Etter mest ti år på beddingen er forslag til høyringsutkast til nytt gjødselregelverk sendt til politisk handsaming. Med forslaga til innstraming av spreieareal er det duka for dragkamp mellom jordbruket og styresmaktene.

Av alle jordbruksområde som blir påverka av eventuelle nye reglar, står Jæren i ei særstilling. Matfatet med den høge husdyrtettleiken produserer store mengder gjødsel. Meir spreieareal er knapt å oppdriva.

Utkastet frå Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Mattilsynet inneber ei kraftig skjerping av krava til mellom anna fosforbruk og spreieareal. Direktorata kjem med kvart sitt forslag til kor store spreiemengder som kan tillatast. Dei er likevel samde om at spreiearealskravet skal trappast opp frå dagens fire daa per gjødseldyreining (GDE) til fem, over dei neste fem til sju åra. Etter det skal kravet skjerpast til seks daa per GDE. Målet er å redusera mengda tilført fosfor frå dagens nivå på 3,5 kg per daa per år, ned til 2,5 kg (Landbruksdirektoratet) eller 2,1 kg (Miljødirektoratet) per daa per år.

Konsekvensen av dette kan bli dramatiske. Blir utkasta vedtatt må jærbonden anten redusera talet på dyr eller finne nye kanalar for avsetting av gjødsla. Følgjene kan bli alvorlege, ikkje minst for dei som nyleg har investert i auka produksjonskapasitet. Ironien vil å så fall ikkje vera til å oversjå: Bønder som har tatt styringssignala om strukturrasjonalisering og vekst, får med eitt svi for å ha blitt for store. Dyktige bønder som oppnår store grasavlingar kan også bli rama. I nokre tilfelle treng dei meir fosfor enn dagens spreiearealgrense tilseier – ikkje mindre.

Dei nye spreiearealskrava er neppe meint som den nasestyvaren dei blir oppfatta som. Truleg er dei heller eit signal om at lågutsleppsmål og sirkulærøkonomiske prinsipp er i ferd med å materialisera seg i lovverk og praksis. Direktorata ynskjer å legga til rette for bruk av gjødsel i biogassanlegg og å opna for meir bioøkonomisk innovasjon. Dette bør landbruket stilla seg positive til. Samstundes vil næringa med rette etterspørje eit solid fagleg grunnlag om dei skal godta endringar som så til dei grader snur opp ned på kvardagen på garden.

Dei nye reglane legg opp til like fosforgrenser for alle, uansett avlingsnivå eller kor i landet graset blir dyrka. Det å kunna dokumentere den faktiske avlingsmengda og næringsinnhaldet i fôret som blir hausta, ville legitimera gjødselbehovet på ein langt betre måte enn dei nye, fastlåste fosforgrensene.

Husdyrgjødsla er bondens gull. Ennå hamnar for mykje av gullet som forureining til luft og vassdrag. Dette er også dårleg utnytting av ein verdifulle ressurs. Det er på høg tid å ta tak i problemet. Spørsmålet er om dette utkastet til regelendring gir det beste svaret. Og ikkje minst: Kva konsekvensar vil mindre gjødsel og færre dyr ha for målet om auka matproduksjon på norske ressursar?

No ventar ein viktig høyringsrunde. Den vil neppe gå stille føre seg.

Bothild Å. Nordsletten

Share This