HADDE DET IKKJE VORE for aktiviteten i lokale bondelag, 4H-klubbar, bygdekvinne-, og bygdeungdomslag hadde samfunnet vårt vore litt mindre og litt skjørare.

I DESSE DAGAR samlast røynde og ferske lagsrepresentantar til årsmøte. Her går dei gjennom året som gjekk, og legg planar for det som kjem. Det er kaffi, vaflar, fagleg påfyll – og ikkje minst val av nye tillitspersonar. Hatten av og applaus for dei som seier ja til verv, ansvar og seine arbeidskveldar!

DET ER STAS NÅR rekneskapen er i balanse, arrangementa har vore godt besøkt og når leiinga har fått gjennomslag hjå kommunen eller oppover i eigen organisasjon. Samstundes er effekten av den innsatsen som tusenvis av eldsjeler utfører kvar dag mykje større enn det som kan lesast av ei årsberetning.

GRASROTARBEID PÅ frivillig basis, alt frå kaffikoking til skriving av politiske høyringsuttalingar, er samfunnsbyggjande: Når folk kjem ut or stovene og samarbeider om felles interesser, om så berre på ein vanleg tysdagskveld, skapar det samhald og tillit. Når ein person tek på seg eit verv, følgjer det med ansvar og innsikt i korleis samfunnet og politikken blir forma – og kan påverkast. Lagsarbeid, årsmøta inkludert, utgjer ein viktig føresetnad for det opne, tillitsfulle og deltakande demokratiet me har.

REFORMPOLITIKKEN og utviklinga i landbrukspolitikken dei siste åra, er eit døme på kor viktig det er at folk og organisasjonar følgjer med og seier ifrå når dei meiner det ber i feil retning. Krafta i distriktsopprøret og bøndene sin motstand mot den blåblå linja, kjem ikkje av seg sjølv. Det held ikkje berre å dela ut «likes» eller sinte fjes på sosiale medier. Lagsarbeidet er viktigare enn nokon gong.

DÅ ER DET LITT TRASIG å registrera at både bondelag og ymse bygdeorganisasjonar, trass iherdige forsøk, har trøbbel med å rekruttera folk til leiarverv. Me vonar at dette vil snu. Vel har verda blitt travlare og samfunnet blitt meir individualistisk, men det finns også trendar som går i retning av meir samarbeid og deling. Den norske dugnadsånda er langt frå daud.

«DET FINNS IKKJE NOKO samfunn. Det finns bare individuelle menn og kvinner og det finns familiar». Ein av dei kaldare fråsegnene i moderne, politisk historie tilhøyrer den britiske statsministeren Margaret Thatcher. Påstanden er feil, eller, ho hadde neppe Noreg i tankane. Men det finns land med langt mindre grad av samfunn enn hjå oss. Land med store økonomiske skilnadar, politikkutforming utan offentleg innsyn, kua medier og svake, isolerte folkelege organisasjonar.

ME ER IKKJE DER, ikkje på langt nær. Men me kan ikkje ta den levande grasrota vår for gitt. Den må nærast og styrkast med stadig nye folk, idear og handlekraft.

HUGS DIFOR Å HEIA på dei tillitsvalde. Sjølv når dei gler seg over eit meiningsfullt verv, ber dei ei bør for oss andre. Konsekvensen, dersom ingen stiller opp og tek ansvaret, er eit daffare, skjørare samfunn – og den børa må i tilfelle alle bæra.

Bothild Å. Nordsletten