DET ER STORT trykk på jorda om dagen, på alle måtar. Den mørke massen som gir oss vårt daglege brød er i trøbbel. Rett nok kan ho ikkje seie det med ord, men signala er likevel tydlege. Saftige hjulspor etter dryge maskinar på stadig blautare jord, næringsfattige beiter og ikkje minst flaum. Treng me tydlegare tale?

DIGRE TRAKTORAR har lenge prega marknaden, og har, ikkje minst, vore eit symbol på status. Bøndene skal rekke over store areal med større reiskap, og investerer i ein gild traktor til jobben. Samstundes som jordbruksskulane deler ut lærdom om jordpakking. Utviklinga frå jordarbeid med hest til dagens maskinpark har vore rivande, og trykket på jorda har auka i takt med nyvinningane. Sett i perspektiv var bøndene skeptiske til Gråtassen som kunne føre til stort marktrykk, då den kom etter den andre verdskrigen. I denne historia er jorda den konstante stadig meir flatpakka faktoren.

FELLESKJØPET kan rapportere om auka etterspurnad etter lettare traktorar med betre og breiare hjul eller maskinar med beltedrift. Bondevennen har ved fleire høve skrive om lettare alternativ til maskinparken. Likevel er det usannsynleg at fleirtalet av bøndene vil kutte store maskinar og arbeide fleire timar. Eit landbruk drive av færre hender med aukande effektivitetskrav vil ikkje tilbake til Gråtassen.

NATUREN HAR ALLTID siste ordet. Menneska kan stake ut ønska kurs, men lite hjelp det med ein diger traktor på ei eng dekka av vatn. Etter ein ekstremt blaut haust legg regjeringa i fo rslaget til statsbudsjettet opp til kutt i bevillingane til flomsikring. Det er planlagt å kutte 43 prosent i overføringane til NVE, Norsk vassdrag- og energidirektorat. Spørsmålet er: Klarer me å ta inn over oss at klimaendringar krev handling?

SKYLAPPANE må fjernast for å møte nye utfordingar. Endring mot eit blautare og meir ekstremt klima har vore varsla lenge. Tida er inne for å ta dette inn over seg for både bonde, maskinseljar og styresmakter. Framtida vil truleg vere prega av ein lettare maskinpark som er betre rusta for fuktig jord.

ME SKAL IKKJE tilbake i tid, men eit mål om å spele på lag med jorda er ikkje å forakte. Det er på tide å sleppe taket på håpet om at alt vil bli som før, og førehalda seg til verkelegheita. Råd frå dei eldste i landbruket kan vere nyttige å ta med seg på vegen. Eg vil dele eit råd frå læraren eg hadde i faget traktor på skulen: Husk å redusere lufttrykket i hjula på traktoren når du skal drive med jordarbeid. Det enkle kan ofte vere bra.

Jofrid Åsland