Norsk landbruk produserer for tida for mykje mjølk, svin, egg, kylling, sau og lam. Rykta om komande overproduksjon også av storfe har svirra ei stund, og kan ikkje forteiast. Stoda er urovekkjande.

Nye jordbruksforhandlingar står for døra. Det undergrev legitimiteten til landbruket, og krava frå næringa, dersom bøndene over tid ikkje klarar å ta sin del av ansvaret for å oppretthalda ein grei balanse mellom tilbod og etterspurnad. Sagt med andre ord – det ser ikkje bra ut dersom landbruket peisar på og produserer noko marknaden ikkje treng, eller ikkje vil ha.

For all del, dårlegare avsetting for til dømes sau og lam dei siste åra er ikkje berre bøndene sin feil. Ansvaret kviler òg på produktutviklinga i Nortura og ikkje minst på skuldrene til daglegvarekjedane. At butikkane i aukande grad blir fylt av utanlandske landbruksvarer – produkt som kunne og burde bli laga i Noreg – gjer ikkje stoda betre.

Trass i dette, er det mykje som tyder på at tida er komen også for landbruket – og den einskilde bonde – til nøye å vurdera eiga rolle i utviklinga som har gitt oss slik overflod.

Det er gildt og viktig når bønder satsar og investerer i nye bygg og produksjonar. Og det er positivt at underskotet på ammekyr no minkar. Samstundes må me unngå å koma dit at eit overskot av mjølk frå høgtytande kombikyr blir erstatta av eit overskot på storfekjøt. Ifølgje Bondelaget kom det berre i fjor 300 nye ammekuføretak, kvar med eit snitt på 24 kyr. Veksten ser ut til å ha tatt av, godt hjelpt av millionane frå Innovasjon Norge. Faren er at satsinga kan enda i ei hard landing, dersom trendane i retning større omsyn til klima og helse, fører til redusert etterspurnad etter kjøt. Blir risikoen for at så kan skje, vurdert grundig nok?

Ein imponerande produktivitetsvekst, kombinert med liten vekst i marknaden, har alt svekka økonomien i svinenæringa. Er tida igjen komen for svinebøndene til å vurdera ei form for frivillige reguleringstiltak? Spørsmålet er høgaktuelt også for sauebøndene. Tilskota til særleg dei store sauebruka, har stimulert til auka produksjon dei siste åra. Historiene om avrekningsprisar ned mot absurde null kroner, er vel kjende. Norsk Sau og geit og Bondelaget oppmoda i fjor bøndene om å redusera påsettet. Det blir interessant å sjå kor mange som har bidrege til dugnaden, når lemminga startar. Andre moglege strategiar for å få bukt med overskotet kan vera innføring av produksjonskvotar per gard, eller, endå strengare, å redusera tilskota. Er me komne dit no?

Overproduksjon er dyrt. Bøndene tek sjølv reguleringskostnaden gjennom omsettingsavgifta som dekker pristap når det blir for mykje av det gode. Overproduksjon gjer det også vanskelegare å auka målprisane. Det gjer bondens økonomi mindre føreseieleg. Og det er dårleg for klima.

Volumtenkinga i landbruket nører opp under den situasjonen me no er i. Den har ei usolidarisk side ved seg: dersom alle skal produsera maks med stadig større effektivitet og kapasitet, blir det ikkje mange bøndene att til slutt. Er det dit me vil? Me er på veg. Dette må me snakka om.

 

Bothild Å. Nordsletten