«FIRARBANDEN», frustrerte bønder og tilsyn som gjekk galt. Bondevennen har tidlegare skrive om mistillit og konflikt mellom bønder og særleg Mattilsynet. Diverre finn me grunn til å gjera det igjen. For me høyrer stadig vitnemål om taktlause inspektørar, gardbrukarar som spring i kjellaren ved synet av ein framand bil i tunet, og om svært dårleg kommunikasjon mellom partane. Historiene stammar ofte frå Jæren, men i kva grad forholdet mellom offentlege tilsyn og bønder er surare i denne regionen enn i andre, er usikkert.

UANSETT – ME BURDE ha kome lengre i 2017. Det å få tilsyn burde vera heilt greitt, noko ein ikkje grudde seg svevnlaus til. Slik er det heldigvis mange som har det. Men ikkje alle. Kvifor?

NOKRE BØNDER steller ikkje dyra sine godt nok. Dermed bryt dei både lova og tilliten som storsamfunnet har til dei som matprodusentar. Det er eit trist, og uakseptabelt faktum. Desse bøndene uroar seg med rette for å bli avslørt. Så har me den store gruppa bønder som driv skikkeleg, men som likevel kjenner ubehag når Mattilsynet og andre tilsyn står i gardsrommet. Dei kan fortelja om mindre feil som blir blåst ut av proporsjonar av regelryttarar med korte sosiale antenner – folk som burde blitt på kontoret. I somme tilfelle rår det også uvisse om regelverket. Kan tilsynet eigentleg ta seg til rette på bondens private eigedom? På ein laurdag? I kva grad må bonden akseptera at tilsyn forstyrrar privatlivets fred? Kjensler kjem i kok, orda høgg – og konflikten er etablert.

I EI STØRRE SAK i denne utgåva av Bondevennen gjer me eit forsøk på å forklara det grunnleggande regelverket som gjeld for offentlege tilsyn på garden. Legg merke til Mattilsynet si oppmoding om å ta kontakt og til å nytta klageretten meir aktivt. Førebels får tilsynet svært få klager. Tyder det at alt er såre vel? Ingenting ville vore betre, men det er neppe tilfelle. Me oppmodar alle bønder som meiner seg utsett for urett og dårleg oppførsel, til å klaga. Det kan vera lurare enn å bita uretten i seg og surmula på bygda.

MATTILSYNET STILLER også opp på fag- og produsentlagsmøte. Om målet er betre kommunikasjon og tilsyn som flyt lettare, kan det vera ein god idé å invitera dei ved første og beste høve. Og gjerne igjen, om det må til.

DET FAKTUM AT Bondvennen ikkje finn bønder som vil stilla opp med historia si i frykt for å hamna på Mattilsynet si «liste» over dei som skal «takast», seier sitt om ein vedvarande, uhaldbar situasjon mellom næringa og tilsynsvesenet. Alle involverte partar bør gjera sitt for å finne ei snarleg løysing på stoda.

Bothild Å. Nordsletten