Staten og bondeorganisasjonane er i gang med førebuingane til årets jordbruksoppgjer. Etter fire blå år er nok mange bønder utolmodige etter å skapa ny politikk, ikkje berre forsvara eksisterande ordningar. I kva grad det komande oppgjeret gir rom for nytenking, er høgst usikkert.

Overproduksjon i mest alle produksjonar utgjer ei stor utfordring for bøndene som ynskjer inntektsauke. Marknadssituasjonen i år gjer det vanskeleg å auka målprisane. Ymse formar for produksjonsregulerande tiltak blir truleg eit mykje debattert tema utover våren.

Ei av dei større uløyste sakene som heng att etter handsaminga av jordbruksmeldinga i fjor, er spørsmålet om inntektsmålet. Alle parti var samde om eit mål som reduserer inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper. Det var også semje om at god marknadstilpassing og produktivitetstilpassing ville vera ein føresetnad for inntektsdanninga. Det ein derimot ikkje vart samde om var i kva grad gapet skal reduserast prosentvis eller kronemessig, og om kva overproduksjon skal ha å seia for inntektsutviklinga og storleiken på inntektsrama.

Regjeringspartia, Venstre og KrF erkjente i næringskomitéen på Stortinget 25. april at «Inntektsnivået i jordbruket varierer betydelig mellom bruk, men er gjennomgående lavt». Nyare tal frå SSB stadfestar at landbruket kjem dårlegast ut i løns-og inntektsstatistikken.

Det kan godt vera at kravet om kronemessig lik inntektsutvikling no kjem opp att. Eit nytt parlamentarisk grunnlag gjer saka ekstra spanande. Partia som i fjor gjekk inn for det – Sp, Ap, KrF og SV – har no fleirtal på Stortinget. KrF får mykje merksemd som jokeren for tida, så også i denne kabalen, men det er ennå ukjent om partiet sine nye representantar deler forgjengarane sine haldningar. Den uvissa heng òg ved andre opposisjonsparti, til dømes Arbeiderpartiet.

Bondeorganisasjonane gjer difor klokt i å ikkje gå for hardt ut mot staten og gamble med brot. Det er ikkje garantert at opposisjonen står så samla som ein kunne ynskje, dersom oppgjeret hamnar i Stortinget. Likeeins gjer staten klokt i å koma med eit musikalsk tilbod, all den tid opposisjonen også kan velja å halda fast på semja frå fjor, og opne budsjettsekken.

Det er brei politisk semje om inntekt både som mål og det viktigaste verkemiddelet for å nå andre landbrukspolitiske mål – rekruttering inkludert. Når no pilene for norsk økonomi i tillegg peiker klart oppover, er det ingen grunn til at ikkje dei som lagar maten skal få like god inntektsutvikling som andre og at gapet mellom dei blir redusert. Bøndene fortener det.

Bothild Å. Nordsletten