image description

 

MAT OG HELSE ENGASJERER. Tabloide framsideoppslag i Osloavisene fortel dagleg om samanhengane mellom mat og helse. Matintoleranse har fått auka omfang og merksemd. Pressa set dagsorden, og vi let oss påverka av kva som seiest å vera sunt.
– Forbrukarane er bekymra for dei langsiktige verknadane av giftstoffa i naturen og hormonforstyrrande og andre tilsetjingsstoff i den industrielt framstilte maten. Vi vil ha ei korrekt merking og vil ikkje bli lurt, sa administrerande direktør i Forbrukarrådet, Randi Flesland, under Bioforskkonferansen på Hamar i sist veke.

BEKYMRINGSNIVÅET til Forbrukarrådet blei kraftig justert ned av representantar frå Mattilsynet, NHO Mat og Landbruk og Trygve Eklund, sistnemnde med doktorgrad i mikrobiologi og professorkompetanse i næringsmiddelindustri.
– Folk treng ikkje vera bekymra, vi er på rett veg, ja, industrimat er trygg. At folk går rundt og er bekymra, er den største bekymringa, var omkvedet.

PROBLEMSTILLINGANE omkring trygg mat er komplekse og viktige, både for landbruket og forbrukarane. Her er det felles interesse og mål. Samanhengen mellom helse og trygg mat må behandlast med det største alvor. Kvaliteten på maten må bygge på vitskapeleg dokumentasjon i alle ledd, frå jord til bord. Tillit til, og forbrukarpreferanse for norskprodusert mat er truleg den viktigaste konkurransestrategien til norsk landbruk.

PROBLEMATIKKEN rundt antibiotika og resistente bakteriar har vi truleg berre sett byrjinga på.
– Vi skal ikkje ha antibiotikaresistente bakteriar i norskprodusert mat, og føreset at bruk av narasin i fôret blir kutta ut, sa representanten for forbrukarane, med adresse til utfordringa i kyllingproduksjonen. Heller dyrare og trygg mat, sa Randi Flesland. Etter at Mattilsynet friskmeldte svinenæringa for MRSA-bakteriane, har næringa fått eit pusterom, men det må likevel kjempast med alle middel, på alle frontar, for å halda ein god helsestatus i alle husdyrproduksjonane.

MÅTEN MATEN er produsert på, med stor merksemd på dyrevelferd, har ein eigenverdi, og er ein del av biletet med å bygga tillit til norsk matproduksjon. I plantedyrkinga er det fokus på restmengder av plantevernmiddel. Enn så lenge er motstanden mot å ta i bruk genmodifisert plantemateriale godt politisk forankra.

UTFORDRINGANE med å produsere rein mat kan bare møtast med sterk innsats i forsking og rådgjeving, gode kontrollrutinar og kompetente bønder som ikkje blir tvinga til å ta snarvegar grunna ein pressa økonomi og krav om effektivisering.

DET BØR VERA SJØLVSAGT at maten som blir levert av bonden til matindustrien beheld reinleiken gjennom foredlingsprosessen. Det er avgjerande for haldninga til den industrielt framstilte maten at Mattilsynet og fagfolk generelt så sterkt, på objektivt grunnlag frontar tillit til at maten er trygg.
Vi har likevel sans for Randi Flesland si oppmoding om å styra etter føre var-prinsippet. Ho åtvarar mot å la seg overstyre av kjemikalieindustrien. For som ho sa; det blir feil om pengane går framfor forbrukarane.

 

Eirik Stople