FEMTI KYR, FIRE UNGAR, beite i tre kommunar og lån på sju millionar? Ja, og så jobb ved sida av, sjølvsagt. Og to tillitsverv.
I Bondevennen skriv me ofte om veldig travle bønder. Bønder som står på vekker entusiasme. Arbeidsgleda inspirerer. Men litt andpusten kan ein spørja seg: kva tid kviler dei eigentleg?
For bønder er strengt tatt på jobb 24 timar i døgnet. Ansvaret og innsatsen som krevst for å driva gard tilseier at dei burde ha meir fri enn ein del andre yrkesgrupper, med forsterka ordningar for avløysing.

NOKO SLIK VIL IKKJE regjeringa vera med på. I den nye jordbruksmeldinga er det i staden for gjort framlegg om å avvikla tilskot til avløysing ved ferie og fritid. Framlegget har naturlegvis møtt stor motstand frå næringa.
Regjeringa viser til at dagens tilskot, som blir rekna ut på grunnlag av dyretalet, ikkje alltid blir nytta til ferie, når bonden har avløysar. Regjeringa ynskjer difor å overføra avløysartilskotet til husdyrtilskotet. Slik skal bøndene sjølve kunne avgjera kva dei vil nytta pengane til, då dokumentasjonskravet for utgifter til avløysar vil forsvinna.

TANKEN OM Å FÅ VELJA SJØLV er rimeleg nok, men avløysartilskotet eksisterer ikkje i eit vakuum. Norske landbrukstjenester (NLT) peiker med rette på kor viktig det er å sjå ordningar for avløysing ved ferie og sjukdom, og landbruksvikarordninga, under eitt. Svekking av éi ordning kan føra til reduserte tenester i andre ordningar.
For framlegget i meldinga kan gjera det vanskelegare for bønder med dårleg økonomi å prioritera ferie og fritid. Særleg gjeld dette yngre bønder, eller dei med behov for å investera. Nett dei som jobbar ekstra masse. Utan god etterspurnad etter avløysarar kan det bli utfordrande for NLT å oppretthalda den beredskapen som nok, og kvalifisert arbeidskraft utgjer ved akutt sjukdom eller krise.

AVLØYSARJOBBEN ER GJERNE den første yrkeserfaringa folk har i næringa. For rekruttane inneber dokumentasjonskravet og tilskotsordninga ordna arbeidsforhold, rettar og skikkeleg løn. Næringa er uroa for at regjeringa sitt framlegg vil kunne føra til meir sosial dumping i jordbruket. Og kven vil velja eit yrke med dårlegare sosiale ordningar enn andre? Ei svekka avløysarordning lovar ikkje godt korkje for rekruttering til næringa, for bondens eiga velferd eller for familiejordbruket.

SOLIDE AVLØYSARORDNINGAR er også viktig for dyrevelferda. Ein sliten bonde utan regelmessige besøk i fjøset, kan i verste fall koma inn i ein vond sirkel med slums i dyrestellet og aukande motvilje mot besøk. Stadige friske blikk på bruket er viktig for å avverja tragediar. Ja, avløysartilskotet er komplisert å forvalta. Og ja, det blir ofte ikkje nytta ved ferie. Men tilskotet er i seg sjølv eit positivt velferdssignal, ein veldig byråkratisk måte å oppmoda bonden om ta fri på.

REGJERINGA ER TRAVELT OPPTATT med å forenkla forvaltinga. Avløysartilskotet bør dei lata i fred. Eller styrka.

Bothild Å. Nordsletten