DET ER VEL SJELDAN ordet «direktorat» vekkjer særleg entusiasme, men nett no har det faktisk den effekten på politikarar og landbruksaktørar i Rogaland. Regjeringa ynskjer nemleg å flytta om lag 1000 statlege arbeidsplassar ut frå Oslo, blant dei Landbruksdirektoratet med sine drygt 200 tilsette. Steinkjer i Trøndelag er den einaste staden som konkret er nemnd i planarbeidet, men regjeringa er pålagt å greia ut minst tre alternativ for kvar utflytting.

ROGALAND HAR DIFOR kome på banen. Fylkesordføraren, fylkesmannen og alle ordførarane, i tillegg til ei rekke einskilde aktørar, løftar no fram fylket sine fortrinn, i håp om å lokka direktoratet vestover.

DET SKORTAR IKKJE på gode argument. Rogaland er det viktigaste jordbruksfylket i landet. Ingen andre stader blir det produsert meir mat enn her. Fylket husar landets leiande matproduksjonsmiljø med over 4000 landbruksbedrifter, store foredlingsmiljø og den største næringsmiddelklynga knytt til jordbruket, i Hå kommune. Dei lokale produksjonsmiljøa, industrien og FoU-sektoren samarbeider tett.
At Stavanger-regionen har langt færre statlege arbeidsplassar enn andre storbyregionar, blir også påpeikt.  Det er nok av høgt kvalifisert arbeidskraft som kan overta dei nye jobbane – arbeidsplassar som det hardt prøva oljefylket treng. Og frå Sola flyplass kan byråkratane susa til møter i inn og utland. Ei eventuell flytting av direktoratet vil neppe få så mykje å seia for bøndene i det daglege, anten dei driv i aust eller vest. Men for eit statleg organ som skal kjenna landbruket, følgja utviklingstrekka i verdikjeda og bygga kunnskap i lag med næringa og anna forvalting, er det neppe ei ulempe å vera tettare på det aktive jordbruksmiljøet, enn det direktoratet er i Oslo.

I FRAMTIDA SKAL ME skapa fleire verdiar ut av jord og hav. Rogaland har måtte starta omstillinga meir akutt enn andre fylke. Som andre stader står også landbruket i Rogaland overfor store endringar i tida som kjem. Og ting er i ferd med å skje. NIBIO på Særheim styrkar forskinga på grovfôr. Det blir satsa på biogass frå husdyrgjødsel. Superkokkane i Stavanger kokkelerar med lokale luksusråvarer frå hav og hei. Felleskjøpet Rogaland Agder har Skandinavias største kraftfôrfabrikk og skal snart bygga ut. Fruktdyrkinga på Hjelmeland tek seg opp att. Miljøgartneriet i Hå er eit av Nordens mest miljøvenlege gartneri takka spillvarme og CO2 frå Tine-meieriet like ved. For å nemna noko. Rogaland er full av guts.

DET ER SJØLVSAGT EIT PARADOKS at det grøderike Rogaland med Jæren i spissen, framleis har eit svakare matomdøme enn Trøndelag og skrinne Røros. Her har gode lokale krefter endå ein jobb å gjera. At Rogaland også tronar øvst på lista over dei fylka som bygger ned mest matjord, er ei rein skam for landbruksimaget. Desentralisering av landbruksdirektorat vil ikkje løysa desse utfordringane. Men det kan bidra, gjennom å løfte kompetansen, merksemda og medvitet om landbruket som ei hovudnæring i Rogaland, på Vestlandet og for eit Noreg, på veg inn i ei vonleg grønare framtid. Tidspunktet for desentralisering og maktspreiing er rett. Landbruksdirektoratet bør ligga nærmare sitt eige faggrunnlag. Rogaland bør bli den nye landbrukshovudstaden.

Bothild Å. Nordsletten