje.

Bothild Å. Nordsletten