GNISSINGANE mellom bøndene i Rogaland og Mattilsynet har ridd landbruket i fylket som ei mare i ei årrekkje, og ser ut til å ha toppa seg dei siste månadane etter at Mattilsynet varsla om særskild merksemd mot slaktegrisprodusentane i fylket.
– Eg har null tillit til Mattilsynet, sa ein svineprodusent nyleg til Bondevennen. Vedkomande er ikkje åleine om den haldninga.

MISTRU OG RYKTEFLAUMAR rår grunnen hjå svineprodusentane i fylket, og bønder Bondevennen er i kontakt med torer ikkje å stå fram med namn i frykt for å koma på Mattilsynet si «liste», eller bli «tekne» av Mattilsynet. Situasjonen er uhaldbar, uverdig og går på folkehelsa laus. Det er på høg tid å gjera eit nytt forsøk på å rydda opp.

MATTILSYNET er eitt statleg forvaltingsorgan som blant mykje anna er sett til å sikra forbrukarane trygg mat og å sikra god dyrevelferd gjennom blant anna Lov om dyrevelferd. Det kan oppi all støyen vera verdt å minna om at Mattilsynet er ein viktig alliert i ei tid der stadig færre i samfunnet kjenner landbruket og der ulike dyrevernorganisasjonar med ekstreme synspunkt får stadig større rom. Mattilsynet har med andre ord også ei rolle som forsvarer av dyrevelferda og norsk matproduksjon mot stadig sterkare pressgrupper ute i storsamfunnet.

GOD DYREVELFERD er ei æressak, ein nøkkelfaktor for økonomien på bruket og ein sjølvsagt del av bondelivet for dei fleste. Dei som ikkje har dyrevelferda i orden treng ein korreksjon eller ein strengare reaksjon frå Mattilsynet for å koma på rett spor. Årsakene til dei steile frontane kan vera mange. Yrkesstoltheita blir sett på prøve når varsel om vedtak frå Mattilsynet blir formidla. Sterke kjensler er i sving. Det kan gå ei kule varmt, men høfleg framferd og tydeleg kommunikasjon må ligga til grunn. Hjå begge partar. I ein artikkel i dette nummeret av Bondevennen kan du lesa at Mattilsynet sine folk alt for ofte blir møtt med skjellsord og aggresjon, og trakassering i etterkant. Dette er heilt uakseptabelt. Bonden er ein sjølvstendig næringsdrivande med pliktar og ansvar. God folkeskikk er grunnleggjande.

HOVUDARGUMENTET MOT Mattilsynet sine inspektørar er at det i nokre tilfelle kan sjå ut til at dei har for lite kjennskap til praktisk husdyrproduksjon og det verkelege livet ute på gardane. Ein inspektør må skjøna at ein drikkenippel kan gå tett og at det går nokre timar før det blir oppdaga. Ein slaktegris kan bli akutt sjuk og bli liggande på gjødselarealet mellom to stelleøkter. Ein binge med trivelege slaktegrisar om kvelden kan sjå heilt annleis ut morgonen etter, dersom berre ein av grisene har blitt hekta på halebiting, noko som kan skje sjølv om dyra har rikeleg med rotemateriale. Inspektørar må evna å utøva fornuftig skjønn i slike tilfelle.

BØNDENE I ROGALAND er kjente for å vera handlingsdyktige og raske til å tilpassa seg endringar. Korleis kan det då ha seg at vi i dag ser ut til å vera lengre enn nokon gong frå eit landbruk som har akseptert Mattilsynet som ein naturleg profesjonell part å førehalda seg til? Kva er det som har ført til at røynde bønder med lang fartstid stikk seg vekk når det rullar ein framand bil inn i tunet?

FINNS DET EIN UKULTUR på eine eller andre sida må det ryddast opp i. Løysinga i konflikten ligg ikkje i utlufting gjennom sleivspark og ryktesverting på sosiale mediar. Frykt, mistru og vantrivsel er signal som bøndene sine eigne organisasjonar må ta på største alvor. Kommunikasjonen mellom bøndene og Mattilsynet må prioriterast og styrkast. Ei breitt samansett og gjerne permanent møteplattform mellom Mattilsynet og rogalandsbøndene bør på plass for å etablera felles forståing og tillit. Til beste for både dyrevelferda og velferda til bøndene.

Rogaland Bondelag må gjerne ta initiativet. No.

Sjur Håland