PÅ LISTA OVER saker som landbruket prioriterer og diskuterer glimrar som oftast ein heilt vesentleg føresetnad for matproduksjon med sitt ufortente fråvær. Med unnatak av i frukt og grønt-bransjen, snakkar nesten ingen om insekta.

EI REKKE NYARE rapportar gjer det no klart kvifor småkrypa må på dagsorden – og det raskt. For ei rekke stadar er dei nemleg i ferd med å forsvinne. Ein studie gjort i 63 tyske naturreservat syner ein reduksjon i insektmengda på 75 prosent sidan 1989. Sommarstid var nedgangen oppe i 82 prosent. Tala er høgst urovekkjande. Andre studiar viser samstundes korleis pollinering av mat-og fôrplanter blir dårlegare grunna færre bier og humler. Også talet på fuglar og andre dyr som lever av insekt, går ned.

ÅRSAKA? Ein skjebnesvanger miks av moderne landbruk, kjemikaliar, tap og oppstykking av leveområder, og klimaendringar. Me er i ferd med å gjera det stilt og sterilt rundt oss. Dave Goulson, professor ved universitetet i Sussex og ein av ekspertane bak den tyske studien, kallar det som skjer eit økologisk armageddon (dommedag). Til BBC seier han: «Om me mister insekta, kollapsar alt.»

FOR INSEKTA ER NAVET i økosystemet. Eit fåtal typar er rett nok alvorlege skadegjerarar på avlingar i jordbruket. Men nokre, slik som bier og humler, gjer direkte godt ved å pollinera matplanter, styrke frøsetting og laga honning. Andre igjen bryt ned gjødsel og organisk material og bidreg slik til utveksling av næringsstoff. Dei fleste krypa svirrar berre rundt i si meir eller mindre dokumenterte rolle i det store spelet – før dei endar opp i magen på nokon eit hakk høgare i næringskjeda. Men no knakar det altså i navet.

HELDIGVIS ER IKKJE stoda i Noreg så alvorleg som andre stader, seier Frode Ødegaard, ein av våre fremste insektkjennarar, til Bondevennen. Han presiserer samstundes at hola i kunnskapen er store og at fleire studiar må til. Ødegaard er uroa over tap av leveområde, og tek til orde for ei storstilt endring av landskapet, der både bønder og styresmakter må bidra.

TILTAKA ER IKKJE GRATIS, men kjende og enkle: Kantsoneplanting av insektvenlege planter. Ivaretaking av ville restområde. Mindre bruk av kjemikaliar.

EI ERKJENNING av at me ikkje er aleine på planeten og at me ikkje har kontroll på alt, er truleg også eit viktig utgangspunkt for kursendring. Sagt med den amerikanske bonden og forfattaren Wendell Berry sine ord: «… den store faren med oss, er at me, låste i vår sjølviske og nærsynte økonomi, har vore villege til å endra og øydelegga hinsides evna vår til å forstå. Me er ikkje audmjuke nok, eller ærbødige nok.»

DEI FLESTE BØNDER ønskjer å overlata garden til neste generasjon i ein betre stand enn det den var i, då dei sjølv tok over. Det er på tide å tenkja nytt om kva og kven denne kloke målsettinga skal omfatte. Skal den ha noko reell meining, må det heretter handla om meir enn nybygg og oppgradert teknologi. Det må også handla om å trygge levevilkåra for den neste bonden sine myldrande, mållause medhjelparar: insekta – den mest avgjerande botnlinja.

Bothild Å. Nordsletten