MED SÅ GODE RÅVARER som me har, kvifor er ikkje mangfaldet i hyllene større? Har me mista evna til å tenkja nytt?

LAT OSS KALLA DET Kraftkar-paradokset. Frå talarstolen skryt alle med greie på mat og landbruk av osten frå Tingvoll på Nordmøre, som har blitt kåra til verdas beste. Samstundes har vel dei færraste av oss smakt den. Og det skuldast ikkje berre det vesle meieriet sin kloke strategi om ikkje å veksa inn i himmelen. Likeeins med anna prima lokalmat. Gjennom media kan ein få inntrykk av at det vrimlar av kortreist-utsal overalt. Det gjer ikkje det. Ei heller er daglegvarekjedane sine påståtte satsingar på lokale- og nisjeprodukt lette å få auge på.

VISST FÅR DU TAK I KRAFTKAR og andre heilnorske delikatessar, om du berre vil. Poenget er at mange av oss må reisa langt, og med lupe, for å finna dei. Dei særprega, lokale produkta, dei med eigennamn, adresse og ei historie, druknar ofte i den veksande mengda av kjedane sine eigne merkevarer (EMV), eller blant preglaus importvare av usikkert opphav.

I FØLGJE EI FERSK undersøking frå Sentio meiner 87 prosent at norsk mat er trygg og held høg kvalitet. 80 prosent er villege til å betala meir for den. Dette er, som administrerande direktør i Norsk Landbrukssamvirke, Ola Hedstein påpeiker, ei massiv tillitserklæring til alle som jobbar med norsk matproduksjon.

SVARET HINTAR OGSÅ om potensialet for eit rikare mangfald av norske produkt: Spanande nyskapningar som kan bidra til endå meir matentusiasme, som i sin tur kan opna døra for ennå fleire eigne matskattar.

AT NORSKE VOLUMPRODUKT er trygge og gode, må ikkje bli ei sovepute som sløvar frisk nytenking. For innovasjon er ikkje å putta Solo i bolla, eller bolle i Solo’en, slik Randi Flesland, direktør i Forbrukerrådet, sa det i ein debatt under Arendalsveka. Og det er grenser for kor mykje ein kan småfiksa med Norvegia’en før det berre blir trist.
Ikkje eit vondt ord om Norvegia, men den milde osten blir som ein langvarig ektefelle – alltid der, føreseieleg, og etter kvart ikkje så spanande. Skal kjærleiken haldast ved like, trengs litt piff i ny og ne, gjerne i form av ein, ja – Kraftkar.

POTENSIALET FOR INNOVASJON og verdiskaping er openbart. Ta mjølka. Mjølkebonden får betalt for prestasjonen det er å levera elitemjølk. Kunden i butikken, derimot, kjøper ein kartong mjølk, og anar ikkje om den er elite, frå NRF på bås, Jersey eller ei Vestlandsk raudkolle på seterbeite. I Sverige får du no eiga mjølk frå lausdriftskyr, i Danmark sel dei jersey-mjølk og mjølk frå såkalla urku og i fleire andre land har salet av grass-fed mjølk tatt av. Til fine prisar. Kvifor ikkje i Noreg?

TA KJØTET. Bonden får trekk eller tillegg ettersom korleis skrottane rangerer i EUROP-systemet. Av dette lagar Nortura ei mengd flotte produkt, nokre spesialmerke inkludert. Samstundes er potensialet for å differensiera mellom andre kvalitetar, som mørningsgrad og intramuskulært feitt, langt frå uttømt.

TRE MEKTIGE KJEDAR påverkar sjølvsagt kreativiteten og satsingsviljen i norsk matproduksjon. Rema, Norgesgruppen og Coop avgjer innhaldet i handlekorga. Kampen om hylleplassen er nådelaus. Når styresmaktene ikkje evnar å avgrensa makta deira, er det kanskje på tide for samvirka å gjera som ei mengd standhaftige lokalmat-og nisjeprodusentar har gjort. Tenka nytt. Bryta ut, skipa eigne slakteri-og meieriutsal og slik reisa samvirke-kjerringa for det norske matmangfaldet. Det er på høg tid å leike med tanken, iallfall.

Apropos mangfald: Denne veka lanserer Bondevennen «Moldrok», ei spalte der kjende og nye namn skal skriva så det ryk om mold, mat og landbruk.
God lesnad.

Bothild Å. Nordsletten