4. desember small det i norsk svinenæring. Mattilsynet sine sterke bilete av vanskjøtte grisar kom i media og sette straks svinenæringa i Rogaland, inkludert dei som driv godt, i eit særs dårleg lys.

Reaksjonane har vore sterke. Fleire forklaringar på dei dårlege forholda har blitt presentert: Personlege tragediar. Stort produksjonspress. Økonomisk skvis. Ein viltrare grisetype. Tidspress.

Einskilde personlege tragediar har det vore. Ytre faktorar, som den landbrukspolitiske strukturen, utgjer kanskje også bitar av biletet. Men når mediastormen og spekulasjonane har løya, står ei ubehageleg erkjenning att: Svinenæringa i Rogaland har eit haldningsproblem. Ryktet om «cowboykultur» i delar av fylket, med stor produksjon og verdsmeisterfart i svingane, er kanskje meir enn berre laust snakk.

Alvoret i orda frå Mattilsynets Odd Ivar Berget til svinebønder samla på Undheim i førre veke, er ikkje til å misforstå. – Eg har tidlegare sagt at ‘dei fleste driv bra, men det er nokre få som øydelegg for dei fleste.’ Det har eg slutta å seia. Det er for mange slaktegrisprodusentar som driv for dårleg.

Svinenæringa skal ha ros for måten krisa har blitt handtert etter at den oppstod. Sjølvransakinga er for lengst i gang og produsentmøta er fylde til trengsel av bønder som ynskjer å læra og å ta grep, seinast i regi av Norsvin på Undheim. Det lovar godt.

Men det er framleis til å undrast over – korleis kunne det bli så gale? Det er forståeleg, men inga god orsaking, at den einskilde bonde kan bli husblind på eigne produksjonsforhold. Men heile apparatet rundt bonden – rådgjevarar, veterinærar, slaktebilsjåførar? Er dei vakne nok? Eller har landbruksmiljøet blitt så lite, dei menneskelege banda så tette og grisehusa så lukka at det er for vanskeleg å påpeika openberre regelbrot på garden?

Det er oppsiktsvekkjande å observera kor elementære forhold Norsvin og Mattilsynet finn det naudsynt å måtte informera røynde produsentar om. Nok strø og rotemateriale. Reinhald. Daglege tilsyn. Rett sjukestell. Korrekt avliving, i tide. Om ikkje bonden ser dette sjølv, om desse tiltaka er vanskelege å gjennomføre, så har næringa eit større kompetanseløft framfor seg.

Dyr har rett på godt stell, punktum. Når dyrevelferd er i ferd med å bli eit konkurransefortrinn i mat- og daglegvarebransjen, må bonden rekna med å bli sett meir i korta av storsamfunnet. I dag kjem det innsynsbegjæringar frå privatpersonar, dyrevernsorganisasjonar og media på nær sagt alle utgåande brev frå Mattilsynet i dyrevelferdssaker. Merksemda utgjer eit ris bak spegelen, som både svinebønder og andre produsentar må forholda seg til i endå større grad framover.

Tilsynskampanje på slaktegris i Rogaland varer truleg til april. Når Mattilsynet omsider offentleggjort statistikken, bør den vise at 4. desember 2017, dagen det small, var eit vendepunkt for næringa.

Bothild Å. Nordsletten