LEVANDE FAGMILJØ i distrikta inneberer at fagfolk og institusjonar, bønder som byråkratar, er aktive også utover eigne fagfelt. Det held lite om alle har nok med seg sjølv. Sogn og Fjordane, Agder, Hordaland eller Rogaland. Tettbygd eller grissgrendt. Naboskap og samarbeid betyr verdiskaping, trivsel og vekst. At eit tett og godt fungerande fagmiljø er alfa og omega for landbruket, er gammalt nytt. Nettverksbygging er ikkje eit moderne fenomen. Den eldgamle tradisjonen med klyngetuna er ein høveleg illustrasjon på kor livsviktig det var og er med samhald, samvirke og nærleik.

EIT ANNA DØME er alle dei lokale mobiliseringane som har funne stad dei siste konserndrivande tiåra for å behalde lokale landbruksverksemder som meieri, slakteri eller handelslag. Og når til dømes eit landbrukskontor i ein kommune blir føreslege slått saman med ein annan kommune for å skipa effektiviseringsvinstar, blir det gjerne sjau. Sentralisering smakar ikkje godt ute i distrikta, det er argument Senterpartiet har fått meiningsmålingsmedhald for den siste tida.
Vi treng å ta vare på nettverka våre.
Det finst mange paradoks og nok å raljera med etter at Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB) på Jæren midtvegs i juni melde at dei flyttar frå landet til byen. Vi skal vakta oss vel for å tynga det pedagogiske flyttelasset med billege poeng om urbanisering av bygdeutviklarar, som heller burde halde seg til grasrota på Særheim. Vi vel heller å uttrykka forståing. Høgskulen har truleg gjort eit fornuftig val med omsyn til praktiske utfordringar, som å leggja til rette for å vera tilgjengelege for kollektivtransportavhengige studentar og å vera synlege samfunnsaktørar med godt eigna fasilitetar. Det gamle Serigstadbygget i Bryne sentrum blir ein god arena i så måte.

FLYTTEMELDINGA FRÅ HLB kom ei dryg veke før kommunestyret i Time kommune på Jæren, rett før sommarferien, samrøystes vedtok at Bryne skal vera den nye jordbrukshovudstaden i Norge. Det har siste tida også blitt jobba iherdig for å få Landbruksdirektoratet til å etablera seg i Rogaland, gjerne på Jæren og på Bryne. Nærleik til verdikjeda og stor verdiskapingseffekt, er blant argumenta som blir brukt. Ny adresse til Landbruksdirektoratet får vi truleg ikkje presentert frå departementet før etter sommarferien.
DET ER IKKJE GITT at samlokalisering og fagklynger gir den venta vinsten. På Særheim i Klepp er fleire landbruksbaserte verksemder samla. Ikkje under eitt tak, men i ei klynge og under ein paraply som heiter Rogaland Landbrukspark SA. Eirik K. Hobberstad er ein av dei som har følgt prosessen og sett potensialet i å samla sterke aktørar på ein plass, men som i dette nummeret av Bondevennen konstaterer at både Vinterlandbruksskulen på Jæren og HLB pakkar saman og flytter frå klynga. Han meiner at kraftsenteret på Særheim er i ferd med å smuldra opp. Det bør vera eit varsku.
Framtida vil visa om Hobberstad har rett. Vi håper at Rogaland Landbrukspark med alle sine samarbeidspartnarar og medlemmar vil utvikla seg vidare. Ei utvikling i rett leid føreset aktiv deltaking og samarbeid frå alle partane.
For det har som kjent lite føre seg å ha ein nabobonde buande eit steinkast eller to frå eige tun om ein ikkje utnyttar alle dei positive høva naboskapet gir.

Å INVITERA Landbruksdirektoratet til Rogaland blir meiningslaust dersom ikkje den eventuelle flyttinga blir følgt opp lokalt med aktiv samhandling med fagfolka og ressursane som følgjer med. Det er ikkje nok for eit kommunestyre å erklæra Bryne som jordbrukshovudstad utan å ha ein gjennomførbar strategi på kva utnemninga skal bety i praksis. Og, det er ikkje gitt at Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling blir ein framleis suksess med å flytta frå ei klynge til ei anna.

SAMHANDLING og verdiskaping er meir enn kloke ord og gode intensjonar. Det kan bønder med gode naboar fortelje alt om.

Sjur Håland